Det var eit lite steg for Lars Løkke Rasmussen, men eit stort steg for dei historiske langdryge regjeringsforhandlingane at leiaren i Moderaterne endeleg møtte opp til felles forhandlingar med Socialdemokratiet, Socialistisk Folkeparti og Det Radikale Venstre i pinsehelga. Etter at han ein gang for alle avviste å vere fødselshjelpar for ei borgarleg mindretalsregjering med Venstre, Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti saman med Dansk Folkeparti – og etter at Venstre og Socialdemokratiet blankt avviste Løkkes førsteval, ei fleirtalsregjering på tvers av dei tradisjonelle politiske blokkene – hadde han ikkje lenger noko val.
Det selsame med heile prosessen er at denne fireparti-koalisjonen, med støtte frå Enhedslisten og Alternativet, har vore det mest trulege utfallet heilt sidan folketingsvalet for to månader sidan. Løkkes draum om å utvide førre periodes S-V-M-regjering med Radikale Venstre og Konservative er ekstremt risikabel for Socialdemokratiet og Venstre, som allereie fekk juling av veljarane for dei siste tre åras samarbeid. Og det teoretiske borgarlege fleirtalet, som måtte ha femna alle parti frå Moderaterne i sentrum over Venstre, Konservative og Liberal Alliance, til agrarpopulistiske Danmarksdemokraterne og nasjonalkonservative Dansk Folkeparti og Borgernes Parti ytst til høgre, var uregjerleg skjørt også før BP sjølvatomiserte seg.
Det må ein røynd politikar som Lars Løkke ha forstått. Så har dei siste månadene eigentleg vore eit sjakkspel kor han har spelt seg gjennom førehandsoppstilte parti – sonderingar med sentrum-venstre må avbrytast for å signalisere hug etter breie sentrumsløysingar; sentrum-høgre må få sjansen til å mislukkast for å tydeleggjere at sentrum-venstre er einaste farbare veg likevel? Eg tviler på det. Rett nok veit me at moderat-leiaren liker å nytte tid som forhandlingstaktikk, men denne prosessen hatt heilt enkelt hatt for mange uføreseielege innslag. Løkkes plan med å gje Venstre-leiar Troels Lund Poulsen forhandlingsansvaret var at han skulle undersøkje om Radikale og Konservative kunne innlemmast i SVM-samarbeidet. Alt tyder på at Lars Løkke blei teken på senga av at Venstre, Konservative og Liberal Alliance istaden utnytta forhandlingsmandatet til å massere Moderaternes kampsaker inn i eit regjeringsprogram, utan moderat deltaking. Plutseleg handla skuldspørsmålet om at Moderaterne nekta å innkassere ein siger ved å skyve regjeringas parlamentariske avhengnad av Dansk Folkeparti framfor seg.
Teorien om at Løkke hadde ein meisterplan som til slutt uansett skulle ende med ei sentrum-venstre-regjering føreset at han aldri eigentleg kjempa for ei utvida SVM-regjering. Eg unner einkvar observatør av dansk politikk å vere skeptisk til samsvaret mellom Lars Løkkes uttalte ideal og politiske praksis. Han kan skuldast for å ha førespegla veljarane ei regjering han visste var usannsynleg. Det har lenge vore eit ankepunkt leiarplass i borgarlege aviser. Men hovudgrunnen til at resultatet no truleg blir ei sentrum-venstre-regjering, må ikkje nødvendigvis vere at det var intensjonen frå dag ein. Det kan like gjerne vere at mannen i midten undervurderte kor stor uviljen mot ei ny tverrgåande regjering er i Socialdemokratiet og Venstre. Mette Frederiksen gjekk offisielt til val på at ho anten kunne danne ei sentrum-venstre-regjering eller ei ny sentrumsregjering. Men alle valkampløftene peika mot venstre. Analysen i kommentariatet er at det historisk dårlege resultatet avliva ideen om nytt Venstre-samarbeid ein gong for alle. Og i Venstre trekte dei etter alt å dømme same konklusjon. Viss Løkke håpte at press frå næringslivet og det kommunale baklandet skulle tvinge fram ein usett pragmatisme, må han ha forrekna seg.
Veljarar som fekk vite at Moderaterne ville “holde yderfløjerne uden for indflydelse” oppfattar kanskje det at partiet no går i regjering med Enhedslistens godkjenning som eit løftebrot. Men no har Lars Løkke justert grunngjevinga igjen; i valet mellom å vere avhengig av Enhedslisten og Dansk Folkeparti, vel han Enhedslisten. Og dersom han ikkje kan få ei regjering “over midten”, kan han i det minste få ei regjering “med midten.”. Og midten, det er Løkke.
