Danmark: Intet alternativ for Henrik Sass

Av | 30. mai 2016

Eg har i lengre tid pusla med ein artikkel om sannsynet for at statsminister Lars Løkke Rasmussen til slutt kan komme til å bli oppfatta som så giftig maktarrogant at Venstres einaste sjanse til å halde på statusen som det naturlege statsministerpartiet på borgarleg side kjem gjennom å byte han ut. Den skulle handle om kor hardhendt Løkke var i si avvising av at motstanden frå støttepartiet Konservative Folkeparti mot landbruksminister Eva Kjer Hansen måtte føre til hennar avgang, sjølv om eit latent fleirtal meinte at ho hadde gjeve utilfredsstillande informasjon til Folketinget. Til slutt var det Kjer Hansen sjølv, ikkje Løkke, som bøygde av, og saka illustrerte at ein mann som er blitt vant til å overleve alle politiske strider – og som ikkje nødvendigvis bryr seg om han får nokre skrammer undervegs – planlegg å halde fram som før, even if it kills him. Artikkelutkastet er lagt vekk, men ikkje pokker om eg sletter det.

Dei siste vekene har synt at liknande utfordringar finst også på venstre side av midtstreken. Alle veit at Socialdemokratiet er like avhengig av nykommaren Alternativet som Løkke er av røystene til Det Konservative Folkeparti, dersom partileiar Mette Frederiksen skal bli statsminister. Lite tyder likevel på at «partistrategen» Henrik Sass Larsen har lese det notatet. For nokre veker sidan gjekk mannen danske politiske kommentatorar gjerne berre kallar «Sass» – eit høveleg tilnamn, særleg i engelsk tyding – ut og stempla Uffe Elbæks såkalla «længselsparti» som rein bløff. Partiet er for oppteke av gode diskusjonar og for lite av å ta ansvar, buldra partitoppen. Han varsla samstundes at Socialdemokratiet ville halde fram linja med å søkje breie alliansar også med borgarlege parti i den økonomiske politikken. Viss Alternativet hadde problem med det, laut Sass forstå at partiet alltid hadde valet å felle ei sosialdemokratisk regjering og ta dei eventuelle konsekvensane.

Eg har elles ingen problem med å gje Sass litt rett i kritikken av Alternativet. Det er ofte vanskeleg å finne ut kva partiet konkret er for, og no kan eg leggje til ein viss frustrasjon over at også tilkomne alternativistar som folketingsmedlem Pernille Schnoor og eks-minister Manu Sareen fell tilbake på prosessargument når dei skal forklare kvifor dei kjenner seg meir heime der enn i sine gamle parti. Det handlar gjerne om ei haldning til korleis politikk bør forankrast («jeg har lyst til at være i en ramme, hvor man tænker anderledes»), heller enn kva den politikken helst bør vere.

Men det tyder ikkje nødvendigvis at utspelet frå Henrik Sass passerer som eit friskt innslag av modig og sann tale. Mest av alt slår det meg som nok ein freistnad på å tilsløre at Socialdemokratiet manglar eigen politikk eller ei uttalt retning for samfunnsutviklinga. Dersom Sass’ høgtenking samsvarer med Mette Frederiksens linje, så har S lært lite eller inkje av tida då Helle Thorning-Schmidt var sosialdemokratisk statsminister i ei koalisjonsregjering med SF og Radikale Venstre (2011-14/15). Sass signaliserte allereie i samband med dagpengekompromisset med Venstre og Dansk Folkeparti tidlegare i år at han ser på desse tre partia som ein potensielt «økonomisk ansvarleg» allianse, og då er ikkje avstanden lang tilbake til dåverande finansminister Bjarne Corydons avpolitiseringstese om «nødvendighedens politik». Førre gongen S sat med regjeringsansvaret plikta partiet seg som kjend til å føre vidare borgarleg økonomisk politikk «i bredeste forstand», og ryggmergsdemoniseringa av eit av dei få partia som i det minste har ambisjonar om å gjere opp med denne tenkinga, lover ikkje veldig godt. Ein kan like gjerne spørje om venstresida eigentleg er interessert i å nytte regjeringsmakta til noko som helst, dersom S også neste gong skal pantsetje påverknad hjå borgarlege parti, mest av redsle for Enhedslisten eller Alternativet.

No er det ikkje heilt sikkert at den nøyaktige kalibreringa av skremmeskotet mot Alternativet var avstemt med Mette Frederiksen. Sosialdemokratar gløymer ikkje at Svend Auken ikkje makta å veksle valsigeren i 1990 inn i ein statsministerpost, av di tillitsforholdet til Det Radikale Venstre som potensiell partnar var for dårleg. Frederiksen vil nok passe seg for å gå i same fella. Så kan det heller ikkje heilt utelukkast at dette simpelthen er Sass being Sass. Han gav Socialistisk Folkeparti det glatte lag då partiet gjekk ut av Thorning-regjeringa, har fleire gonger åtvara mot Enhedslisten, og Radikale blei gjenstand for grov utskjelling både før og etter Thorning-epoken. Kanskje kan Mette Frederiksen markere avstand frå Sass ved å la det skinne igjennom at stakkaren framleis ikkje heilt har fatta at Socialdemokratiet ikkje lenger er åleine i verda til venstre. Den meir alvorlege skadeverknaden er viss åtaket på Alternativet stadfestar ein mistanke hjå veljarar som leitar etter nye tankar at ingen parti tenkjer så tradisjonelt om samarbeidsformer og oppnåeleg politikk som Socialdemokratiet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*