Det skorta nok ikkje på steile viljer i forhandlingsrommet då partileiarane Mette Frederiksen (Socialdemokratiet), Pia Olsen Dyhr (Socialistisk Folkeparti), Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) og Martin Lidegaard (Det Radikale Venstre) storparten av våren på å gje Danmark ei historisk sentrum-venstre-regjering. Alle som ein har vore med på øvinga før. Det pregar også regjeringserklæringa. Kvart av partia har fått ein eller fleire «blanke sigrar»*, medan det ein ikkje har kunna semjast om i mange tilfelle er utsett til seinare (eller nedsett – regjeringspartia varslar at dei vil setja ned eit utal kommisjoner og utval til å hjelpa seg med å finna levelege kompromiss).
På sitt vis er det i seg sjølv eit gjennomslag for Moderaterne. Uansett kva paribokstav som har stått i parentesen har Lars Løkke Rasmussen alltid likt å skapa store, komplekse reformer som freistar å løysa fleire ting på ein gong; anten det var kommune- og regionreforma då han var innanriksminister, sjukehusstrukturen som helseminister, eller eit vell av justeringar i skattepolitikken (sist sett med innføringa av ein såkalla «top-top-skat» i SVM-regjeringa). Løkke trur på teknokratisk styringsgrunnlag og kunnskapsbasert politikk, men løysingane som kjem ut av det treng ikkje nødvendigvis vera smålåtne eller langsame.
Den raud-lilla regjeringas framlegg om å etablera ein såkalla «grise-firpart»-kommisjon kor regjeringa, landbruket, miljørørsla og fagorganisasjonane blir samde om korleis målsetnaden om redusert svineproduksjon skal realiserast, er Løkke classic. Moderaterne er heller ikkje redd for å kasta vrak på ein einskapsmoms som danske økonomar til alle tider har halde fram som ei enkel og ubyråkratisk inntektskjelde. Det som byrja med lågare moms på bøker, blir no utvida til nullmoms på frukt og grønsaker og halv moms på mat. Om det ikkje er heilt på nivå med oppgjeret med tidlegpensjonen frå tida som Venstre-statsminister, er det iallfall eit markant brot med tradisjonen.
Det siste moderate avtrykket eg vil trekkja fram, er også typisk, men på ein annan måte. Eit av partiets hovudkrav i forhandlingane med venstresida var eit enklare skattesystem. Ifølgje regjeringserklæringa skal både mellomskatten og den ekstra toppskatten på millionløner fjernast. Her er det Løkkes pragmatisme som er typisk. Gjennom ein lang karriere har han rokke å meine så mykje forskjellig at han nesten jamleg endar opp med å måtta retta opp i negative utslag av sine eigne tidlegare tiltak. Freistnaden på omkamp om sjukehusreforma var utslagsgjevande for at han fall som leiar i Venstre, og no sel han altså inn som ein siger at Socialdemokratiet har gått med på å avskaffa ein rikingskatt som Moderaterne sjølv la på bordet under SVM-forhandlingane. Eg er stor tilhengjar av at politikarar skal kunna skifta meining, men det er ikkje urimeleg viss veljarane tykkjer det kan vera vanskeleg å hengja med når det går så fort.
SSFMR-regjeringa har eit parti ekstra å dryssa ministerposter over jamført med den førre, så Moderaternes mannskap er frå no av redusert til fire. Lars Løkke synte i SVM-regjeringa at det ikkje treng å vera ein politisk dødsdom å vera utanriksminister. Han held fram, sjølv om Pia Olsen Dyhr har stadfesta at også Moderaterne melde si interesse for finansministervervet, i ein duell med Socialdemokratiet og SF. Partiets medpåverknad på den økonomiske politikken skal istaden sikrast av tidlegare kulturminister Jakob Engel-Schmidt. Det er i beste fall eit glatt steg på karrierestigen; Danmarks notorisk vanskjøtte skattevesen (sjå «B – bustadskatt (i) og (ii)») krev uante krefter og politisk kreativitet. Sistnemnde eigenskap kan også bli naudsynt for å overtyda veljarane om det er klokt å bruka 17 milliardar i året på å redusera momsen på mat.
Høgare utdannings- og forskingsminister Christina Egelund representerer kontinuitet i arbeidet med å leggja om dansk akademisk i retning høgare inntakskrav og færre studieplassar. I forsvaret for sin sektor kjem ho til å få ein kontinuerleg kamp med og mot utdanningsminister Magnus Heunicke (S) og arbeidsminister Ane Halsboe Jørgensen (S). Socialdemokratiet har fått eit breitt flertal med på at fleire skal slusast inn på yrkesretta utdanningar. Egelund er ein person partileiar Løkke litar på, og kommentatorane har merka seg at ho no får plass i eit av regjeringas underutval. Då er begge dei to potensielle arvtakarane til Lars Løkke – Egelund og Engel-Schmidt – inviterte inn i regjeringas kjerne.
Monika Rubin som sosialminister kompletterer den moderate statsrådskvartetten. Ho skal fungera som ein slags sosial-liberal breiddehaldar for partiet, i balansen mellom sosiale omsyn og ønskjet om at flest mogleg skal koma ut i arbeid. Her ligg det også eindel integrerings- og seniorpolitikk.
Attende i folketingsgruppa sit tre overtalige ministrar: Tidlegare gruppeleiar Henrik Frandsen rakk så vidt å bli utnemnd til eldreminister før departementet hans gjekk i valkampdvale. Men skuffelsen er sikkert til å bæra når han frå og med oktober tek over klubba som folketingspresident etter Søren Gade (V). Tidlegare klimaminister Lars Aagard er utnemnd til finanspolitisk talsmann, medan tidlegare digitaliseringsminister Caroline Stage kan supplera sitt tidlegare ansvarsområde med vervet som talsperson i mellom anna utdannings- og forskingspolitiske spørsmål. Særleg Aagard fekk etter kvart eit angstrengt forhold til klimapolitikarar i andre parti, så det er kanskje ikkje så dumt at han får bruka brorparten av tida på noko anna framover.
