Støv på skjermen

Av | 1. desember 2016

Omtrent i den tidsperioden hvor de norske internett-mellomlagenes performative moralske anfektelser mot Halloween legger seg, for så å nesten umiddelbart å gli over i performative moralske anfektelser rettet mot kjøpepresset på Black Friday, pleier noen å klage på årets julekalendre på TV. Mest minneverdig ble det i fjor, da NRK kunngjorde at de ny-klassiske julekalendrene… Les mer »

Danmark: …og så var dei tre

Av | 22. november 2016

Når det stundar mot valkamp i Danmark heiter det gjerne at «luften skal rænses». Det er kodeord for at regjeringas parlamentariske fleirtal er truga, ikkje sjeldan av at det har komme til eit nytt parti. Ny Alliance ville manøvrere seg inn i Dansk Folkepartis (DF) posisjon i 2007, og statsminister Anders Fogh Rasmussen (Venstre) måtte… Les mer »

Danmark: Stormer som skal komme

Av | 17. november 2016

Det finst nokre budsjettavtalar det går gjetord om mellom politiske nerdar av ein viss alder. Kvar var du då du fekk vite at Det Konservative Folkepartis (K) leiar, Hans Engell, hadde gått bak ryggen på Venstres (V) Uffe Ellemann Jensen og tinga statsbudsjett med Poul Nyrup Rasmussens sosialdemokratisk-radikale regjering i 1995, kan dei til dømes… Les mer »

Danmark: DF er ikkje usårleg lenger

Av | 29. oktober 2016

Eg var i det lengste skeptisk til om saka om feilaktig bruk av EU-midlar kom til å bli ei reell hovudpine for Dansk Folkeparti. Sjølvsagt var det ugreitt at nettet snørte seg kring gullguten Morten Messerschmidt, EU-parlamentarikaren med nær ein halv million (!) personrøyster i førre EU-val, men var det ikkje helst slik at ingen… Les mer »

Danmark: Å stige i det stille

Av | 10. oktober 2016

Lesaren lyt bere over med at eg innleier endå ein artikkel med ein parallell til norsk politikk, men ein kjapp skisse (48:15) av den aktuelle politiske situasjonen i grannelandet frå kommentatoren David Trads gjorde freistinga for stor: Trads greip fatt i at opposisjonspartiet Socialdemokratiet for tida aukar på meiningsmålingane, samstundes som det medvite legg fram… Les mer »

Danmark: Draumen om «det blokklause samfunnet»

Av | 17. september 2016

Frå venstre til høgre kappast danske politikarar no om å skildre tidsalderen med klar oppdeling mellom ei venstreside («raud blokk») og ei høgreside («blå blokk») som eit leivn frå fortida. Enhedslistens Pernille Skipper erklærte ei blokk av Socialdemokraterne (S), Socialistisk Folkeparti (EL), Radikale Venstre (R), Enhedslisten (EL) og Alternativet (A) for daud tidlegare i år.… Les mer »

Danmark: Viss dei aller rikaste er viktigast

Av | 8. september 2016

Skattestriden i det borgarlege Danmark minner om ei vidgjeten scene0 frå ein kandidatdebatt i den republikanske presidentnominasjonsvalkampen i 2011. Programleiaren ville vite om kandidatane kunne gå med på eit kompromiss der dei fekk ni dollar i kutt for kvar dollar som gjekk til nye offentlege investeringar. Den underliggjande premissen var at ei slik gåve måtte… Les mer »