Honduras: Dei første bloddråpane treff gata i Tegucigalpa

Av | 6. juli 2009

Krisa i Honduras vedvarar, og etter militærkuppet mot president Manuel Zelaya har det vore valdelege samanstøt mellom tilhengjarar av presidenten og det militære. Då Zelayas fly i går skulle landa i Honduras, blokkerte Hæren landingsstripa med utanriksministeren i spissen.

Manuel Zelayas parti, Partido Liberal de Honduras, er ein del av same internasjonale liberale rørsle som det norske Venstre, men den seinare tida har Zelaya stadig rørt seg nærmare sosialdemokratar og sosialistar som elles dominerer regjeringskontora over det Sør- og Mellomamerikanske kontinent. Eit tettare samarbeid med Venezuelas omstridde president Hugo Chavez har vore ein av tinga som har sett sinna i kok hjå konservative i Honduras. I nesten samtlige land i Sør- og Mellom-Amerika styrer sentrum-venstre-presidentar skuta, og etter mange år med politisk ustabile tilhøve og militær dominans har folkelege protestrørsler og radikale politiske grupper løfta fram presidentar trygt plasserte på venstrefløya – nokre meir revolusjonære enn andre.

Zelaya tilhøyrer ikkje tradisjonelt denne kategorien, men som president i eit av dei fattigaste landa i området treng ein gjerne politikk med ein viss sosial profil for å skapa anerkjenning og aksept i befolkninga. Pragmatisk som han er, har Zelaya vore populær som president i delar av sin regjeringsperiode, særleg blant fagrørsla og arbeidergrupperingar, men den seinare tida har stadig fleire lagt han for hat. Ei undersøking viste nyleg at berre snaue 20 % var fornøgde med han som statssjef, noko som er lågast på heile kontinentet. Dette i seg sjølv er vel ikkje grunn nok til å gjennomføra kupp, men saksbiletet er ei relativt kompleks smørje.

Eg skal prøva å forklara det heile:

Manuel Zelaya vart i 2006 vald til president i Honduras utan moglegheit for attval. Ifølgje leiar i Raudt Trondheim, Ronny Kjelsberg, som også står bak den velbesøkte bloggen http://venstresida.net/, har Zelaya sjølv sagt klart i frå fleire gongar at han ikkje stiller til attval.

OK. So far, so good. Men i artikkel 239 i Honduras’ grunnlov heiter det følgjande: «No citizen who has already served as head of the Executive Branch can be President or Vice-President. Whoever violates this law or proposes its reform [emphasis added], as well as those that support such violation directly or indirectly, will immediately cease in their functions and will be unable to hold any public office for a period of 10 years

Kvifor anklagar då Hæren og Høgsterett Zelaya for å prøva å snika seg til å bli vald på nytt som president?

Jo, det er fordi Manuel Zelaya ville ha ei folkeavrøysting om å oppretta ei grunnlovsgjevande forsamling som folk kunne røysta til ved sidan av kongress-, president- og lokalvala 29. november 2009. Ei slik forsamling ville i prinsippet kunne opna for endringar i grunnlova som gjer det mogleg for Zelaya å stilla til val som president på nytt. Zelaya kan uansett ikkje stilla no i november, men i perioden etter dette ville i så fall dét kunne vera ein moglegheit.

Folkeavrøystinga president Manuel Zelaya ynskte å halda 28. juni vart kjent ulovleg av både Høgsterett, Riksadvokaten og Kongressen. Zelaya-kritikarar hevdar at Høgsterett og det militære berre gjorde si plikt då dei arresterte presidenten, sidan han også sparka forsvarssjefen som nekta å distribuera røystesetlane og prøvde å gjennomføra ei folkeavrøysting som etter to av statsmaktenes skjønn var i strid med konstitusjonen.

Honduras har som første land sidan Cuba i 1962 vorte suspendert frå OAS (Organisasjonen for Amerikanske Statar). No har Cuba på ny vorte innlemma i det gode selskap, og Honduras står såleis åleine utanfor. Både SNs generalsekretær Ban-ki Moon, storparten av SNs 192 medlemsland, EU og USA har fordømt militærkuppet og krev at Manuel Zelaya vert gjeninnsett som president. Det trekkjer opp til kampar mellom demonstrantar og det militære kvar dag og mange hundre er førebels arresterte, mellom anna i samband med portforbodet som det nye regimet har innført under nyinnsett president Roberto Micheletti (som var president i nasjonalforsamlinga og naturleg rykka opp som statssjef då Zelaya vart avsett).

Kuppmotstandarar har allereie vist si tydelege misnøye med den nye presidenten, mellom anna ved å nytta namnet «Pinochetti» om Micheletti – noko som sjølvsagt er eit forsøk på å kopla militærkuppet til det som skjedde i Chile i 1973 då Salvador Allende vart fjerna til fordel for eit grusomt terrorregime representert ved general Augusto Pinochet. For militærkuppet i Honduras er faktisk det første i Sentral-Amerika sidan den kalde krigen, og for alle oss som trudde og håpa at geværets tid og makt i området var over og forbi, er det eit sørgjeleg skue som møter oss i bileta frå Tegucigalpa. Minst to menneske er hittil drepne som følgje av samanstøt, og desse to vert rapporterte å vera ein ung gutt og ei tenåringsjente som vart skotne av Hæren då dei prøvde å ta seg inn på flyplassen i hovudstaden i samband med president Zelayas mislykka landingsforsøk i går.

Eg fryktar dessverre at langt fleire dråpar blod og menneskelagnadar kjem til å verta spilte før stillheten atter senkjer seg over den frodige byparken El Picacho eit lite høgdedrag over sentrum av Tegucigalpa. El continente de la pasión treng stabilitet og utvikling, ikkje kruttrøyk med tretti år gamal odør.

_______________________________________________________
Tore Eikeland følgjer den politiske situasjonen i Latin-Amerika for Skrivekollektivet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*