Ei elendig veke for Romney

Av | 23. september 2012

Det kan ikkje vere lett å vere Mitt Romney om dagen. Sjølv når du tjener fjorten millionar dollar på berre det faktum at du har mykje pengar frå før, må det stikke litt med all den negative presseomtalen han har fått denne veka. Eit lydopptak frå ein pengeinnsamlingsmiddag kor Romney delte tankane sine om dei førtisju prosenta av veljarane som ikkje betalar statleg inntektsskatt – som difor er sannsynlege Obama-veljarar i eigenskap av si takksemdsgjeld til det offentlege – etterlot han endå ei ripe i lakken overfor dei som alt på førehand var disponerte for å meine at Romney ikkje heilt forstår kvardagen til vanlege folk. Denne saka eksploderte ikkje mange dagane etter at Romney-kampanjen hadde hausta ein storm av kritikk for ein overivrig og slurvete respons på ambassadeopptøyene i Libya.

Særs mange, både i og utanfor Romney-leiren, står no klare til å snakke med journalistar om kor dårleg dei ligg an. Fint lite tyder på at Romneys stadige fotfeil er noko som let seg avlære i løpet av den korte tida som står att av valkampen. Helvetesmånaden september skulle trass alt etter planen innehalde eit merkbart byks på meiningsmålingane etter det republikanske landsmøtet, og ein gang for alle gravleggje flauser som den mislukka internasjonale turneen i juni, og den tilbakevendande kontroversen kring skattehistorikk. Men, nei. Når Romney denne veka offentleggjorde skatteoppgjeret sitt for 2011, bidrog det neppe til mykje anna enn å gje eit mellombels pusterom frå «47%-gate», eller, mest sannsynleg, til å understreke kor lite tilmed ein riking som for syns skuld ikkje nyttar seg av alle tilgjengelege frådrag, faktisk betalar i skatt.

Og det er tydeleg Obama-kampanjen likar utsiktene. Valkampgeneral Jim Messina kunne starte veka med å skulde Romney for å ville «avskrive nesten halvparten av folket» som snyltarar, og eit tilsynelatande omslag i meiningsmålingane på så vel president- som senatsnivå, ga høve til å erklære at Obama ligg føre eller nesten likt med Romney i alle vippestatane der kampanjen satsar. Dei har førebels ikkje vela seie kor vidt dei kjem til å nytte Romneys ord i framtidige reklamefilmar, men det kan ikkje utelukkast.

Å skulde folk for å vere usjølvstendige snyltarar er ei fornærming kvar som helst i verda, men kanskje særleg i USA. Det individualistiske etoset er bygd kring at kvar einskild har ansvar for sin eigen velstand, og ingen likar å bli sett på som eit flokkdyr med låg arbeidsmoral. Dessutan har ikkje ein presidentkandidat råd til at det blir skapt eit inntrykk av at han har gjeve opp å vinne røystene til særskilde veljargrupper. I tillegg kjem den ikkje uvesentlege tilleggsfaktoren at Romneys inndeling i folk som yter og folk som nyt, rett og slett er arrogant og forenklande. Det er mange grunnar til at folk ikkje betalar inntektsskatt, men ein av dei viktigaste er at fleire enn vanleg har komme inn under minstefrådraget dei siste åra, grunna den vanskelege økonomiske situasjonen. Center for Budget Policy and Priorities understrekar også at dei fleste av dei som ikkje betalar denne særskilde skatten, gjerne betalar andre skattar. Uansett korleis ein freistar å framstille dette, er synet til Romney umusikalsk. Men det er kanskje viktigare at han eigentleg berre uttrykkjer noko som eit ganske gjengs syn hjå republikanarane: Dei er ikkje uvane med å snakke om ein må «utvide skattegrunnlaget», slik at ein kan få råd til til dømes å gje skatteletter. Det dei då i praktisk snakkar om, er å skattleggje dei som har mindre meir, for å gje til dei som har mest.

Vi veit ikkje kor viktig nett denne veka blir for det endelege utfallet av presidentvalet. Republikanarane må håpe at noko skal skje, sånn at veljarane, når dei sine kryss, tenkjer meir på arbeidsløysa og den vaklevorne økonomien enn på Mitt Romneys person. Men det er aldri eit godt teikn når utfordraren hamnar så til dei grader på defensiven, med berre nokre veker att til valdagen. Hugs likevel på at vinnarar ikkje blir utropt i september. Heile oktober blir prega av TV-debattar mellom kandidatane, som truleg er Romneys siste store sjanse til å vinne att initiativet i valkampen. Det er lett å gå seg vill i «spelet om forventningane», og andre relativiserande grep for å overvurdere kor viktige debattane er, men vi veit samstundes at sjansen for overraskingar er til stades. Det er ein grunn til at folk framleis snakkar om Bill Clintons «I feel your pain»-augneblink frå 1992, eller hugsar at Al Gore verka nedlatande mot George W. Bush i 2000. Spørsmålet er vel helst om Romney likevel bør justere eigne forventningar til TV-debattane som kampanjens quick fix. Det er ikkje sikkert han har tid til å introdusere seg sjølv på nytt no, ettersom han ikkje greidde det under partilandsmøtet.

Eg er optimist på Obama sine vegner, men det er i prinsippet framleis ingen grunn til å tru at dette ikkje til sjuande og sist blir eit jamnt val. Og Jim Messina har rett: Det er i delstatane det heile blir avgjort. Då er det ikkje sikkert at nasjonale meiningsmålingar og ein dagsorden sett frå Washington D.C. har så mykje å seie som vi likar å tru. Sjølv om det er det som passer best til å trekkje breipensla konklusjonar.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*