Stikkordarkiv: Folketinget

Danmark: SVM-regjeringa mister sitt faste fleirtal. Det er berre vekas nest viktigaste politiske hending

Av | 18. november 2023

I september fekk statsminister Mette Frederiksen eit trumfkort å spele ut mot dei i Socialdemokratiet (S) som framleis meinte at ho burde testa det latente sentrum-venstre-fleirtalet etter folketingsvalet, i staden for å skipe ei historisk fleirtalsregjering med den borgarlege erkerivalen Venstre (V) og eks-statsminister Lars Løkke Rasmussens nye parti, Moderaterne (M): Då Theresa Scavenius melde… Les mer »

Danmark: Tilbakevend Ellemann er framleis pressa i våpensaka

Av | 19. august 2023

Dei siste åra har vervet som skatteminister vore rekna som den største uriasposten i dansk politikk. Først fordi statsrådane blei skifta ut i høgt tempo, dinest fordi ei katastrofalt mislukka innkrevjingsreform etter kvart gjorde dei til makteslause observatørar medan kreative snytarar frå fjern og nær utnytta ein underbemanna etat til å tuske til seg milliardar.… Les mer »

Danmark: Fortida heimsøkjer Ellemann-Jensen på veg tilbake

Av | 1. juni 2023

Etter å ha vore sjukmeld med ei stressliding i lengre tid, er Jakob Ellemann-Jensen «fast besluttet på» å komme tilbake som forsvarsminister, visestatsminister og Venstre-leiar frå 1. august. Men på pressekonferansen der fungerande forsvarsminister og politisk leiar, Troels Lund Poulsen, sleppte gladsaka, understreka han også at den politiske kvardagen Ellemann-Jensen til returnerer er om mogleg… Les mer »

Dansk politikk slit ut politikarane sine

Av | 7. februar 2023

Å vera politikar er eit hardt liv. Denne setninga kan du knappast skriva utan å verta mistenkt for å meina det ironisk, men for meg er det berre ei konstatering. Til liks med i Noreg har dei i Danmark, så langt eg kan vurdera, i hovudsak politikarar på alle nivå som gjer dei skal og… Les mer »

Danmark: Søren Papes første dag som statsministerkandidat var den beste

Av | 11. oktober 2022

Sidan Søren Pape Poulsen presenterte seg som statsministerkandidat i midten av august, har det meste gått på tverke for Det Konservative Folkeparti. Den politiske kritikken av partiets storslåtte økonomiske langtidsprogram («2030-planen») var til å leve med, viss ikkje direkte ønskjeleg, så lenge den gav ekstra merksemd til djupblå merkesaker. Då var det verre at Ekstra… Les mer »

Snart folketingsval: Alternativet, Frie Grønne

Av | 21. september 2022

Statsvitaren Kasper Møller Hansen kalla si store bok om folketingsvalet i 2019 for «Klimavalget». Skulestreikar og klimabrøl forplanta seg i ei kraftig opp-priotering av klimapolitikken då veljarane skulle ta stilling i valet. Frå venstre til høgre lova partia opptil 70% reduksjon av klimagassutsleppa. I ein uuttalt koalisjon med slitarar på leit etter eit verdig pensjonistliv… Les mer »

Snart folketingsval: Kristendemokraterne

Av | 2. september 2022

Det kvilte eit paradoks stort som eit krater over det såkalla «sommargruppemøtet» til Kristendemokraterne i førre veke, det offisielle startskotet for haustsesongen på Christiansborg: Frå no av er partigruppa i Folketinget nemleg redusert frå ein representant til ingen representantar. Heilt sidan partiet fall under sperregrensa på to prosent ved valet i 2005, har Kristendemokraterne hatt… Les mer »

Danmark: …og så var dei tre

Av | 22. november 2016

Når det stundar mot valkamp i Danmark heiter det gjerne at «luften skal rænses». Det er kodeord for at regjeringas parlamentariske fleirtal er truga, ikkje sjeldan av at det har komme til eit nytt parti. Ny Alliance ville manøvrere seg inn i Dansk Folkepartis (DF) posisjon i 2007, og statsminister Anders Fogh Rasmussen (Venstre) måtte… Les mer »