Snart folketingsval: Alternativet, Frie Grønne

Av | 21. september 2022

Statsvitaren Kasper Møller Hansen kalla si store bok om folketingsvalet i 2019 for «Klimavalget». Skulestreikar og klimabrøl forplanta seg i ei kraftig opp-priotering av klimapolitikken då veljarane skulle ta stilling i valet. Frå venstre til høgre lova partia opptil 70% reduksjon av klimagassutsleppa. I ein uuttalt koalisjon med slitarar på leit etter eit verdig pensjonistliv (dei såkalla «Arne-vælgerne»), utgjorde dei Dansk Folkepartis Pia Kjærsgaard berre nokre år føre hadde avvist som «klimatosser» no ryggrada i eit nytt sentrum-venstre-fleirtal.

Med dette på minnet, er det freistande å lese Alternativets valresultat på bleike 3% som eit skremmande frampeik til perioden som følgde. Partigrunnleggjaren Uffe Elbæks demonstrative grep å erklære seg som Alternativets statsministerkandidat vekte openbert ikkje stor interesse, men partiet insisterte likevel på å unnlate å peike på Mette Frederiksen også etter valet. Det tente ikkje til annet enn at regjeringsgrunnlaget vart tinga fram utan alternativistar i møterommet, og etter ei tid konkluderte Elbæk igjen at tida var inne for å gje stafettpinnen vidare. Ingen tvilte på at planen hans var at Rasmus Nordqvist skulle ta over, men då medlemsdemokratiet hadde sagt sitt, sto likevel Elbæks medstiftar, Josephine Fock, att som vinnar.

For eit parti som frå starten marknadsførde seg som faneberar for optimisme og inkludering, med «brutto nasjonal lukke» som samfunnsmål og ein ny og opnare politisk kultur som middel, må det som så skjedde ha vore vondt: Vel hadde partiet også i velmaktsdagane i 2015-16 hatt nokre oppsiktsvekkjande personsaker, men Elbæk-krinsens oppgjer med Josephine Fock var av eit anna, meir brutalt kaliber. Anonyme vitnemål i avisa Information teikna biletet av at Josephine Fock var vanskeleg å samarbeide med, at ho kunne skjelle ut medarbeidarar og dessutan bli fysisk nærgåande. Kort tid etter melde Elbæk seg ut av partiet, og han har, korkje då eller seinare, lagt skjul på at hovudårsaka til brotet var det giftige forholdet til Fock.

Der og då såg Alternativet ut til å rotne på rot. Rasmus Nordqvist fann ein ny heim i Socialistisk Folkeparti, medan Uffe Elbæk fekk med seg folketingskollegene Susanne Zimmer og Sikandar Siddique på vegen ut av partiet. Den aldri kvilande gründeranda til Elbæk resulterte i det nye partiet Frie Grønne, med Siddique som leiar. Etter det nye programmet å dømme, var Elbæk no på veg attende i retning den venstreradikalismen han elles hadde lagt bakom seg då han frå seint 1990-tal vart sosialliberal kommunepolitikar, og etter kvart statsråd, for Det Radikale Venstre. Konfliktglade Sikandar Siddique presenterte iallfall Frie Grønne som eit «feministisk, anti-kapitalistisk, kompromisløst grønt parti».

Den læra må ein kunne seie at partiet også har levd etter. Dessutan har Siddique med ujamne mellomrom sete Frie Grøne på dagsorden med verdipolitiske utspel: Han gjorde Pia Kjærsgaard oppskriftsmessig rasande då han gratulerte landets muslimar med ramadan frå talarstolen i Folketinget, og då særlova for ukrainske krigsflyktningar var til debatt, markerte han Frie Grønnes motstand ved å rive sund lovteksten, som han kalla eit døme på ein grunnleggjande rasistisk asyl- og flyktningpolitikk. Kompromisslaus klimapolitikk har i praksis vist seg å tyde at FG konstaterer at klimaproblemet er så stort at partiet nektar å forhandle om noko som helst som har med klimaet å gjere, fordi eitkvart kompromiss er for svakt. Interessa for denne tilnærminga verkar ikkje nett overveldande: På gode dagar oppnår FG 0,5% oppslutnad på meiningsmålingane.

På ei anna tue sit restane av Alternativet. Torsten Gejl er den einaste attverande av dei fem representane som fekk veljarane si støtte i 2019, og som parlamentarisk einmannshær har han, fortenestefullt nok, makta å tvinge seg med i fleire forlik på til dømes klima-, kultur- og utdanningsområdet. Sjølv om det nok snarare er snakk om at partiet har fått lov til å slutte seg til ei ferdigforhandla pakke, så har den langt meir pragmatiske metoden gjeve Alternativet eit lite skin av påverknadsmakt.

Når kritikarar har kalla den trongbudde landskapen i det grøne Danmark for dei små skilnaders tyranni, så skuldast det ikkje minst endå eit parti med folketingsambisjonar. Oppsiktsvekkjande aksjonar for å dokumentere uakseptabelt dyrehald, kombinert med krav om nedlegging av dansk kjøtproduksjon, gav det nystarta Veganerpartiet dei underskriftene ein trong for å stille til folketingsval. Men i motsetnad til dei mellom Alternativet og Frie Grønne, galdt ikkje skilnadene her først og fremst kompromissvilje på klimaets vegner. Gjennom eit forløp så langt og bloddrypande bittert at det ikkje let seg attfortelje her, vart stiftaren, Henrik Vindfelt, som i grove trekk gjekk inn for ein politisk heller enn aktivistisk linje og dessutan ville tillate også ville invitere med seg andre enn ortodokse veganarar, først vald, så ekskludert og så vald igjen. Men på det tidspunkt var tolmodet med, og interessa for, partiet atter desimert.

På eit overordna plan kan alle sjå at Frie Grønne, Alternativet og Veganerpartiet er samde om at klima-, miljø- og naturkrisene er dei største menneskeslekta står framføre. I takt med at eit mogleg folketingsval har vorte synleg i horisonten, har det siste dryge halvåret også kalla på nokre rekneøvingar i klimaorganisasjonane og på sentrum-venstresida. Både Enhedslistens Pelle Dragsted og talspersonar for organisasjonen Den Grønne Studenterbevægelse har konstatert at dei tre partia er sjanselause mot sperregrensa kvar for seg, medan dei har ein viss moglegheit til å nå dei altavgjerande to prosent i oppslutnad viss dei slår seg saman. Viss ein føreset at eit venstreorientert fleirtal gjev meir aktiv klimapolitikk, kan framtida henge på dei tre småpartias samarbeidsvilje.

Og her er det – endeleg – ein viss framgang å spore. Medan Alternativet og Frie Grønne har nytta sommaren til å utveksle gjensidige passiv-aggressive invitasjonar til å underleggje seg den andre, byrja Veganerpartiet så smått ein konsolideringsprosess då det tok opp i seg småpartiet De Grønne, skifta namn til Grønn Alliance og byrja samtalar om å slå seg saman med Alternativet. I dag kom så meldinga om at den prosessen no kan kronast med siger.

Når det gjeld fredspiperøyksignala i retning Frie Grøne, har Alternativet vorte vifta vekk med store armrørsler. Sikandar Siddique held fast ved at FG som eit «venstrefløjsparti» ganske enkelt står for langt frå Alternativet. (Her kan det sjølvsagt heller ikkje utelukkast at Siddiques tidlegare røynsler med Alternativets partikultur også speler ei rolle.) Men vekas andre store nyheit er at Uffe Elbæk no er attende i partiet han ein gong skipa.

Noko sjokk er det kanskje ikkje. Det er ikkje meir enn ei dryg veke sidan han oppmoda Frie Grønne og Alternativet om å samle seg, og fleire har påpeikt at farvel-intervju med Elbæk i samband med det stundande valet har vore prega av ein påtakeleg varme i omtalen av hans gamle parti. Difor vågar eg meg på ein spådom: Uffe Elbæk kjem til å reversere avgjerda om å trekkje seg frå politikk – slik han i si tid gjorde om planen om å gje seg som leiar i Alternativet og attpåtil vart statsministerkandidat istaden – og søkje attval til Folketinget. Elbæk er fullt klar over at han er den mest kjende politikaren og den sterkaste merkevara Alternativet har, og han styrer sjeldan utanom ei tilsynelatande umogleg utfordring.

På direkte spørsmål seier han no at «[hans] udgangspunkt» er at han er ferdig på Christiansborg, men han kan heller ikkje dy seg for å gjere merksam på at «det er mange, der opfordrer mig til at stille op».

Eg trur ikkje han klarer å stå imot presset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*