Vart splittinga mellom Jonas Gahr Støre og Mette Frederiksen i førre veke djupare fordi SFs transportminister er sjukmeld? Svaret på det spørsmålet er truleg nei. Men faktum er at den danske statsministeren prioriterte å halde ein pressekonferanse i København for å presentera Karina Lorentzen som Signe Munks avløysar, istadenfor å fullføre toppmøtet med Alexander Stubb, Jonas Gahr Støre og Ulf Kristersson førre tysdag. Tatt i betraktning kor lite samsnakka (eg unngår medvite uttrykket “koordinert”, som striden om Ukraina-diplomatiet tilsynelatande handlar om) kvartetten framsto etter den finsk-norske framstøyten mot Vladimir Putin, er det rimeleg å spørja om ikkje Frederiksen burde prioritert nordisk koordinering og overlate statsrådsskiftet til SF-leiar Pia Olsen Dyhr. (Det meiner iallfall B.T.-kommentator og podkastar Henrik Qvortrup.)
Bodskapen frå København var likevel alvorleg nok. Signe Munk er sjukmeld med ei stressliding, og trekkjer seg frå posten som distrikts-, bustad- og transportminister. Ho skildrar korleis eit høgt arbeidspress over tid, kombinert med lange pendlarreiser, har gjort henne så utslitt at det er best for alle partar at ho forlet regjeringa. Samstundes understrekar både ho og andre, i og utanfor SF, at dette ikkje tyder at ho er ferdig med politikk. Etter planen skal ho koma attende som folketingsmedlem når helsa er betre.
Det seg dei sin lit til i SF. Signe Munk har dei siste åra vore heilt sentral i arbeidet med å gjera partiet klart for regjeringsdeltaking, og er mellom dei som oftast vert nemnde når det skal lagast oversikter over potensielle etterfølgjarar til Olsen Dyhr som partileiar, gjerne saman med barne- og familieminister Jacob Mark og parlamentarisk leiar, Sigurd Agersnap. Veljarane har dessutan nettopp stadfesta at dei har stor tillit til henne; med nesten 15 000 personrøyster kan ho til dømes måla seg med eit stort namn som sosialdemokraten Magnus Heuinicke i folkeleg oppslutnad. SF har heller ikkje råd til å mista Signe Munk som geografisk og distriktspolitisk breiddehaldar: Busett som ho er på øya Fur, fem timar frå København, representerer ho ei forankring ute i landet som ein ikkje skal undervurdera.
Men stressreaksjonar er ein lumsk sjukdom det kan ta tid å verta friskmeld frå. Det veit Jakob Ellemann-Jensen. Ein vesentleg grunn til at han no er “tidlegare leiar i Venstre” er at han måtte sjukmelda seg etter berre tre månader som forsvarsminister i SVM-regjeringa. Då han kom att fem månader seinare, var det til eit utålmodig parti kor dei politiske snublesteinane som til slutt felte han som leiar alt var lagde ut1. Dei to døma er sjølvsagt ikkje eins; at Signe Munk ikkje er partileiar kunne sikkert ha kjøpt henne litt tid til å ta permisjon frå regjeringa. Men med Ellemann-Jensens politiske lagnad friskt i minnet vart det kanskje mindre freistande å sjå tida an?
Det mest forstemmande er at det politiske miljøet har vore her så mange gonger før. Signe Munks regjeringskollega Jacob Mark (SF) vart så overabeidd at han nesten mista synet for nokre år sidan. Då ho var folketingsmedlem for Det Radikale Venstre var også helse- og kyrkjeminister (…) Ida Auken (S) sjukmeld i lengre tid. “Dansk politikk slit ut politikarane sine”, konstaterte vi i februar 2023, og lista opp fleire døme. Lite tyder på at det er mindre sant i dag.
I innlegget freista eg å skissera nokre potensielle tiltak:
Det har ikkje skorta på ambisjonar om å redusera arbeidspresset; så seint som ved haustsesjonens start i 2021 tok Mette Frederiksen til orde for å «ændre arbejdskulturen på Christiansborg». Fleire endringar er tenkjelege: På regjeringsnivå kunne statsrådane verta styrkte med statssekretærar slik me kjenner frå Noreg. I Folketinget er det openbert trong for å endra praksisen med såkalla samråd, ei mindre forpliktande form for komitehøyring, som tek enormt mykje tid frå både regjeringa og folketingspolitikarane. Ei meir omstridd moglegheit er å auka talet på politiske medarbeidarar i partigruppene. Nokon vil kanskje trekkja fram at kravet om å vera tilgjengeleg for veljarane i den tidvis aggressive debatten i sosiale medium, kan stela både tid og arbeidsglede. Men korleis desse strukturelle problema kan løysast, er eg sjølvsagt ikkje rett mann til å svara på.
I si faste spalte i Jyllands-Posten har Mette Bock, tidlegare kulturminister for Liberal Alliance, ei ganske anna tilnærming. Ho konstaterer at det har vore ei stor belastning for Signe Munk å kombinere familielivet på Fur med arbeidet i hovudstaden. For henne er konklusjonen at statsråden må velje mellom jobben og familien – eller busetje seg meir sentralt.
Det er sikkert akkurat slik systersolidaritet regjeringas einaste distriktsbuar føler ho treng nett no.
Skrivekollektivet ønskjer heller Signe Munk god betring.
1 I sjølvbiografien Udvalgte kolbøtter (2026) skildrar han korleis han mista kontrollen over partiet i fråversperioden. Det galdt ikkje minst forankringa av CO2-avgifta på landbruksproduksjon, eit sakskompleks som framleis martrar Venstre.
