GOP ’12: Ærleg tala, South Carolina. Newt Gingrich?!

Av | 23. januar 2012

Risikoen for å gjenta seg sjølv aukar di meir du utalar deg om eit tema, og eg skal ærleg innrømme at eg var for lat til å gå attende i arkiva for å sjekke om eg hadde skrive dette tidlegare; men min første reaksjon etter at resultata frå det republikanske nominasjonsvalet i South Carolina var klare laurdag kveld, var omtrent den same som når Newt Gingrich opplevde det første av fleire veljaroppsving i desember. Det kan oppsummerast omtrent slik: Seriøst? Newt Gingrich?!

Men jo, her er vi, to månader seinare og Gingrich – som mellomtida i praksis mellom anna har føreslått å gjeninnføra bornearbeid for å lære vanskelegstilte born arbeidsetikk, og som gladeleg har spela på dei rasemessige undertonene i å kalle Barack Obama “a food stamp president” –  har faktisk klart eit av dei meir oppsikrsvekkjande tilbakekomsthistoriene i nyare amerikansk politisk historie. Etter eit elendig resultat i Iowa, som fekk fleire enn meg til å rekne kampanjen hans som ferdig, klara han faktisk kunststykket å detronisere den førebels krona partikongen Mitt Romney. Det siste er faktisk mindre imponerande enn dei høyrest ut, men at var Gingrich som gjorde det, er lite anna enn sjokkerande.

Lat oss ta det førstnemnde først: Mitt Romney, den moderate tidlegare guvernøren i nordstaten Massachusetts, var aldri den sterke frontrunneren han vart framstilt som, av grunnar som strekte seg ut over ein i beste fall ustø valkampinnspurt, som vi skreiv om tidlegare i veka. Veljarfolket i South Carolina er fylt til randa av dei same type veljarar som Romney tapte soleklart mellom i Iowa – kristne veljarar – og han har ikkje vunne fleire tilhengjarar der sidan sist. I tillegg kjem at Romney faktisk har forsøkt, og mislukkast grovt, i delstaten tidlegare. Han fekk berre 15% av røystene der i 2008, då han faktisk hadde ein viss aura av sosialkonservativ kredibilitet ved seg. Såleis var 2012-resultata faktisk ein framgang.

Men til kveldens hovudperson, Newt Gingrich. Det keisame svaret er at han for først gong i kampanjen faktisk sto tilnærma på likefot med Romney økonomisk – ei innsprøyting av fem riking-millionar gav han høve til ikkje berre å forsvare seg, men faktisk også slå attende mot Romney. Men det langt festlegare svaret er at Gingrich er berre endå eit argument for kvifor denne valkampen så langt har vorte avgjort vel så mykje gjennom TV-ruta som gjennom personleg veljarkontakt eller politiske reklamefilmar. Anten Tim Pawlenty som feiga frå å kalle Mitt Romneys helsereform for “Obamneycare”; det var gjennombrotet for Michele Bachmanns einlinjar om Barack Obama som ein “One! Term! President!”; korleis Herman Cain kom gjennom TV-ruta med sin enkle og dumme ’9-9-9′-skatteplan; eller skadeskota mot Rick Perry i debatt etter debatt; det herskar liten tvil om at dei har hatt meir å seie enn kanskje nokonsinne før.  Og i desse fora kjem den sjølvforelska moralisten Newt Gingric til sin rett som aldri før.

Han er ikkje konsekvent, sjølvsagt. Då måtte ha meint det når han gang etter tok dei andre aspiranrante i skule for å løpe det demokratiske partiets ærend i å gå til åtaket på partifeller. Men den kritikken laut umiddelbart holt når han i neste augneblink sådde tvil om kor vidt han kunne røyste på Ron Paul, eller når han dengte Romney for bakgrunnens hans som risikokapitalist. Men media er ein takksam skuggeleggjar. Gang etter gang steig han opp på den kvite hesten for å kritisere motkandidatane for å konsentrere for mykje av kritikken mot kvarandre, når dei istaden kunne retta kritikken mot Barack Obama. For det handlar ikkje så mykje om å sameine partiet, som det handlar om gripe sjansen til å framstå som han som snakkar om politikk og løysingar, medan dei andre berre kranglar.

Sjå berre på tala over veljarar som bestemte seg dei siste dagane, og delen av dei som oppgav TV-debattane som ein avgjerande faktor for kandidatvalet deira. Gingrich vann båe grupper med overveldande margin; og sjå på måten han gjorde det på. Gingrich sitt mykje siterte karakteråtak på CNN over sistnmendes spørsmål om Gingrich gamle utroskap. Han fekk framstilt spørsmålet som meir av det same frå liberale journalistar som er ute etter å ta republikanarane; medan Romneys svar om offentleggjøring av eigneooppgjeret på skatt, framstilte seg på TV-debattane som berre ytterlegare ein unnfallande politikar.

Alt dette er ikkje meint å signalisere at Gingrich no nødvendigvis kjem til å kjem til vinne nominasjonen. Til den oppgåva er ein vaklande Mitt Romney framleis favoritt, om ikkje anna så fordi kalendaren (Florida, Arizona, Michigan Nevada) tilseier at han har fordelen, men like som med Mike Huckabee i 2008, og for den del som Rick Santorum, dersom han passar på å skru lågt nok ned på førehånd, gjeve seg sjølv høve til sjølv å avgjere når han vil trekkje seg. Han kan halde fram til supertysdagen om han vil, sjølv om eg er tvilande til kor mange nederlag på rad Newt-leiren kan takle før medvind atter ein gang når til motvind. Og med Rick Perrys exit aukar presset på Santorum for at han ikkje skal verta ståande i vegen for ein endeleg konservativ siger i Florida. Skal me bruka Newt sine argument imot han, er no tida inne for å trekkje seg.

Men med mindre pengane omgåande kjem fløymande inn (og det er undervurdert kor vanskeleg det faktisk er å bruke dei klokt, sjølv når du har dei), så er rollene eigentleg først og fremst reversert sidan Iowa: Den gongen var det Rick Santorum som på grunn av sviktande organisatorisk styrke i seinare delstatar var rekne som den reine momentum-kandidaten. No er det Gingrich, og snart kjem Florida, kor det truleg er for dyrt å kjøpe seg framgang uansett. Hvis Gingrich skal ha høve til å vinne der, må han ri momentum-bølgja mykje meir sjølvsikkert enn Santorum. Og etter Florida seier den vedtekne sanninga altså førebels at det er fordel Romney. Slik kan endre seg, sjølvsagt. Men Romney har planlagd betre for ein lang nominasjonskamp enn Gingrich, truleg fordi Gingrich eigentleg aldri heilt skulle han skulle nå så langt før han vart slegen ut. Og i Florida har Romney ein stor fordel hjå veljarar som har førehåndsrøysta. Ikkje lytt til Gingrich-optimistane: Racet er lite i ferd med å verte avgjord i favør Gingrich, som det nødvendigvis er ved å verte avgjort i Romneys favør.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*