USA: Paul Ryan er ikkje modig

Av | 8. juni 2016

Medan eg skriv dette, kan du lese følgjande overskrift på avisa New York Times si nettutgåve: «Paul Ryan Calls Donald Trump’s Atack on Judge ‘Racist’, but Still Backs Him». Det burde knuse alle illusjonar om at det er noko særskilt heroisk over det republikanarane sin øvste leiar i Representanthuset har sagt om partiets presidentkandidat.

Ja, eg erkjenner at det står respekt av at Ryan kallar Trumps siste utspel om at ein amerikansk-fødd dommar ikkje kan gje han ein rettvis høyring i rettsstellet fordi han har meksikansk opphav, ved dets rette namn, som er rasisme. Ryan seier til og med at utsegnene frå Trump oppfyller «ordboksdefinisjonen» av rasisme. Men for at dette skal kvalifisere til å vere eit imponerande rakrygga standpunkt frå Ryan si side, må vi samstundes leggje lista for anstendig oppførsel og politisk mot så lagt at Trump sjølv får definere begge delar. Det skulle berre mangle om ikkje Ryan hadde gjort såpass, seier no eg.

Og nettopp mangel på avstandstaking har det vore, når Trump frå starten av sin årlange presidentkampanje har basert sin veljarappell på rasisme og fordommar. Allereie i talen der han lanserte kampanjen, omtalte Trump meksikanarar som kjem til USA som «valdtektsmenn». Han vil deportere mange millionar illegale innvandrarar uavhengig av individuelle omstende, byggje ein mur langs grensa til Mexico («it’s going to be very beautiful», får vi vite) og han nyttar ofte skremmebiletet om meksikanarar når han skal grunngje kvifor han er motstandar av frihandelsavtalar. Men dette var openberrt ikkje nok til å halde leiande republikanarar som Paul Ryan eller New Jersey-guvernør Chris Christie frå å uttrykkje støtte til Trump som partiets presidentkandidat.

Trump har dessutan lova å gjennomføre eit mellombels innreiseforbod for muslimar til USA. Eg har vanskeleg for å finne eit meir uamerikansk framlegg i katalogen av ekstreme idear frå Trumps side. Landet som elles, med god grunn, er stolt av sin tolerante religiøse pluralisme, og som til og med blei grunnlagt som frihamn for religiøst forfølgde utvandrarar frå britiske overherredømme, risikerer altså å få ein president som krev ein religiøs lakmustest som vilkår for innreise. Om det var nok til å avskrekke respekterte partiveteranar som Rick Perry (som tidlegare kalla Trump og ein kreftsvulst på konservatisme som ideologi!) eller Bob Dole? Nei, sjølvsagt ikkje. Det ville ha innebore å erkjenne at det finst omsyn som er endå viktigare enn det republikanske partiet valsjansar, og ei implisitt erkjenning av at det kan skje verre ting enn at demokraten Hillary Clinton blir vald til president.

Dette er kanskje det aller mest provoserande med republikanarane sitt opportunistiske tolmod med Donald Trump. Eg er godt nok kjend med det kjenslemessige og politiske aspektet ved partilojalitet til å forstå at slikt kan sitje langt inne, og mange av dagens republikanarar er nærast oppseda til å tenkje på ein president Hillary Clinton som ein opplagt katastrofe. Likevel: Har du erkjent at ditt partis presidentkandidat spreier rasisme, så tek det seg dårleg ut å skjule deg bak at «Hillary Clinton er eit dårlegare alternativ» for å forklare kvifor du framleis stør den ope rasistiske kandidaten. Viss openlys rasisme ikkje er nok, kva skal eigentleg til for at republikanske kandidatar og folkevalde flest trekkjer støtta til Donald Trump?

Berre så du ikkje skal tru at eg gjer meg dummare enn eg er, så kan eg forsikre deg om at eg nett i Paul Ryans tilfelle faktisk korkje forventa eller ventar at han skal gå lina heilt ut. Ryan er for høgt på strå, og for ambisiøs på eigne vegner (han er sjølv ein sannsynleg framtidig presidentkandidat), til det. Men eg er oppteken av at han ikkje skal få ufortent mykje ros for å ha gjort noko som ein eigentleg må kunne krevje av eit kvart anstendig menneske som dessutan ikkje vil svekkje folks tillit til eit uhilda rettsstell.

Ryan var inne på noko då han heldt tilbake si obligatoriske støttefråsegn til partiets førsteval etter at han sto igjen utan motkandidatar i mai. Den rakrygga posituren framsto rett nok mindre heroisk når Ryan gav etter for presset og gav Trump godkjentstempel etter ei tid, utan at Trump hadde endra haldning på noko vesentleg punkt. Då står det større respekt av senatoren Mark Kirk frå Illinois. Javisst, Kirk er i ein vanskeleg valkamp for å vinne attval i ein demokratisk-dominert delstat, men han våger iallfall å utfordre potensielle Trump-tilhengjarar mellom hans eigne veljarar ved å erklære at av samvitsgrunnar ikkje kan røyste på Donald Trump. Det er modigare enn å gjere som Paul Ryan, å ta avstand frå rasismen men ikkje frå rasisten, fordi du er usamd med Hillary Clinton om folketrygd og skattepolitikk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*