Obamas dagsorden er sett på pause

Av | 18. mai 2013

I amerikansk politikk har det vore ei slik veke som potensielt kortslutter ein heil presidentperiode. Mest alle presidentar har komme til eit slikt punkt undervegs i den andre perioden, og no er det Barack Obamas tur. Men om dei dårlege nyhenda har hopa seg opp, så tyder ikkje det at presidenten har like mykje skuld i alle skandalane som no blir rulla opp, eller at alle fortener like mykje merksemd. Minst ein av dei er for det først ikkje nødvendigvis ein gang ein skandale, og for det andre hovudsakleg interessant fordi den tek tid og energi frå saker presidenten heller vil bruke tid på, som langsynte budsjettprioriteringar eller innvandringsreform.

Her snakkar vi om utfallet av det republikanske påtrykket etter terroråtaket på den amerikanske ambassaden i Benghazi i september ifjor, kor fire menneske vart drepne. Det som byrja som, og, viser det seg, burde har blitt verande, ein debatt om tryggingstiltak mot ambassaden og kor vidt desse var tilstrekkjelege, har etter kvart utvikla seg til ei førestilling til republikanarane i Kongressen freistar å audmyke mellom andre tidlegare utanriksminister Hillary Clinton, ved å leggje vekt på korleis talepunkta omkring kva som hende endra seg over tid. Det har ikkje lukkast heilt. Så lenge ein aksepterer at det var ein uoversiktleg situasjon, står det fram som rimeleg at dei ansvarlege brukte litt på å få oversikt over fakta, og det er ikkje prova at ansvarlege styresmakter medvite førde folket bak lyset. Høyringsfråsegna frå underordna på ambassaden var sterk kost, og vitna om maktløyse og frustrasjon, men heller i denne kan telje som avgjerande prov på grov forsømming av pliktene, korkje frå utanriksdepartementet eller Det Kvite Huset. Om målet for republikanarane var, som mange har spekulert i, å sverte Hillary Clinton på ein slik måte at ho vart alvorleg svekt framføre ein eventuell omkamp om presidentembetet i 2016, tyder lite på at det er Benghazi-åtaket som kjem til å gjere den jobben.

Då er det meir å komme etter i skandale nummer to. Det har vist seg at skatteetaten har peika ut konservative organisasjonar til ekstra ettersyn, utelukkande basert på det faktum at det har ord som «Patriot» eller «Tea Party» i namnet. Dette er ein legitim skandale, fordi det ganske openberrt er snakk om å bruke politiske kriterium for å fordele tid og ressursar. Men også denne saka har vorte meir samansett etter kvart som meir informasjon har kome fram, og heller ikkje her er det førebels mykje som tyder på at den inste sirkelen i Obama-administrasjon kjende til eller godkjende oppførselen. Republikanske samanlikningar med «fiende-listene» til den notorisk paranoide Richard Nixon er såleis å skyte langt over mål.

Det er naturlegvis uakseptabelt at skattestyresmaktene nyttar overflatiske politiske kriterium for å avgjere kven som skal gåast etter i saumane. Det er uakseptabelt i seg sjølv, og fordi det etterlet spørsmål om kor vidt skatteetaten er i stand til å gjere jobben sin på ein upartisk måte. Difor var det rett av Obama å tvinge den fungerandre direktøren for etaten til å gå av denne veka, og det er bra at saka blir gjenstand for ei brei undersøking. Likevel bør det strekast under, som fleire kommentatorar etter kvart har gjort, at dette ikkje må resultere i at skattestyresmaktene blir engstelege for å gjere jobben sin. Det er ikkje i seg sjølv illegitimt at denn typen organisasjonar blir kontrollert for om dei følgjer lover og reglar; poenget er snarare at det bør skje hyppigare og på like vilkår. Politisk er saka like fullt ei gåve til republikanarane, fordi den kombinerer ein type mistru mange veljarar har til skattefuten frå før av, med ei kjensle av at konservative aktivistar er særleg utsette. Obama har freista å plassere seg på same sida, og har nytta alle tilgjengelege høve til å gjere det klart at han er opprørt over det som har skjedd. Viss det stemmer, som The New York Times skreiv denne veka, at noko av grunnen til den fatale feilprioriteringa er at rutinane for korleis reglane skal handhevast er vanskelege å forstå, er det sjølvsagt også noko som må rettast opp i snøggast råd.

Det leier oss fram til den mest udiskutable skandalen i denne buketten av kontroversar, eller i alle høve den som går lengst opp i systemet. Ironisk nok er det samstundes truleg den som kjem til å få minst konsekvensar for korleis så vel veljarane som republikanarane i Kongressen ser på Obama. Tidleg i veka kom det fram at Justisdepartementet utan førehandsvarsling hadde innhenta informasjon om telefontrafikk og -kommunikasjon hjå nyhendebyråaet Associated Press. Det er i praksis snakk om masseovervaking av ein medieinstitusjon, og det er eit alvorleg brot på pressefridomen, nærast uavhengig av kor hardnakka justisminister Eric Holder insisterer på at overvakinga var naudsynt for å forhindre at ein AP-artikkel om terrorplanar sette nasjonal tryggleik i fare. Heller ikkje her er vi oppe på Nixon-nivå, men assosiasjonen er iallfall nærliggjande: Hvis administrasjonen meiner at den kan masseovervake ein medieinstitusjon fordi den ønskjer å finne ei kjelde som presseetikken tilseier at uansett har krav på kjeldevern, korleis skal då media i framtida kunne garantere at folk som har sensitive men openbert samfunnsrelevante opplysningar kunne kjenne seg sikre på at dei kan gå til media med desse utan at kjeldevernet deira blir svekt? Til sjuande og sist handlar dette om tilliten mellom media og politikarar, men også, og kanskje viktigare, om tilliten mellom media og folk, og i neste omgang medias høve til å oppfylle ei av dei viktigaste funksjonane sine. Viss media berre tør rapportere om dei sakene som styresmaktene er interessert i å få fram i lyset, har demokratiet tapt.

No står det sannsynlegvis klart for lesaren kva for ein av desse kontroversane eg vurderer som den mest alvorlege, men sett under eitt har dei også ein annan uheldig konsekvens. Dei tek merksemd og politisk kapital frå nokre av dei andre presserande saksområda Kongressen burde handtere nett no. Nyleg spolerte eit republikansk mindretal ei særs utvatna reform av føderal våpenlovgjeving. Den bør takast opp på ny. Innvandringsreforma som er arbeidd fram av ei tverrpolitisk samarbeidsgruppe i Senatet, og som Representanthuset no arbeider vidare med, kan bryte saman time for time, og har trong for støtte og merksemd for å komme i mål. Til slutt hadde det heller ikkje skada om fleire hadde brydd seg om republikanske freistnader på å sabotere fleire viktige utnemningar til posisjonar i Obama-administrasjonen, frå arbeidsminister til ny sjef for det statlege forureiningstilsynet. Obstruksjonen frå mindretalet har tilmed fått fleirtalsleiaren i Senatet, demokraten Harry Reid, til å truge med å ta opp att spørsmålet om institusjonelle endringar for å svekkje filibusteren.

Men nett no skjer alt dette i skuggen av større og mindre skandalar. Obama skuldar folket å kome til botn av dei, og å kome seg vidare. Det er nok av andre ting som må gjerast.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*