Må alt VG ikkje veit vere løgn?

Av | 8. oktober 2009

Bjarne Håkon Hanssen har bestemt for å forlate regjeringa, og det tyder at Jens Stoltenberg må sjå seg om etter ein ny helse- og omsorgsminister. Heilt uventa er det ikkje, ettersom Hanson ikkje tok attval til Stortinget, men som eit regjeringas sterkaste kort, har ein teke det for gjeve at Hanssen kom til å halde fram om han ville sjølv. Hanssen gjorde heller ingenting for å indikere at han var på veg vekk, og svarte på spørsmål frå pressa om at han treivst i jobben.

Likevel kan eg ikkje fri meg frå ei kjensle av vonbrot for å ha vorte halden for narr, når eit samla mediekorps idag stemplar Hanssens avsløring om sine framtidsplanar som ei løgn. Det er ikkje nødvendigvis løgnaktig å ikkje ville fortelje løyndommar til VG. Hanssen seier sjølv i intervjuet at han heldt avgjerda si løynd for pressa av omsyn til at statsminister Jens Stoltenberg skulle få arbeidsro til å forhandle fram regjeringsplattforma og setje saman ein ny regjeringskabal. Det er ei lojal og forståeleg forklaring, og knappast nokon karakterbrest. Han veit at det ville utløyst ein storm av spekulasjonar dersom han hadde gått ut med meldinga tidlegare, eller kanskje særleg dersom han hadde svart unnvikande på direkte spørsmål. Hanssen hadde mellom annan nokre vesentlege politiske saker han ville presentere først. Han unngår rett nok ikkje at det helsebudsjettet han presenterer i samband med statsbudsjettet neste tysdag vert levert av ein statsråd på oppseiing, men han treng uansett ikkje frykte for at det reduserer utsegnskrafta hans.

Eg vonar og trur at media ikkje vil gjere dette til ein diskusjon om kva ein statsråd har lov til å seie om si eiga framtid, og til kva tid han har lov til å seie det. Det kan vere det kjennest audmjukande for journalistar, eller at dei er vonbrotne over at dei dermed har gått glipp av vekevis med saftige teoriar om kven som skal inn i helse- og omsorgsdepartementet, men det er altså ikkje viktig. Dessutan får dei no uansett setje av omkring ei veke til å spekulere, ettersom ei ommøblering av regjeringa ikkje er venta før kongeleg statsråd neste fredag. Dei utgååande statsrådane får høve til å presentere det dei har oppnådd først.

Men sjølv om medias personfokusering stundom kan vera trøyttande, tyder det imidlertid ikkje at det er uvesentleg kven Stoltenberg peikar ut som Hanssens etterfølgjar. Hanssen har vore ein omstridd men open helseminister (som prova mellom anna i prøveballongen om legeassistert heroinbehandling av misbrukarar), og det vert store sko å fylle. Difor treng Stoltenberg også ein ny statsråd som frå første stund innehar den politiske pondusen og gjennomføringskrafta som skal til for å ta på seg eit av den norske økonomiens viktigaste departement. Kven den nye helse- og omsorgsministeren vert er det mest umogleg å spå, men det er venta at Arbeidarpartiet også i denne perioden vil setje seg på posten.

Og sjølv om det er lett, ja tilmed freistande, å fortape seg i personspørsmåla, er det viktig å understreke at dette først og fremst er eit viktig politisk spørsmål. Samhandlinsreforma, som Hanssen presenterte føre sommaren, skal førast vidare, det skal takast grep for å redusere ventetider i sjukehusa, og etterfølgjaren får også ansvar for Arbeidarpartiets kanskje mest ambisiøse vallovnad, om retten til sjukeheimsplass til dei som ønskjer det. Dette var den saka statsministeren synte til når han fekk spørsmål på gårsdagens pressekonferanse om kva einskildsak han ønskjer at den såkalla Stoltenberg III-regjeringa skal verta hugsa for. Han kjem til å leite etter ein statsråd som er istand til å stå oppreist i ein mediestorm, samstundes som han truleg vil sjå etter ein bra kommunikator. Helsefeltet er eitt der den folkelege misnøya vil vere stor nær sagt uansett, og regjeringa treng ein representant som kan selje sigrar like effektivt som ho kan mane til tolmod.

Til slutt: Det er i det høve verd å merke seg VGs nokså frekke handsaming av Hanssens forgjengar, Sylvia Brustad. Slik VG framstiller historia vart Hanssen flytta til helsedepartementet som redningsmann. Vi må tru at dette samstundes skal forståast som at Brustad vart degradert til næringsminister. VG må gjerne meine kva dei vil om Brustads innsats som helseomsorgsminister, men utan kontekstualisering verkar det som eit underleg åtak. Slik verdiladd retorikk høyrer meir naturleg heime i ein leiarartikkel enn i eit nyhendeoppslag. Det kan verke som om VG, som alt har bestemt seg for at Brustad er på veg ut av regjeringa (og det kan gjerne vere korrekt), no meiner at Brustads offentlege standing er så svekkja at dei ikkje eingong treng å argumentere for bruken av slikt tungt retorisk skyts. Det er litt overraskande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*