Ja mot nei, ikkje høgre mot venstre

Av | 19. mars 2015

Socialistisk Folkeparti er det mest interessante partiet i dansk EU-debatt. Dåverande partileiar Holger K. Nielsen spelte ei heilt sentral rolle når det galdt å få danskane til å avvise Maastricht-traktaten ved ei folkerøysting i 1992 («Holger og konen siger nej til Unionen»), men partiet var også avgjerande for at EU kunne komme vidare etterpå. Steen Gade, som var meir EU-positiv enn partileiinga, fekk lagt grunnlaget for eit kompromiss kor Danmark fekk fritak frå integrering på fire felt: Eurosamarbeidet, sams forsvars- og justispolitikk, samt det såkalla unionsborgarskapet. I politisk daglegtale vert dei omtalt som «EU-forbeholdene».

Over tid er det likevel berre euro-motstanden som har vore hogd i stein, og her kan vel historia gje SF rett, uansett kva ein elles måtte meine om det europeiske samarbeidet. SF var med på nei-sida i euro-avrøystinga i 2000, og vann. I 2004 hadde Holger K. Nielsen (og kona) bevega seg såpass at han søkte mandat til å leggje partiet på ei meir EU-positiv line, og dei siste dryge ti åra har SF utan problem funne sin plass mellom dei partia som «gerne vil mere EU», slik det gjerne heiter i Danmark. Ifjor SF tilrådde eit dansk ja til å slutte seg til EUs patentdomstol, noverande partileiar Pia Olsen Dyhr har slått til ords for at Danmark bør gå inn i bankunionen, og denne veka var sirkelen slutta for SF. Saman med Venstre, Socialdemokraterne, Radikale Venstre og Det Konservative Folkeparti vil SF tilrå at Danmark skrinlegg sitt justispoliriske atterhald i ei kommande folkerøysting. Dato er ikkje sett, men det skal skje før utgangen av mars 2016.

Folkerøystinga vil be danskane ta stilling til om atterhaldet skal erstattast av ei såkalla «tilvalsordning». Istadenfor at Danmark automatisk står utanfor dette saksfeltet, ser forlikspartia føre seg at eit folketingsfleirtal kan seie ja eller nei til konkrete framlegg. At forliket om folkerøysting kjem no, handlar om dansk tilslutnad til EUs grenseoverskridande politisamarbeid, Europol. Mellom motstandarane – Enhedslisten, Dansk Folkeparti og Liberal Alliance – vert det på si side hevda at det ikkje er naudsynt å avskaffe justisatterhaldet for å dra nytte av kampen mot internasjonal kriminalitet.

Det er førebels uråd å seie om avrøystinga om justisatterhaldet kjem til å bli spennande. Uansett kva ein måtte meine om saka og framgangsmåten, er det til å håpe at statsministeren Helle Thorning-Schmidt (S) ikkje slo an tonen i debatten då ho presenterte kompromisset. Her heitte det at politisamarbeidet gjer det «tryggare å vere dansk og vanskelegare å vere kriminell.» Kva skal ein motstandar av overnasjonalitet stille opp med mot slikt? Det spørsmålet går mellom anna til lov-og-orden-partiet DF, som til liks med SF har gjort pragmatiske tilnærmingar til EU over tid. Ingen lyt tvile på at det er djupt EU-skeptisk, men idag er det ikkje lenger nødvendigvis tilhengjar av at Danmark skal seie opp medlemskapen. DF er likevel eit så uortodokst parti at kampen mot Brussel kan kjempast på fleire frontar. Partiet har lege i kontinuerleg strid med EU om grensekontroll, og i EU-parlamentet byggjer stjerna Morten Messerschmidt seg ei stor politisk framtid på heimebane gjennom å rase mot den mastodontiske arbeidsgjevaren sin.

Utanrikspolitikk plar ikkje avgjere danske folketingsval, og tilhøvet til EU vert ei sidesak i 2015, sjølv om DF og Liberal Alliance pliktskuldig har meldt inn at Venstres og Konservatives ja til å fjerne rettsatterhaldet gjer det vanskelegare å samarbeide etter valet. Det er det ingen grunn til å ta på veg for. Danmarks politiske framtid kjem til å verte avgjort av anna enn ei EU-røysting. Men danskane har, endå tydelegare enn mange andre EU-borgarar, vist at folkerøystingar er uføreseielege greier. At eitt av atterhalda faktisk skal opp til ny vurdering etter så mange år, er slik sett interessant i seg sjølv.

***

KJELDE:

Michael Seidelin (2004): Den stenede vej mod unionen. 50 års strid om europæisk enhed. København: Tiderne Skifter

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*