Stikkordarkiv: Dansk politikk

Desemberkalenderen: Rohdepine

Av | 20. desember 2015

Kanskje er det ingen grunn til å bry seg med at Jens Rohde, som i mange år var ryddegutt for Anders Fogh Rasmussen i sistnevntes tid som statsminister i Danmark, nå går fra Venstre til De Radikale. Rohde hadde tross alt ingen sentrale tillitsverv, snarere det motsatte: Han sitter i Europaparlamentet, som jeg kalte for… Les mer »

Danmark: Først dagpengane, så alt anna

Av | 9. november 2015

Kan du hugse nokre år tilbake, til tida då Helle Thorning-Schmidts (Socialdemokraterne) sentrum-venstre-regjering etter eiga utsegn gjekk «reform-amok»? Eg veit ikkje om dette er ein permanent tilstand og/eller yrkesskade hjå danske politikarar, men der Thorning-regjeringa kjempa igjennom reform av trygdesystemet, arbeidsmarknaden og folkeskulen, har etterfølgjaren, Venstres Lars Løkke Rasmussen, nett no hendene fulle med ei… Les mer »

Danmark: Enda eit fråfall i SF

Av | 16. oktober 2015

Tidlegare folketingsmedlem Trine Pertou Mach har vore på tale som venstresidas kandidat til leiarvervet i Socialistisk Folkeparti fleire gonger. Då grasrota leitte etter ein motkandidat til Astrid Krag, helseminister og yndlingen til regjerings-SF som etterfølgjar til Villy Søvndal i 2012, takka ho nei. Oppdraget gjekk til Annette Vilhelmsen. Også då Vilhelmsen skulle erstattast ifjor, enda… Les mer »

Danmark: Forsvarsminister Carl Holst går av

Av | 29. september 2015

Det viktigaste som skjedde i dansk politikk idag var framlegginga av Venstre-regjeringas første statsbudsjett, men avgangen til forsvarsminister Carl Holst var utan tvil den saftigaste historia. Den nyvalde folketingsmedlemmen Holst vart henta frå regionalpolitikk til ministerkollegiet som ein av statsminister Lars Løkke Rasmussens våpendragarar, i overført og og meir bokstavleg forstand. Dei som kjenner dansk… Les mer »

Etter folketingsvalet: Alternativet

Av | 16. august 2015

Stortingsvalet i 1973 står som eit hovuddøme på politisk omveltning i det demokratisk-parlamentariske Noreg: Ikkje berre fall oppslutnaden om Arbeidarpartiet med meir enn ti prosentpoeng frå valet fire år tidlegare. EU-folkerøystinga året før hadde dessutan splitta Venstre, og på yttarkanten fekk venstresosialdemokratar, sosialistar og frie kommunistar i Sosialistisk Valgforbund over ti prosent av røystene. Den… Les mer »

Ein månad med Lars Løkke

Av | 26. juli 2015

Den reine Venstre-regjeringa til statsminister Lars Løkke Rasmussen har sete i ein månad. Det politiske Danmark er i sommarferiemodus, men før dei kom så langt, fekk regjeringa prøvd ut føremoner og ulemper ved å vere ei mindretalsregjering som lyt søkje breie kompromiss i Folketinget. Det har gjeve litt varierande samarbeidskonstellasjonar, og dessutan sytt for at… Les mer »

Etter folketingsvalget: Det Radikale Venstre

Av | 7. juli 2015

På valgnatta for tre uker siden holdt Det Radikale Venstres (R) leder, Morten Østergaard, en tale (utdrag) til troppene som bør bli en grunntekst for den som vil studere det avgåtte regjeringspartiets selvforståelse. Det var mer enn indremedisin når partilederen roste aktivistene for en valgkamp hvor Radikale hadde stått fast på det som riktig, godt… Les mer »

Etter folketingsvalet: Liberal Alliance

Av | 6. juli 2015

Liberal Alliances valkamp var ei triumfferd. Partiet som for berre fem år sidan laut setje sin vidare eksistens inn på om leiaren, Anders Samuelsen, fekk plass i bystyret i Horsens eller ikkje, hausta fruktene av mangeårige hardt arbeid for å få danske veljarar til å fatte at liberalar ikkje lenger trong innfinne seg med at… Les mer »