Danmark har fått si første fireparti-regjering sidan Poul Nyrup Rasmussen frå Socialdemokratiet gjekk saman med Radikale Venstre, Centrum-Demokraterne og Kristeligt Folkeparti i det som blei omtalt som «rødkløverregeringen» i 1993*. At nyvinninga fekk det tilnamnet hadde meir med at Nyrup avløyste konservative Poul Schlüter, som nokre år føre** hadde styrt ei såkalla «firkløverregering», enn med at konstellasjonen var særskild raud; alle Nyrups partnarar var faktisk leivn frå Schlüter-kvartetten.
Men no strevar me som skriv om dansk politikk med kva med skal kalle den nye regjeringa. Statsvitarane konstaterer sikkert at Socialdemokratiet + Socialistisk Folkeparti + Moderaterne + Radikale Venstre = «regeringen Mette Frederiksen III», men det er det jo ikkje mykje hjelp i for uinnvigde. Då er raudkløveren kanskje betre. Den kan funke også utan historisk referanse, og den tek opp i seg tilskotet av SF friskar opp raudfargen. Men så er det innvendingane: Moderaterne er eit sjølverklært sentrumsparti kor dei krympar seg kvar gong dei blir skulda for raudskjer. Difor gjev nemninga «raud-lilla» (etter Moderaternes partifarge) meining, men det risikerer å i sin tur å viske ut grønfargen SF og Radikale Venstre insisterer på. Det for nordmenn attkjennelege «raud-grøn» er følgjeleg også for unyansert.
Det er heller ikkje gitt at politikarane og me andre har felles interesser i spørsmålet. Regjeringspartia vil at prosjektet skal kjennast ved eit namn som i beste fall signaliserer politisk retning, eller som iallfall ikkje lett kan nyttast til spit, medan kommentatorar vil ha noko som helst både er opplysande og intuitivt. Sjølv er regjeringa samd om å kalle seg «firkløverregeringen». Eit knepp friskare enn statsvitarane, med varsame peik attover i historia, men nøytralt nok til å vere akseptabelt for regjeringas breiddehaldarar både til høgre (Moderaterne) og venstre (SF).
Likevel tippar eg at viss nokon nokonsinne refererer til denne regjeringa som «firkløverregeringen», så er det på grunn av reaksjonen til Henning Dyremose. Den konservative tidlegare arbeidsministeren i Poul Schlüters firkløver-regjering var helt oppe i det røde felt (som det heiter) over den historiske parallellen til ei borgarleg framgangssoge som, ifølgje Dyremoses (ikkje spesielt kontroversielle) framstilling brukte nøysemd og hard budsjettdisiplin til å «gjenopprette» Danmarks gjeldstyngde økonomi. Det var ei skam («skændsel»), på grensa til gravplyndring («gravrøveri») av den opphavlege firkløverregjeringas motstandarar, SF og S, å skrive seg inn på den same tidslina, meinte han.
I mangel av noko betre verkar det som om journalistar og kommentatorar har slått seg til ro med omtale Mette Frederiksens tredje regjering som «SSFMR», med eller utan bindestrek og lista opp frå største til minste parti. Det er greitt nok, sjølv om essesefemmer ikkje nett ligg godt i munnen. Det gjorde ikkje «VLAK»*** eller «SRSF»****. Kva eg sjølv kjem til å bruke, er eg usikker på. Eg hallar mot «raud-lilla», eller r’ett og slett «sentrum/venstre».
Noter
* Nyrups fireparti-regjering sat frå januar 1993 og fram til folketingsvalet året etter. Då hamna Kristeligt Folkeparti (forløparen til Kristendemokraterne) under sperregrensa og mista alle mandata sine. S, R og CD heldt fram som treparti-regjering.
** Schlüters firkløverregjering (Det Konservative Folkeparti, Venstre, CD, KrF) styrte frå 1982 til 1988, då statsministeren bestemte seg for å erstatte KrF og CD med Radikale Venstre. Sjølv om KrF og CD heldt fram som støtteparti for K-V-R-regjeringa, skapte måten det skjedde på bitre kjensler mellom partitoppane.
*** Lars Løkke Rasmussens mindretalsregjering av Venstre, Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti (2016-2019).
**** Helle Thorning-Schmidts mindretalsregjering av Socialdemokratiet, SF og Det Radikale Venstre (2011-2015).
