Stikkordarkiv: Dansk politikk

Danmark: SVM-regjeringa mister sitt faste fleirtal. Det er berre vekas nest viktigaste politiske hending

Av | 18. november 2023

I september fekk statsminister Mette Frederiksen eit trumfkort å spele ut mot dei i Socialdemokratiet (S) som framleis meinte at ho burde testa det latente sentrum-venstre-fleirtalet etter folketingsvalet, i staden for å skipe ei historisk fleirtalsregjering med den borgarlege erkerivalen Venstre (V) og eks-statsminister Lars Løkke Rasmussens nye parti, Moderaterne (M): Då Theresa Scavenius melde… Les mer »

Dansk politikk slit ut politikarane sine

Av | 7. februar 2023

Å vera politikar er eit hardt liv. Denne setninga kan du knappast skriva utan å verta mistenkt for å meina det ironisk, men for meg er det berre ei konstatering. Til liks med i Noreg har dei i Danmark, så langt eg kan vurdera, i hovudsak politikarar på alle nivå som gjer dei skal og… Les mer »

Venstresida ser etter nye partnarar etter Mette Frederiksens skilsmisse

Av | 9. januar 2023

Det er ikkje berre partia til høgre for det nyslegne sentrumspartiet Venstre – me kan kalle dei «det rest-borgarleg» blokk – som skal terpe nye replikkar når Mette Frederiksen no med mykje møye har fått oppført sjangerhybriden «S-V-M-regjeringa». Framandgjeringseffekten er minst like stor på Socialdemokratiets tidlegare truppefellar i Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten. (Etter denne metaforens… Les mer »

Etter folketingsvalet: Moderaterne

Av | 24. november 2022

Lars Løkke Rasmussen har aldri vore engsteleg for å spele høgt, så lenge den potensielle gevinsten er stor nok. Då han var i ferd med å verta felt som partileiar i 2014 fortelte han utfordraren, Kristian Jensen, at han var klar til å ta ei kampvotering. Den kunne han snøgt ha tapt, men Jensen våga… Les mer »

Etter folketingsvalet: Nye Borgerlige

Av | 14. november 2022

Ved første blikk såg valet ut som endå eit kapittel i suksesshistoria om Nye Borgerlige. Valperioden kor det lukkast partileiar Pernille Vermund å forandre sitt innvandringskritiske liberalistparti frå borgarleg flokks svarte får til uoffisiell leiar av naboutvalet i borgarleg blokk, blei krona med to nye mandat og 3,7% av røystene. Men bak resultatet låg såra… Les mer »

Etter folketingsvalet: Det Radikale Venstre

Av | 8. november 2022

Då ein journalist frå ålmennkringkastaren DR tidleg på valkvelden bad Det Radikale Venstres (dåverande nestleiar) Martin Lidegaard kommentere ei elendig valdagsmåling, svarte han noko slikt som at «me må slutte å møtast på denne måten»*. Det var ein sjølvironisk kommentar til at Dei Radikales oppslutnad i nesten tjue år har følgd ei kurve kor gode… Les mer »

ABC til det danske folketingsvalget 2022: A-Å

Av | 1. november 2022

Den 1. november (i dag!) skal Danmark velge nytt Folketing. I den anledning har Skrivekollektivet laget et hendig oppslagsverk som du kan bruke til å gjøre deg kjent med stort og smått fra de siste årene i dansk politikk. Signaturen –jl er Jørgen Lien. –sol er Stein Ove Lien. A Absolute Music 2. Dansk samleplate fra 1993. Kulturminister Joy Mogensen… Les mer »