USA: Demokratar i strid med seg sjølve samlast i Philadelphia

Av | 25. juli 2016

Hillary Clinton har alt i fleire tiår omtalt den systematiske undergravinga av henne og familien hennar frå høgremedia som «the vast right-wing conspiracy«. Republikanarane, på si side, strekar gjerne under Clintons hardhendte politiske stil og påståtte kynisme ved å tale om «the Clinton machine». Spør du tilhengjarane til Bernie Sanders, vil dei sikkert svare at… Les mer »

Danmark: Kva meiner DF om «brexit»?

Av | 22. juni 2016

For danske parti flest, er det lett å svare på kva utfall dei ønskjer av britane si folkerøysting om framleis EU-medlemskap på torsdag. Enhedslisten er imot EU-prosjektet i seg sjølv, og tilrår at britane forlet unionen (ofte kalla «brexit»). Alle dei vanlegvis EU-positive partia – Socialdemokraterne, Venstre, Dei Radikale, Dei Konservative og Socialistisk Folkeparti –… Les mer »

Danmark: Leiarstrid og tynn suppe

Av | 16. juni 2016

Danske politikarar har fått gjort ein heil del i det siste. Eit breitt fleirtal, som likevel og oppsiktsvekkjande nok inkluderer korkje SF eller Det Konservative Folkeparti, er samde om at det skal kjøpast inn 27 nye F-35 Joint Strike Fighter jagarfly. SF meiner det er for mange, medan K meiner budsjettramma vert for trong viss… Les mer »

USA: Paul Ryan er ikkje modig

Av | 8. juni 2016

Medan eg skriv dette, kan du lese følgjande overskrift på avisa New York Times si nettutgåve: «Paul Ryan Calls Donald Trump’s Atack on Judge ‘Racist’, but Still Backs Him». Det burde knuse alle illusjonar om at det er noko særskilt heroisk over det republikanarane sin øvste leiar i Representanthuset har sagt om partiets presidentkandidat. Ja,… Les mer »

Danmark: Intet alternativ for Henrik Sass

Av | 30. mai 2016

Eg har i lengre tid pusla med ein artikkel om sannsynet for at statsminister Lars Løkke Rasmussen til slutt kan komme til å bli oppfatta som så giftig maktarrogant at Venstres einaste sjanse til å halde på statusen som det naturlege statsministerpartiet på borgarleg side kjem gjennom å byte han ut. Den skulle handle om… Les mer »

Danmark: Å skiljast som vener

Av | 17. mai 2016

Det er ikkje godt å vite kva metafor som høver best om tilhøvet mellom Enhedslisten (EL) og Folkebevægelsen Mod EU. Både Enhedslisten og føregangarane Venstresocialisterne og Danmarks Kommunistiske Parti satsa på å få sine folk valde inn i Europa-parlamentet via Folkebevægelsen sin røystesetel, men formelt har sistnemnde alltid vore ein tverrpolitisk organisasjon. Tanken har heile… Les mer »