Snart folketingsval: Kristendemokraterne

Av | 2. september 2022

Det kvilte eit paradoks stort som eit krater over det såkalla «sommargruppemøtet» til Kristendemokraterne i førre veke, det offisielle startskotet for haustsesongen på Christiansborg: Frå no av er partigruppa i Folketinget nemleg redusert frå ein representant til ingen representantar. Heilt sidan partiet fall under sperregrensa på to prosent ved valet i 2005, har Kristendemokraterne hatt… Les mer »

Snart folketingsval: Socialistisk Folkeparti

Av | 28. august 2022

Mykje er forskjellig mellom norsk og dansk politikk, men nemninga for eit urøynd regjeringsparti som vert svimeslått av veljarane for manglande oppfylling av høgt oppskrudde forventningar er nesten den same på begge språk: Det som på norsk heiter «å gå i SV-fella», kan du på dansk høyra omtalt som «at blive fanget i SF-fælden» (alt:… Les mer »

Danmark: Har Radikale Venstre kasta Mette F.?

Av | 11. august 2022

Då den såkalla Minkkommisjonen la fram sin granskingsrapport i slutten av mai, var konklusjonen hard: Statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) hadde opptrådt “kritisabelt”, og når regjeringssjefen gav ordre om at alle alle minkdyr i Danmark skulle slaktast for å hindre coronasmitte, var det dessutan “groft vildledende” og i strid med Grunnlova, ettersom det ikkje fanst lovheimel… Les mer »

Danmark: Folkerøysting om forsvarspolitikken

Av | 8. mars 2022

Sjeldan har det vore mindre naturleg å setje opp noko tydeleg skilje mellom innanriks- og utanrikspolitikk enn nett no, og det illustrerer det nye danske forsvarsforliket til fulle. Etter at fleirtalet sa nei til å knytte Danmark til EUs sams justispolitikk i ei folkerøysting i 2015, har ideen om å avskaffe dansk reservasjon mot EUs… Les mer »