Ti år med Thorning

Denne veka er det ti år sidan Helle Thorning-Schmidt vart vald til partileiar for Socialdemokraterne etter ei medlemsavrøysting mot tidlegare statsråd Frank Jensen. Under valturneen plasserte dei to kandidatane seg forsiktig langs ein akse med Jensen til venstre og Thorning til høgre, men for røynde observatørar (og Skrivekollektivet) var dei vel så mykje ei vidareføring av den smertefulle fløykampen mellom Svend Auken og Poul Nyrup Rasmussen frå tidleg 1990-tal. På kort sikt vart den viktigaste oppgåva til Thorning såleis å vise at ho kunne stake ut ein sjølvstendig kurs og gjere eit framleis svimmelt sosialdemokrati kampklart mot Anders Fogh Rasmussens Venstre og eit Dansk Folkeparti som sette innvandring høgare på dagsordenen enn tradisjonelle arbeids- og velferdsspørsmål.

Eit tiår seinare diskuterer juryen framleis i kor stor grad Thorning har lukkast. Viss målet var å gjere Socialdemokraterne til eit anna parti enn det var, så er svaret ja. Men viss partiet i tillegg skulle vere annleis enn alle andre parti i Danmark, blir eg meir usikker. Det er ikkje heilt lett å peike på klare skiljeliner mellom Socialdemokraterne og Venstre, sjølv om vi no når vi står på terskelen til ein valkamp. Delen av veljarmassen som ikkje under noko omstende kunne tenkje seg å røyste sosialdemokratisk er kanskje mindre enn før, no som S har tillagt seg ein økonomisk politikk som fører vidare den tidlegare V-regjeringas politikk «i bredeste forstand», og ein innvandringspolitikk som fokuserer på lågare asyltal og strenge arbeidskrav, men spørsmålet er kor mykje kjernesosialdemokrati det blir att å mobilisere for.

Med unnatak for mellomspelet under Svend Auken, har Socialdemokraterne sjeldan vore eit ideologisk parti, og Thorning har styrt komfortabelt vidare i denne tradisjonen. Dagens omfattande reformprogrammet minner om Nyrup-regjeringas «gang i 90’erne»-opplegg, og pragmatismen har gjort det mindre attraktivt for Dei Radikale å skifte side, sjølv om dei no er i gang med ein valkamp kor Socialdemokraternes vektlegging av velferd skal få stange mot partnarens ønskje om skatteletter og bustadskatt. At Socialistisk Folkeparti imploderte og trekte seg frå regjeringssamarbeidet etter knapt to år, har i liten grad påverka biletet av Thorning som regjeringssjef. Når sentrum-venstre styrer, vert løysingane utforma mellom Radikale og Socialdemokraterne, gjerne med sufflørhjelp frå dei borgarlege.

Ti år ut i leiarperioden og fire år ut i statsministertida, kan det såleis hevdast at Thornings prosjekt passer minst like godt til Det Radikale Venstre som til Socialdemokraterne. Sjølv om ho grunnla statsministerdraumen sin på ein (iallfall retorisk) venstreorientert allianse med SF som Radikale kunne slutte seg til om dei ville, har ho gradvis tilpassa seg partnarens røyndomsoppfatning. Då vert Thorning-regjeringa ei kriseregjering, lik Schlüters og Nyrups regjeringar før den. Det viktigaste og edlaste oppdraget er å halde orden i nasjonaløkonomien og freiste å minimere dei negative sosiale utslaga av velferdsreformer og skattekutt. Dessutan lyt ein halde oppsyn med at velferdsstaten (eller var det «konkurransestaten»?) er mest mogleg effektiv, slik at tilliten til den danske modellen kan oppretthaldast.

Nett no er det slutt på fløystrid i partiet. Veljaroppslutnaden peikar forsiktig oppover, og «rød blok» er i ferd med i å iallfall kvalifisere seg til start i den kommande valkampen, der det for ein stund sidan såg til at dei borgarlege hadde vunne på førehand. Men få har måtta arbeide hardare enn Thorning for å etablere sin autoritet som partileiar og statsminister, og klisjeen om at ho skal opp til endeleg eksamen er mogen for revidering. Ja, når folketingsvalet kjem er det veljarane og ikkje sosialdemokratiske partimedlemer som sit med makta over hennar politiske framtid.

I praksis har ho likevel gått opp til eksamen kvar einaste dag i ti år. Ikkje berre grunna spøkjelset Nyrup, men også fordi ho har følgt ei politisk linje som plasserer Socialdemokraterne meir i sentrum enn til venstre. Dei opne og løynde trugsmåla mot hennar leiarskap har vore mange i åras løp. Berre dei siste to åra har ho måtta leve med ein ny Mefisto i eigne rekkjer og ønske frå mange om at ein europeisk toppjobb kunne utløyse leiarskifte. Ein leiar som heile tida må sjå seg over skuldra utviklar gjerne ein litt maktfullkomen stil. Sjølvopphaldingsinstinktet fordrar at ho ikkje kan overlate alt til tilfellet, noko Henrik Sass Larsen, Bjarne Corydon og ei lita krins av nære allierte har tent på. Men no har overlevingsevna i seg sjølv vorte ei kjelde til autoritet. Opposisjonsleiaren Lars Løkke framstår lite statsministeraktig, samstundes som Thorning har prova både for partifellene og Holger Danske at ho er ein naturleg statsminister.

Så kvar står S ved Thornings jubileum? Optimistar kan trekkje parallellar mellom SR-regjeringa og Tony Blairs andre regjeringsperiode i Storbritannia. Etter å ha opparbeidd seg truverd og respekt for økonomisk måtehald, skifta Labour-regjeringa gir og sette eit tydelegare sosialdemokratisk avtrykk på britisk politikk. Eller kanskje det rett og slett er slik at Thornings konsekvente pragmatisme er som det passerer som radikalt (med liten r) i ei tid med globaliseringspress frå alle kantar? Uansett er Thorning ein slik politikar som må vurderast etter evna til å vinne val, mellom anna fordi ho ikkje, som den glasklare ideologen, kan dømmast etter kva permanent gjennomslag ideane hennar har fått. Vinn ho, stengjer ho truleg døra tilbake til eit meir tradisjonelt, klasse- og fagrørslebasert sosialdemokrati bakom seg. Viss ho taper, må Socialdemokraterne derimot (opp)finne seg sjølv på nytt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*