Danmark: …og så var dei tre

Av | 22. november 2016

Når det stundar mot valkamp i Danmark heiter det gjerne at «luften skal rænses». Det er kodeord for at regjeringas parlamentariske fleirtal er truga, ikkje sjeldan av at det har komme til eit nytt parti. Ny Alliance ville manøvrere seg inn i Dansk Folkepartis (DF) posisjon i 2007, og statsminister Anders Fogh Rasmussen (Venstre) måtte ta eit folketingsval for å avklare situasjonen. På same vis kompliserte Alternativet (Alt) vegen vidare for Helle Thorning-Schmidts (Socialdemokratiet) regjeringa. Berre dersom nykommaren greidde seg over sperregrensa, kunne ein ha von om framleis fleirtal for sentrum-venstre.

Når så reinseanlegget har dukka opp som metafor i politiske analysar denne hausten, har det likevel hovudsakleg vore av di borgarleg sprikjer så mykje internt at det har vore uråd å sjå kor lenge den svake V-regjeringa til Lars Løkke Rasmussen kunne klamre seg til makta. Spørsmålet blei sett på spissen av dei ymsesidig utelukkande skatteultimatuma til Liberal Alliance (fem prosentpoeng lægre toppskatt til alle) og Dansk Folkeparti (nei til LAs ultimatum).Og bakom pressar lovande meiningsmålingar for det nye partiet Nye Borgerlige desse to partia frå båe kantar. Nye Borgerlige ser ikkje nokon motsetnad mellom DFs aggressive innvandringspolitikk og LAs gåvepakke også til folk som tener meir enn ein million, der Venstre opphavleg ville setje ei grense. Å skrive ut eit folketingsval på grunnlag av denne konflikten ville i nokon grad blitt eit «luften skal rænses»-val på Nye Borgerlige sine premissar. Partiet sit ikkje i Folketinget enno, eingong.

Men så tok overlevingskunstnaren Lars Løkke Rasmussen alle på senga, i to omgangar. Først utsette han framtinginga av ein langtidsplan for dansk økonomi («2025-planen») til etter sluttføringa av statsbudsjettet for 2017. Og endeleg; på Venstre sitt landsmøte i helga iviterte han Det Konservative Folkeparti og LA til forhandlingar, med mål om å danne ei treparti.regjering. Ikkje berre Lars Løkke Rasmussen, men også V-grasrota verka entusiastisk, nærast letta, over at ein hadde funne ein måte å dele makta på. Ja, V må gje frå seg nokre statsrådspostar, men lukkast prosjektet kan partiet få meir stabilitet i byte, og kanskje ein politisk dagsorden som flyttar seg til høgre.

Førebels har V, K og LA som venta slege fast at troikaen finn grunnlaget for å ei ny regjering å vere til stades. Det er diktert av dei politiske omstenda. Liberal Alliance har over ei årrekkje bevega seg frå å føretrekkje ei rolle som støtteparti av DF-typen til å sende litt varierande signal om kven partiet helst vil i regjering med (V og K eller V og DF?), men sidan folketingsvalet ifjor har Anders Samuelsen vore den borgarlege partileiaren som har pressa mest på for ei borgarleg koalisjonsregjering. Konservative kjem på si side no i regjering litt imot spelets gang, viss lesaren tillet ein fotballmetafor. Oppslutnaden på usle 3,4% fekk Pape Poulsen til å konkludere at var best for K å stå utanfor regjeringa etter folketingsvalet. Men opposisjonstilveret har ikkje løfta oppslutnaden – med eit mogleg unnatak for i vår, då K var nær ved å utløyse regjeringskrise med kravet om landbruksminister Eva Kjer Hansen (V) måtte gå av – og då har partiet kan hende meir å vinne enn å miste på å bli juniorpartnar.

For dei to største partia i dansk politikk – Socialdemokratiet og Dansk Folkeparti – er Lars Løkkes kriseløysing ei overrasking og ei utfordring. Ei breiare samansett regjering og kompromiss om toppskatten har rydda vekk trugsmålet om regjeringskrise og nyval. Det må frustrere S, som i motsetnad til alle partia på borgarleg side gjerne hadde innleidd 2017 i valkampmodus. Partileiaren, Mette Frederiksen, er mykje meir populær enn statsministeren, og meiningsmålingane tilsa at ho ville blitt ny statsminister. No må ho vente istaden.

Det er nok også DF takksamt for. Rot med bruken av EU-pengar har sendt partiet ut i si første verkelege tillitskrise andsynes veljarane. Her er også løyndommen bak det solide sentrum-venstre-fleirtalet i målingane gøymd. DF blør veljarar frå borgarleg blokk til sofaen og Socialdemokratiet. No blir påverknadsmakta på regjeringas politikk både større og meir synleg. Det kan vere kva DF treng for å byggje opp att tilliten.

Kva politikk ei ny regjering legg opp til, får vi elles ikkje vite før seinare i veka. Men vi noterer at Anders Samuelsen satsar på at det å truge seg til statsrådsplass vil gje han ryggdekninga han treng når LA no gjev opp sitt kategoriske skattekrav, Konservative har på si side gravlagd kravet om to prosent av bruttonasjonalproduktet til Forsvaret. Vi veit heller ikkje korleis fordelinga av postar og personar fell ut mellom partia. Men å spå at LA gjerne vil setje seg på eit viktig skatte- og økonomidepartement, medan K vil ha innverknad over til dømes justispolitikken, er ikkje særskilt dristig. For framtida til Venstre kan det også få sitt å seie kva departement partiet må gje frå seg, og kven som no må sjå seg om etter nye oppgåver. Lars Løkke sit framleis trygt som statsminister og partileiar, men det er like mykje av di arvefølgja er uavklart, som av di det er brei semje om at han er den beste til å leie partiet framover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*