Stikkordarkiv: Dansk politikk

Danmark: Trengs SF?

Av | 17. april 2016

Eit påfallande særdrag ved dansk politikk er kor lite ettertrakta sjølve regjeringsmakta er. Hovudgrunnen til at den den sitjande regjeringa til Venstre-statsminister Lars Løkke Rasmussen står så svakt parlamentarisk, er at Dansk Folkeparti, som største støtteparti, insisterer på å påverke frå utsida, sjølv om det har høgare oppslutnad enn Venstre. Liberal Alliances regjeringsambisjonar kan endre… Les mer »

Danmark: Endå ei regjeringskrise avverja

Av | 6. april 2016

Det borgarlege Danmark held fram med å styre landet etter ein trugsmål/mot-trugsmål-logikk. Liberal Alliance trugar jamleg med alvorlege konsekvensar viss Venstres svake mindretalsregjering, leidd av statsminister Lars Løkke Rasmussen, ikkje går med på å seinke toppskatten. Då svarer Venstre med å utsetje forhandlingane. Så truga Det Konservative Folkeparti med å røyste for mistillit mot landbruksminister… Les mer »

Danmark: Rokaden kjem med sine eigne problem

Av | 1. mars 2016

Kjem utnemninga av Esben Lunde Larsen som erstattar for miljø- og landbruksminister Eva Kjer til å redusere konfliktnivået vis-a-vis Folketinget? Tja. Statsminister Lars Løkke Rasmussen (V) kan kanskje spørje Erna Solberg kor mykje meir harmonisk tilhøvet til støttepartia blei då ho flytta ansvaret for asylpolitikken frå den giftige Anders Anundsen og til Sylvi Listhaug? I… Les mer »

Danmark: Mistro erstatter mistillit, men Løkke overlever

Av | 27. februar 2016

Så blir det likevel ikke noe «gyllevalg» i Danmark. Ei knapp ukes stillingskrig mellom Lars Løkke Rasmussens (Venstre) mindretallsregjering og støttepartiet Konservative Folkeparti, fikk sin foreløpig forløsning i og med miljø- og landbruksminister Eva Kjer Hansens avgang lørdag. Konservative varslet onsdag at de var beredt til å gi opposisjonen flertall for et mistillitsforslag mot Kjer… Les mer »

Danmark: Fallhøyden øker for Venstre og Konservative

Av | 25. februar 2016

Onsdag morgen virket det sannsynlig at den bitre konflikten mellom Det Konservative Folkeparti og Venstre om landbruksminister Eva Kjer Hansens (V) påstått «misvisende» svar til Folketinget om konsekvensene av en landbruksreform og førstnevnte partis mistillitserklæring mot statsråden, til slutt ville kunne løse seg. Om så bare ved at hun sjøl tok ansvar og gikk av.… Les mer »

Danmark: Konservative kan utløysa regjeringskrise

Av | 24. februar 2016

Ikkje før hadde det hardt pressa Konservative Folkeparti (K), frå eit tilvere kring sperregrensa, med stive smil og heva glas feira sine første eitt hundre år, innan det kan kome til å felle ei borgarleg regjering. I ytste konsekvens kan det verta utfallet av at partileiar Søren Pape Poulsen og landbrukspolitikar Rasmus Jarlov toga mellom… Les mer »

Danmark: Opposisjon på S- og V-måten

Av | 24. januar 2016

Sidan Mette Frederiksen tok over leiarvervet etter Helle Thorning-Schmidt har danske sosialdemokratar nytta høvet til å flytte innvandringspolitikken sin til høgre. Etter folketingsvalet varsla Frederiksen at innvandringspolitikken hadde vore for slapp. Partiet inngjekk eit forlik med dei borgarlege om strengare krav for å få innvilga statsborgarskap. Så vart skrua stramma ytterlegare etter folkerøystinga om EUs… Les mer »

Danmark: Grenser, kontroll og dominoeffekt

Av | 6. januar 2016

Det er ikkje heilt greitt å vite kva ein skal leggje i måndagens avgjerd frå statsminister Lars Løkke Rasmussens Venstre-regjering om kontroller på grensa mellom Danmark og Tyskland. Tiltaket skal vere mellombels og kjem som eit svar på at Sverige har innført grensekontroll til Danmark som asylregulering. I første omgang skal kontrollene vare i ti… Les mer »