Russland: Den russiske bjørnen med væpna innvollsorm

Av | 15. juli 2009

Ytringsfridomen er eit stort privilegium for oss her i Noreg, og for sjeldan tar me oss kanskje tid til å tenkja på korleis det står til med denne retten andre stader i verda. Ikkje berre kan me slå opp i atlaset for å finna land kor denne retten er alt anna enn respektert av styresmakter og militærvesen, me kan også sjå til eitt av våre naboland.

Tvers over grensa frå Jakobselv i Finnmark ligg den store bjørnen. Og då tenkjer eg ikkje på rovdyret me snart ikkje har noko igjen av her i landet takka vera elendig politisk forvalting, men på den store, mektige russiske føderasjon.

To år med russisk på vidaregåande og ei generell interesse for vår storslåtte og akk så fascinerande nabo i aust har gitt meg eit visst innblikk i korleis kulturen og systemet fungerar – eventuelt ikkje fungerar. Drapet på den opposisjonelle Novaja Gazeta-journalisten Anna Politkovskaja i oktober 2006 var eit synleg bevis på at livet som journalist og opposisjonell bak det gamle jarnteppet enno ikkje er nokon dans på roser.

Mange meiner at dei russiske styresmaktene har hatt meir enn éin finger med i spelet når drap på kritiske journalistar vert rulla opp. Noko av dette kan det absolutt vera hald i, men det er i stor grad også større eller mindre paramilitære grupperingar med ulik tilknyting og ukjente økonomiske bidragsytarar som står bak. Russlands president Dmitrij Medvedjev beklaga for nokre månadar sidan alle dei politiske drapa som har blitt begått og berømma samstundes avisa til Politkovskaja (Novaja Gazeta) for deira kritiske innstilling til leiarskapet i Kreml. Han lova til og med å stilla opp på intervju med avisa.

Dette er ei noko anna linje enn den Vladimir Putin la seg på, og sjølv om sistnemnde – som no er statsminister i Russland – kanskje hadde ei anna tilnærming til politisk motiverte valdshandlingar/kidnappingar/drap, så viser Medvedjev at han ynskjer å arbeida for meir pressefridom. Enkelte russiske analytikarar og ekspertar meiner framleis at det er lite å henta for gravande journalistar så lenge dei som no sit i Kreml framleis gjer det, medan andre kommentatorar igjen hevdar at Medvedjev tydeleg har stått på for ei demokratisering av medieklimaet i landet – slik at alle røyster vert høyrde, utan å måtte frykta for dei potensielt fatale konsekvensane av det.

Kulturelt ligg det framleis inne ei forståing hjå ein del russarar at dei ein ikkje likar oppsynet på eller meiningane til enklast kan fjernast ved bruk av leigemordarar og andre grovt kriminelle handlingar. Med ei politisk gruppering som oppnår over seksti prosent av røystene ved eit val, er det jo også heilt tydeleg at det gjenstår mykje på den demokratiske fronten når det gjeld valavvikling og politiske strukturar. Det har vore ei betring også på denne fronten, men det seier seg sjølv at alt ikkje er som det skal når opposisjonen ikkje klarar å koma høgare på bana og oppnå høgare støtte hjå befolkninga. Samstundes skal det nemnast at svært mange russarar også har tiltru til at politisk stabilitet og fast styring gjennom Putin og Medvedjev lettare kan utvikla Russland i rett retning på ein meir effektiv og solid måte.

Det er lett å få inntrykk i media av at Russland er gjennomkorrupt og at Putin ikkje var stort betre enn sine forgjengarar både før og etter Sovjetunionens fall. Faktum er at mange russarar synes deira liv vart betre under Putin, og såleis valde å røysta på hans parti. Så lenge utsiktene til at livet ikkje vert dårlegare av at Putin/Medvedjev styrer, vel mange russarar å halda fram si trufaste røystegjeving til desse. – Ein veit kva ein har, men ein veit ikkje kva ein får, lyder ofte argumentasjonen når ein spør tilhengjarar av dei noverande politiske leiarane kvifor dei røysta på dei.

At opposisjonelt innstilt media ikkje når fram til alle, og at ein risikerar å bli drept som journalist og menneskerettsaktivist er uansett eit enormt problem hjå vår austlege nabo. Seinast i dag melder fleire medier om drapet på journalisten og aktivisten Natalja Estemirova i Ingusjetia.

NTB melder følgjande:
Ifølge kolleger ble Natalja Estemirova tvunget inn i en bil av fire menn i Tsjetsjenias hovedstad Groznyj. Øyenvitner skal ha hørt aktivisten rope om hjelp før hun ble kjørt vekk. Senere onsdag ble Estemirova funnet død i den russiske naborepublikken Ingusjetia. Ifølge russiske medier bar kroppen hennes tegn på å ha blitt mishandlet.

At slikt kan skje i år 2009 verkar nokså utenkjeleg på oss i trygge, gode Noreg. Estemirova er nok eit døme på korleis livet artar seg for menneske som tør kritisera dei rådande styresmakter, og kva risiko dei utset seg sjølv for ved offentleg å eksponera sine tankar og meiningar. Natalja Estemirova har lenge vore ein hard kritikar av styresmaktene i Tsjetsjenia, som ho meiner er ansvarlege for bortføringar, tortur og drap.

I 2007 vart Estemirova tildelt den første Anna Politkovskaja-prisen for kvinner som forsvarar menneskerettar i krigsområde. Det sender såleis eit sterkt signal om at ting ikkje er som det skal når vinnaren av ein pris til minne om ein drepen journalist sjølv vert drepen – etter alt å døma grunna sin politiske aktivisme og sitt journalistiske arbeid. Ramzan Kadyrov, president i delrepublikken Tsjetsjenia, har enno ikkje kommentert det som har skjedd. Men Kadyrov er sjølv mistenkt i saka, skal ein tru menneskerettsgruppa som Estemirova var tilknytta.

Oppdatert 16. juli: Russlands president Dmitrij Medvedjev har gått ut og sagt at han er sjokkert og rasande over drapet. Ifølgje ein talsperson for Kreml krev Medvedjev full etterforsking. På vegne av EU har også Sveriges utanriksminister Carl Bildt fordømt drapet, og frå Det kvite hus kom det raskt ei pressemelding som ba den russiske regjeringa om å finna dei som var skuldige i drapet og stilla dei til ansvar.

Det skal også nemnast at dei store (til dels statskontrollerte) avisene i Russland, som Izvestia og Rossijskaja Gazeta, ikkje nemner drapet med eitt einaste ord i dag. Enkelte opposisjonsaviser er modige nok til å klistra saka ut over heile framsida («Drept for sannheten», Novje Izvestia. «Tsjetsjensk rettighetsaktivist truffet av to kuler», Gazeta), men dei store avisene (inkludert tabloidane, som den store Komsomolskaja Pravda) har unngått drapet. TV-kanalane er også ganske allergiske mot slike saker, sjølv om statskontrollerte Kanal 1 rett nok nemnde drapet kort i ei nyhendesending. Men det var ikkje hovudsaka, for å seia det slik.

Russland kan knapt skildrast som eit skjørt demokrati slik situasjonen er for journalistar og opposisjonelle i dag, og det er til å håpa at president Medvedjev faktisk tar grep for å letta på situasjonen for dei tusenar av opposisjonelle som kvar einaste dag lever under frykta for å mista livet grunna sin idealisme og sitt arbeid for menneskerettar, fred og demokrati.

Det har av fleire blitt føreslått at Tsjetsjenias president Ramzan Kadyrov personleg har beordra drapet på Estemirova, grunna at han skal ha sett på ho som ein personleg fiende etter hennar harde kritikk mot dei tsjetsjenske styresmaktene med han i føringa. Kadyrov har sjølv gått ut og sagt at han er rysta over drapet og at han personleg vil sørga for at gjerningsmennene blir spora opp. Aage Borchgrevink, venn av Natalja Estemirova og rådgjevar i den norske Helsingforskomiteen, kommenterar dette slik:

– Jeg kjenner til tre personer som gikk til sak mot
presidenten (Kadyrov, red. anm.). Den ene forsvant, den andre ble skutt i Østerrike og den tredje befinner seg nå i Norge. Politkovskaja er et annet eksempel.

La oss endeleg ikkje gløyma kor forbanna heldige me er her til lands. Og la oss endeleg heller ikkje gløyma at det fins ei verd utanfor Noreg.
______________________________________________________________________
Tore Eikeland følgjer den politiske situasjonen i Latin-Amerika og Aust-Europa for Skrivekollektivet

En tanke om “Russland: Den russiske bjørnen med væpna innvollsorm

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev – SKRIVEKOLLEKTIVET

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*