Premier League 2007/2008 – nok eit sjangerkorrigert eventyr er over

Av | 13. mai 2008

Då er nok ein sesong i Barclay’s English Premier League ferdig, og ein kan sjå tilbake på eit begivenhetsrikt år.

Ligaen vart ikkje avgjord før i siste runde, og spenninga forsvann ikkje før ringreven Ryan Giggs netta mål nummer to for Manchester United mot Wigan Athletic på JJB Stadium. På stillinga 1-0 (etter straffescoring av Cristiano Ronaldo) tok nemlig òg Chelsea leiinga på Stamford Bridge, heime mot Bolton (Андрей Николаевич Шевченко). Det hjalp så lite. Giggs netta for United og Bolton utlikna mot Chelsea. Gullet får nok eit år kvila på Old Trafford.

Premier League – Sluttabell

1. Manchester United 87
2. Chelsea 85
3. Arsenal 83
4. Liverpool 76
———————–
5. Everton 65
6. Aston Villa 60
7. Blackburn Rovers 58
8. Portsmouth 57
9. Manchester City 55
10. West Ham United 49
11. Tottenham Hotspur 46
12. Newcastle United 43
13. Middlesbrough 42
14. Wigan Athletic 40
15. Sunderland 39
16. Bolton Wanderers 37
17. Fulham 36
———————–
18. Reading 36
19. Birmingham City 35
20. Derby County 11

Dei tre laga me det neste året berre kan sjå fram til å møta i Oddsprogrammet og på tekst-TV er Reading, Birmingham City og Derby County. Det, ifølgje VG, «norske» laget Fulham berga plassen som følgje av betre målforskjell på bekostning av Reading, som følgje av at båe laga gjorde jobben sin og vann kampane sine. Fulham slo Portsmouth 1-0 på Fratton Park (Danny Murphy), medan Reading knuste Derby 4-0.

Premier Premier League (den kjekke vesle ligaen beståande av dei fire øvste laga) vart i år vunnen av Manchester United. Eg gratulerar dei så mykje med det. Men det er ein grunn til at eg har vald tittelen eg har på denne kvartettserien.

Det byggjer mykje på utsegna til Newcastle-manager Kevin Keegan:

«I was thinking, ‘what have I got to do next year to get near them [Chelsea]’ –
and the truth is there’s nothing I can do at all.

I haven’t got enough
money and I wouldn’t be able to get the players anyway, so I’ll soldier on.

Maybe the owner thinks we can bridge that gap – but we can’t. This
League is in danger of becoming one of the most boring but great leagues in the
world. The top four next year will be the same top four as this year.

We’re a million miles away from them. I can say we’ll be trying to get
fifth and win the other league that’s going on in the Premiership.
»

Det vart litt oppstyr då Keegan sa dette, og eit møte med eigar Mike Ashley og utvalde delar av administrasjonen vart fort føretatt. Styreleiar Chris Mort avslørte etterpå at møtet hadde vore både «produktivt og konstruktivt«. Vel, vel. Eg kan styra mi begeistring. Det er likevel inga tvil om at Kevin Keegan har eit godt poeng, og om ikkje klubbeigaren kjende sine ambisjonar ivaretekne i managerens utsegner, så var det kanskje på tide med eit møte for å avklara målsetjingar og fastsetjing av rammevilkår. Såleis var det gjerne… konstruktivt med eit møte.

For det som no skjer i Premier League er at tre lag frå år til år kjemper om tittelen som mester, medan dei saman med eit fjerde lag (Liverpool) kjempar om plassane 2 til 4. Etter det kjem klubbar som Everton, Aston Villa, Tottenham, Newcastle og Blackburn som heiderlege kandidatar til å vinna Premier Championship League One eller kva eg skal kalla det.

Det er ei utvikling som kjem i kjølvatnet av at russiske, skatteunndragne oljepengar, amerikansk våpensalformuearv og liknande valuta har gjort sitt inntog i bedriftene i Premier League. Klubbar? Nei, ikkje no lenger. Det er no meir eller mindre veldrivne firma i næringslivet som kvar veke kjempar om global publisitet, reklamepengar og sponsorpengar i form av poeng på tabellen i verdas største (?) fotballiga.

Slapp av, eg skal ikkje svartmåla det heilt. Sjølve fotballen er omtrent like underhaldande og kjekk å følgja med på som før. Som Newcastle-supportar jublar eg høgt for kvar gong ein svart og kvit spelar bankar ballen i nettet under fotballegende Kevin Keegans kommando. Eg elskar fotball, og eg elskar Newcastle United.

Same ømme, klamme, rosenraude kjærleiken andar eg ikkje for Роман Аркадьевич Абрамович i Chelsea (Roman Abramovitsj), Gillett/Hicks (Liverpool) eller Malcolm Glazer (Man. Utd.). Dette er personar på jakt etter profitt – ikkje på jakt etter underhaldning og sportsleg lidenskap, og då går det gjerne galt når motstridande interesser treff på konflikter innad i klubben.

Eg meinar, som ivrig fotballtilhengjar og som sosialdemokrat, at ei slik aspirerande grenselaus marknadsstyring innanfor sport er uheldig, både fordi det svekkar idrettens eigentlege profil og fordi kapitalismen då skapar enno ei ny grein av sitt system med vinnarar og taparar. Sport skal ha vinnarar og taparar, men ikkje på økonomiske premiss. Meinar eg.

Til neste år satsar Kevin Keegan, Newcastle United og underteikna på å vinna. Ligaen skal vinnast, sjølv om det ikkje følgjer noko gull med. Femteplassen skal sikrast, og ein skal kunne ta plass øvst på podiet i dèn femtenklubbsdivisjonen.

– GLIMRANDE! seier eg.
Heng deg gjerne på det euforiske jubelbrølet, du òg, men hugs: det er ikkje gull, alt som glimrar.

____________________________
Dette innlegget er òg publisert på bloggen Statskanalen

Kategori: Fotball Stikkord:
Tore Eikeland

Om Tore Eikeland

Tore Eikeland, født 18.mai 1990, var skribent for Skrivekollektivet, og politisk kommentator med hovedblikk på Latin-Amerika og landene i og rundt den gamle Sovjetunionen. Den 22.juli 2011 ble Tore Eikeland frarøvet oss, i så altfor, altfor ung alder i forbindelse med massakren på Utøya.

En tanke om “Premier League 2007/2008 – nok eit sjangerkorrigert eventyr er over

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev – SKRIVEKOLLEKTIVET

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*