Om pressestøtte og «statsservile» aviser

Av | 5. juli 2013

Det kan godt vere at eg græt for, om ikkje mi sjuke mor, så for mine eigne frukostvaner, men kor som er: Det råka meg meir eller mindre rett i ryggmergen då kulturminister Hadia Tajik (Ap) denne veka gjekk ut og åtvara mot at mediemagfaldet kan kome under press med ei ny Høgre/FrP-regjering. Dei to høgrepartia har gjort framlegg om kutt på mellom ein tredel og nær to tredelar i pressestøtta til lokalaviser og riksdekkjande, meiningsberande aviser. Det kan innan få år tyde betydelege økonomiske problem for meir enn femti lokale aviser, og ei sannsynleg nedleggjing av tonegjevande riksaviser som Vårt LandNationen, Klassekampen og Dagsavisen. Kall meg gammalmodig eller privilegert mellomklasseaktig, eller kva som helst; eg frys uansett på ryggen berre ved tanken.

Då eg for fire år sidan sa meg usamd i spådommane frå kommentariatet om at Erna Solberg kom til å klare å halde Siv Jensens største kutt-iver i sjakk i verdikonservative merkesaker, bygde eg det på at vi aldri tidlegare har prøvd ut kva konsekvensane blir om to høgreparti får regjere ilag. Førre val utsette lukkelegvis det forsøket, men no går vi på nytt igjennom ein sommar kor dei raudgrøne må betraktast som underdogs ved inngangen til valkampen. Om analysen min har endra seg, er det i tilfellet med pressestøtta i meir pessimistisk lei. Der kutt i pressestøtta tidlegare var noko Høgre helst ikkje snakka høgt om, har dei no sendt ut sin kanskje dyktigaste kulturpolitikar, Olemic Thommessen, for å forklare kvifor det nygamle konservative folkepartiet gjerne ser at støtta til aviser som slit blir trappa ned. I forhandlingar mellom Høgre og FrP er ikkje spørsmålet om det blir kutt i støtta, men kor stor kutta blir.

Før vi går vidare, skal vi for balansens skuld leggje til at både Høgre og FrP seier seg usamde i at deira politikk har som føremål å, eller nødvendigvis vil føre til, at medier blir lagt ned. Thommessen insisterer på at nedtrappinga skal skje gradvis, og at ambisjonen først og fremst er å invitere aviser til å tilpasse seg ein ny medierøyndom kor lesarane like gjerne vil lese avisa på brett som på papir. Thommessen har såleis køyrt hardt på at hovudelementet i Høgres pressepolitikk er å endre momssatsane, slik at det skjer ei jamstelling mellom trykte og elektroniske medium.

Til alt dette er det mykje å seie: Eitt er at Høgre etter mitt syn verkar overraskande sikre på korleis folks lesevanar kjem til å utvikle seg i framtida. Det er populært å kaste om seg med formuleringar om at lesevanane er i rask endring, og at det difor er uråd å vite kvar utviklinga er på veg, men Høgre læt likevel til å ha bestemt seg for at den einaste medieutviklingsstrategien partiet vil gje støtte til, er ein som bidrar til å flytte publisering frå papir til digitalt. Debatten om momssatsar og likehandsaming er vel verd å ta, men det kunne vore interessant å høyre kva Thommessen tenkjer om i kva grad måten papiraviser blir redigert på kanskje til og med kan bidra med noko som digitalutgåver og nettbaserte medium ikkje er istand til, som Klassekampen-redaktør Bjørgulv Braanen nyleg peika på i si avis. Og då har vi ikkje eingong nemnt at ingen aviser førebels har funne trylleformelen som sikrar liknande inntekter frå nettpublisering og digitalabonnement som papirutgåva trass alt framleis gjev, om enn i mindre omfang enn før.

Men det underlegaste argumentet for å kutte i pressestøtta kom fram i ein radiodebatt mellom Tajik og Thommessen i NRK P2s Kulturnytt tidlegare i veka. Her heldt Thommessen fram som argument at ei nedtrapping av pressestøtta var ønskjeleg for å sikre at aviser ikkje blir avhengige av statlege overføringar. Underteksten var lett synleg. Thommessen hevda i praksis at pressestøtta fører med seg at aviser som tek imot slik støtte blir meir positivt innstilt til parti som er tilhengjarar av pressestøtte, ettersom denne er naudsynt for avisenes eksistens i framtida. Tajik verka lettare perpleks over den underliggjande påstanden, men fekk til slutt spurt om Thommessen verkeleg oppfattar alle aviser som tek imot pressestøtte som “statsservile”. Dette nekta naturleg Høgre-politikaren for, men berre eit halvminutt tidlegare hadde han uttalt at “det er ingenting som heiter ein fri lønsj, og det er klart at redaksjonar som veit at dei er avhengige av mediestøtte, dei vil (…) stø opp under dei partia som vil gje meir pressestøtte. Dette er nokså enkel pedagogikk.” Over kulturministerens forbløffa “wow!” spurde så programleiaren om dette er noko Thommessen veit, eller om det er noko han trur. Svaret ga mest eit inntrykk av at det var eit argument Thommessen hadde kome på under debattens gang: “Nei, dette berre seier eg, [men] dette trur eg faktisk [det] er naturleg å tenkje.”

Sjølv kunne eg helst tenkt meg at avgjerande vegval i pressepolitikk blei forankra i noko litt meir handfast enn “enkel pedagogikk” og kva Olemic Thommessen til eikvar tid finn det “naturleg å tenkje.”

2 tanker om “Om pressestøtte og «statsservile» aviser

  1. admin

    Haakon,

    eg føreset at du syner til nyhendeoppslaget i radio og/eller TV om flyttinga av monteret av VG-monteret. Sjølv om det ikkje har så mykje med denne saka å gjere, så tykkjer eg at nett denne avisutgåva har historisk verdi, fordi den er kjelde til kva nyhende som fekk merksemd på ein elles stille sommardag i Norge. Saka i radio handla uansett om at utanlandske turistar trudde dei såg på ei fersk avis, og det kan ein vel knappast halde imot dei?

    For øvrig får ikkje VG pressestøtte, og dei vil dei heller ikkje kunne få, med mindre ein endrar dagens ordning i retning av lågmoms på alle aviser og støtte til digital publisering.

    Svar
  2. Haakon

    Ja – det er nok ikke Olemic som styrer norsk presse.
    Det er vel heller pressen selv som ikke har klart å omstille seg.

    Eksempel : Intill de siste dagene var VGs monter fra 22. juli avisen fremdeles på plass. I forbindelse med flyttingen ble det en del oppmerksomhet rundt dette og det viste seg at folk stod der av og til og leste avisen enda.

    For – det var om sol og regn og vær. Det var om ferieopplevelser og småsaker. Oppskrifter osv.
    Folk trodde det kunne være dagens avis!!!!

    Og det er klart at når kvaliteten er så bra at det du leser lite gjerne kunne være 2 år gammelt…. da er det ikke mye å ta vare på, er det vel?

    Svar

Legg igjen en kommentar til admin Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*