…and introducing Hillary Clinton as ‘the Comeback Gal’

Av | 9. januar 2008

Etter at Hillary Clinton overraskande vann det demokratiske primærvalet i New Hampshire natt til onsdag norsk tid, ho har etterlate seg synsareliten og den politisk interesserte opinionen i fullstendig sjokk. Kva i alle dagar var det eigentleg som skjedde? Meiningsmålingane hadde alt lagt ut den raude løparen for change agent in chief Barack Obama, og alle førebudde halvtygde nekrologar over presidentkandidaturet til Clinton. Det som i staden hendte, var at Clinton kom nedanfrå og drog heim ein knapp treprosentssiger, og fornyinga familiens langvarige kjærleiksforhold til denne vesle delstaten.

I ein bloggpost tidleg på ettermiddagen tysdag (som konkluderte med at Obama kom til å vinne, men ikkje så klart som meiningsmålingane tilsa), lista eg opp tre faktorar som kunne gjere det vanskeleg for Obama å oppfylle dei unaturlege store forventningane som var lagt på aksla hans. Det handla om at forventningane til sigersmarginen no var sett så høgt at ein knapp siger kunne framstå skuffande; at det kunne verke som om Hillary Clintons oppslutnadsmessige potensiale blei undevurdert av media; og om risikoen for at John Edwards kunne stele veljarar frå Obama, og såleis hjelpe Clinton med å tette luka Iowa-vinnaren hadde fått i målingane.

I ettertid ser det ut til at undervurderinga av Clinton var det mest treffande atterhaldet. Ho hadde meir enn 6000 frivillige som hadde ansvar for å få støttespelarane til urnene, og dette gav openbert god utteljing, Clinton vann stort mellom kvinnelege veljarar og registrerte demokratar, folk med låg løn og lite utdanning, noko som truleg var heilt avgjerande for den uventa sigeren. Men heller ikkje desse folka er dumme. Dei røysta på henne fordi dei føler seg visse på at ho er den beste kandidaten for dei. Det tyder igjen på at dei kjenner ein lojalitet og takksemd andsynes Clinton-ekteparet som vi alle visste kunne bli ein viktig faktor, men som vi valde å ignorere, fordi det passa så mykje betre dramaturgisk å seie at Obamas momentum ville feie Hillary av banen.

Eg står også fast ved at John Edwards bidrog i stor grad til ein gje den, trass alt ganske knappe, sigeren til Clinton. Dette seier eg korkje fordi eg vil redusere prestasjonen til Clinton eller fordi at det for alle Edwards-tilhengjarane alltid er viktigast å ikkje frå Clinton som presidentkandidat. Men mistenkjer framleis sterkt at Obama ville teke brorparten av Edwards-støttene dersom sistnemnde hadde skippa NH (noko han gjerne kunne gjort, om vi ser på hans eige resultat), i alle fall så lenge Edwards-veljarane kjenner seg att i Obama og Edwards’ eigne påstandar om at forandring og fornying må kome utan- og nedanfrå, ikkje frå Washington-eliten (les: Hillary Clinton).

Det som eigentleg skulle vere ein diskusjon om korvidt Obama vann NH med ein tilfredsstillande stor margin, dreier seg no istaden meir om kva Clinton med alle dei sjansane ho no får til å framstille seg sjølv som ein moderne Lazarus. Clinton-leiren er eksepjonelt dyktige på dette med spin, og når det lukkast så godt med å seinke forventningane til Hillary før røystene kom inn, så kan dei no velte seg i oppstemt om at Hillarys har fått sitt Comeback Kid moment. Men no byrjar det vanskelege arbeidet igjen. Med gårsdagens siger er Clinton i verste fall sidestilt med Obama som favoritt til å vinne nominasjonen, og med den posisjonen følgjer det plikter og forventningar.

Utfallet i New Hampshire gjer at Nevada og South California er lagt på bordet att, etter at det dei siste dagane har vore rykta at Clinton ville gje opp kampen om desse statane til Obama dersom ho skulle tape i NH. I og med at Obama idag fekk den ettertakta støtta frå Nevadas største fagforeining må han framleis reknast som favoritt der, og det er framleis slik at den demografiske samansettinga av den demokratiske veljarmassen i South California (stor del afro-amerikanarar) per definisjon skal vere ein føremon for Obama. Fordelen for Obama no er at fallhøgda hans her ikkje er like stor, fordi Clinton vil bli tvinga til å satse for å utnytte momentum. Ulempa er imidlertid nett den same: for under eit døgn sidan verka det oppe og avgjort at han kome til å gjere tilnærma reint bord fram til Super Tuesday. Om dei går 5. februar med eit jamnare utgangspunkt bør det vere fordel Clinton. Ikkje først og fremst fordi Obama vil ha underprestert (for to månader sidan ville eit tap med tre prosent i NH blitt sedd som for godt til å vere sant), men fordi det kjem fleire lukka primærval seinare, som gjer at Clinton kan utnytte det forspranget ho har mellom registrerte demokratar.

Med alle desse taktiske spekulasjonane unnagjort, står det att eit spørsmål det førebels er umogleg å svare på: Kvifor klarte Clinton å komme tilbake? Eg har ikkje så mange fleire moglege svar enn dei eg alt har gjeve (god organisering, lojale støttespelarar, fleire kvinner, bandet til New Hampshire), men lat oss kjapt ta for oss to andre forklaringar. John Dickerson i verdas beste nettmagasin Slate spør nesten forvirra om det kan ha noko med Clintons plutselege status som underdog å gjere. Eg trur han er inne på noko. Mobiliseringa av kvinnene og dei demokratiske veljarane tyder på at det var mange potensielle Clinton-støtter i spesiell grunn for å møte opp og røyste på henne. Ein mogleg slik grunn kan vere den plutselege kjensla av at sigeren og nominasjonen hennar likevel ikkje var uungåeleg, som Clinton sjølv har hevda med styrke i eit år allereie. Veikskapen med denne teorien er at den ikkje tek omsyn til at denne typen motivasjon i utgangspunktet vel skulle vere vel så sterk hjå Obama-veljarane. Dei har jo endeleg fått den opninga som dei har venta så lenge på?

Alternativ teori 2 er – sjølvsagt – at tårene til Hillary i innspurten kan ha fått usikre veljarar til å endre oppfatning av henne, underforstått at framstår meir menneskeleg og sårbar. Lat meg då aller først få presisere to ting. For det første så har eg ikkje nokon trong for å diskutere om tårene var ektefølte eller ikkje. For det andre så trekkjer eg dette inn i diskusjonen med stor uvilje, fordi det kan redusere den kraftprestasjonen som Clinton faktisk utførte. Men altså: Kan det ha hatt noko å seie? Mitt instinktive svar er det litt kløyvde ikkje på kort sikt, Viss Obamas Iowa-momentum ikkje fest heilt fotfeste her, så har eg vanskeleg for å forstå at noko som skjedde endå kortare tid før valet skal ha påverka store veljargrupper, Bloggaren Jay Cost på RealClearPolitics er samd, og syner til ei valdagsmåling som seier at Clinton hadde same knappe sigersmargin mellom siste-liten-veljarane som i veljarmassen som heilskap, medan ho derimot knuser knuser Obama mellom dei som bestemte seg for fleire månader sidan. Det fortel meg at det er mest fruktbart å sjå på realiseringa av det latente veljarpotensialet, heller enn hendingane dei siste dagane,

Men det tyder ikkje nødvendigvis at det kan få noko å seie i seinare statar. Dersom veljarane ser dette som eit uttrykk for ein opnare og mindre kalkulert Hillary, kan det opne henne for mange som tidlegare har sedd på henne med mistru. Lat meg samstundes leggje til at eg ikkje vonar at dette slår negativt ut, ved at nokon freistar å nytte dette som prov på at ein kvinne ikkje bør bli president, underforstått fordi ho ikkje toler press.Eg blei ikkje særleg stolt når John Edwards tilsynelatande nytta eit slikt argument, men har seinare bede om orsaking. Det skulle berre mangle. Slik tale er sexistisk, urettvis, kynisk og uriktig,

No kan ein sliten men nøgd Hillary Clinton uansett setje kursen for Nevada og South Carolina som frontrunner. Eller, forresten; stryk det siste. Denne valkampen har lært meg at slike konklusjonar risikerer å bli så pinleg mellombels at dei har beste av å hengje i lause lufta. Slik nominasjonen også gjer nett no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*