ABC til det danske folketingsvalget 2026, del III: O-Å

Av | 24. mars 2026

Den 24. mars (I DAG!) skal Danmark velge nytt Folketing. I den anledning lager Skrivekollektivet et hendig (?) oppslagsverk som du kan bruke til å gjøre deg kjent med stort og smått fram mot valget. Dette er tredje del. Les første del her! Og andre del her!

Signaturen jl er Jørgen Lien. –sol er Stein Ove Lien.

Les gjerne også våre ABC-er om kommunevalget 2009folketingsåret 2009folketingsvalget 2015 og folketingsvalget 2022!

O

“Også du, Arne?”. Det er alltid visse forventningar til statsministerens nyårstale når alle veit at det er valår. Lars Løkke Rasmussen (V) sette dagsorden for resten av valperioden då han brukte talen i 2011 til å varsle avskaffinga av tidlegpensjonen. I 2015 lanserte Helle Thorning-Schmidts tale gjennomgangstemaet for valkampen: Socialdemokratiet ville ta vare på “det Danmark, vi kender”. Og “kommer du til Danmark, skal du arbejde.” Båe fekk gode resultat.

Kommentatorane var samde om at Mette Frederiksen måtte lukkast med noko liknande i talen på nyårsdagen 2026. Det skuldast ikkje minst at Arne Juhl, partiets sjølvutvikla lakmustest frå folkedjupet, nokre veker tidlegare hadde sagt at han vuderte å røyste på eit anna parti.

For Socialdemokratiets idealveljar var det uforståeleg at politikarane ikkje kan innføre differensiert moms fordi det er teknisk vanskeleg. Og “sådan noget pis” det er å skryte av lågare avgifter på sjokolade, når ein istaden burde redusere momsen på frukt og grønsaker, refsa Arne Juhl. Dessutan ville han fryse pensjonsalderen og redusere den økonomiske støtta til Ukraina.

Om Mette Frederiksen ikkje kom Arne i møte i eitt og alt, så gav ho god plass i nyårstalen til å snakke om behovet for ei meir rettferdig pensjonsordning og kamp mot ulikskap,. Potensiellle veljarar fekk dessutan sjå ein statsminister som nesten berre snakka om heimleg politikk. Medan ho opna for lågare moms og kalla inn til forhandlingar om ein særskilt “daglegvare-sjekk” (sjå F – fødevarecheck i del I), var Ukrainas rolle avgrensa til ein retorisk pliktetappe og eit flagg ytst i biletkanten.

I slutten av februar fortalde Arne Juhl at han kjem til å røyste på Socialdemokratiet likevel. -jl

P

Pape Poulsen, Søren. Det Konservative Folkepartis tidlegare ordførar i Viborg nærma seg tiårs-jubileum som partileiar då han døydde i mars 2024, 52 år gamal. I båe verva viste han ei vilje til å gripe makta når den baud seg fram, sjølv om han opphavleg ikkje verka som det opplagde valet. Viborg var tradisjonelt Venstre-land, og topp-posten i partiet vart hans delvis fordi Konservative hadde hatt eit overforbruk av partileiarar i åra føre, og delvis fordi favoritten, Michael Ziegler, takka nei.

Nokre parti, som SF og Liberal Alliance, klarer seg best i opposisjon, medan til dømes Det Konservative Folkeparti fungerer best i regjering. Det galdt også Søren Pape Poulsen. Som justisminister i Lars Løkke Rasmussens elles kaotiske VLAK-regjering bidro han til å doble partiets oppslutnad i folketingsvalet i 2019. Rundt han fekk Venstre og DF meir enn nok med indre splitting, og hjelpt av støtt stigande målingar såg Pape ein sjanse til å strekkje seg etter den aller mektigaste stillinga i dansk politikk. I august 2022, på eit tidspunkt då Konservative var nesten jamstore med Venstre, erklærte Pape at han var statsministerkandidat.

Det skulle han nok ikkje gjort. Partiprogrammet var stolt kongeblått, men tolte ikkje den første trykktesten frå Socialdemokratiets spinn-maskineri. Og som ikkje det var nok, fall ekteskapet hans frå kvarandre meir eller mindre i realtid. Ektemannens løgner om si eiga livshistorie smitta av på Søren Pape, og det er ikkje rart at han mangla overskotet til å redde valkampen.

Pape kunne sikkert vorte velta som partileiar etter at valresultatet i november 2022 ikkje viste 15% som i august, men 5,5%, men denne gongen var det ingen Pape-type i kulissen som vågde å ta på seg ei håplaus oppgåve. Søren Pape Poulsen fekk ei hjerneblødning medan han heldt føredrag på ein konservativ strategikonferanse og døydde på sjukehus dagen etter. Det vart Mona Juul som, tvinga av omstenda, tok over partiet. -jl

PDO. Mattias Tesfaye (S) var innvandringsminister i den første Frederiksen-regjeringen, men ba til slutt offentlig om å få slippe ansvaret. Han sammenlignet det med å bære ringen i Ringenes Herre: «[D]u skal passe på ikke at have den på for længe, for så ødelægger det dig menneskeligt. Så bliver du ligesom Gollum», sa han til Berlingske i 2023. Siden overtok han justisdepartementet, som heller ikke er en ferie. Etter at SVM-regjeringen tiltrådte fant han endelig sin hylle; nå fikk forfatteren av Kloge hænder (2013), et kampskrift for praktisk utdannelse, ansvaret for skolepolitikken.

Tesfaye snakker omtrent like sakte som Harry Styles, og er derfor kjent som tenksom. I sin ministergjerning lovet han en «stram, ikke-skør udlændingepolitikk». Men han er ikke fremmed for å slenge noen nyanser ut med badevannet, hvis det trengs. Undervisningsministeren har gått ut mot det han kaller «pissedårlig opdragelse», oftest forkortet til PDO. Det var ministerens svar på avsløringer om økende vold i skolehverdagen, og et forsvar for lærerens autoritet, mer disiplin og retten til å gripe inn mot utfordrende elever. Han har, som leseren sikkert har skjønt, også samtaler med sin sosialdemokratiske kollega i Norge.

Utspillet fikk en blandet mottakelse. Flere fagfolk, interesseorganisasjoner og opposisjonen til venstre har kalt det «populistisk»  og «stigmatiserende», mens borgerlige debattører  er begeistrede. Tesfaye kaller det moderne, individualistiske synet på barneoppdragelse og skolen for «venstresidens helt store svigt.»

Mattias Tesfaye fikk en helt sentral plass på Mette Frederiksens kampanjebuss i kommunevalgkampen i fjor, og var vikar for statsministeren i en partilederdebatt på TV 2 News i folketingsvalgkampen. Det har fått sosialdemokratiske kremlologer til å se ham en joker til lederposten etter Frederiksen, selv om mange i partiet er skeptiske til å la en tidligere SF-er gå helt til topps. -sol

“Prisen på grisen.” Søren Gade kasta ikkje vekk tida på valkvelden i 2022. Allereie før valresultatet var klart slo Venstres store røystesankar fast at partiet hans ikkje burde utelukke å forhandle med Socialdemokratiet. Biletet den jyske gardbrukaren nytta gjekk rett inn i sitatsamlinga: “Alt afhænger af prisen på grisen.” Gade er for medviten om sin eigen sterke posisjon til å ta imot instruksar frå nokon, men at det var nett han som låste opp Venstres innette nei til Mette Frederiksen, må ha gjort Venstre-leiar Jakob Ellemann-Jensens audmjukande snuoperasjon litt lettare.

Det høyrer med til historia at Søren Gade sjølv vart inkludert i prisen. Ifølgje Lars Trier Mogensen og Henrik Qvortrup (Lev med det, 2023) var det då Socialdemokratiet aksepterte å gjere Gade til folketingspresident at det sokk inn hjå Venstre-forhandlarane at Mette Frederiksen & co meinte alvor med tanken om ei regjering på tvers av blokkene. -jl

Procesrisiko. Departementsspråk for at eit lovframlegg risikerer å verte underkjend av Den Europeiske Menneskerettsdomstolen. Dåverande integreringsminister for Venstre, Inger Støjberg, vart i 2016 åtvara mot “procesrisikoen” knytt til å tvangsseparere gifte, mindreårige asylsøkjarar, men valde å sjå vekk frå den. Ho mista folketingsplassen etter ei riksrettssak i 2022. Mykje tyder på risikoen for at ei lov kan verte omgjord ikkje lenger har den tiltenkte disiplinerande verknaden.

Socialdemokratiets såkalla “udvisningsudspil” er eit teneleg døme. Regjeringspartiet føreslår at ein utlending som vert dømd til minst eitt års fengselsstraff for “personfarlig kriminalitet” skal utvisast, uansett om det bryt med vilkåra i den europeiske menneskerettskonvensjonen. Korleis det let seg kombinere med lovnaden om å “respektere den internationale retsorden”, og til overmål kritisere Venstre for å vilje seie opp statsborgarskapskonvensjonen? Ved å innkassere ei forventa framtidig omtolking av menneskerettskonvensjonen, og elles snakke mindre om “procesrisiko” og meir om “at gå til kanten af konventionerne”. Vona er at ei erklæring der eit knapt fleirtal av medlemslanda i Europarådet ber Den Europeiske Menneskerettsdomstolen tolke konvensjonen slik at det vert enklare å utvise kriminelle, skal føre til ein endra praksis. Dei som veit mykje om slikt, er skeptiske. Det har fått kommentatorar til å spekulere på om føremålet med utvisningsreforma er å utnytte eit saktegåande system. Slik kan ein gje inntrykk av å vere meir kompromisslaus mot kriminelle utlendingar, i visse om at det uansett kjem til å gå lang tid før Danmark eventuelt vert felt i domstolen. -jl

Pyrrhos. Ideologisk definerer Det Radikale Venstre seg som sosial-liberalt. Skjønt, spør du sosialdemokratiske maktpolitikarar, protesterer dei høglydt mot at det skulle vere noko særleg sosialt i politikken til Radikale. Socialdemokratiet under Helle Thorning-Schmidt (2005-15) og under Mette Frederiksen (2015-) er nesten to ulike parti, men uvilja mot Det Radikale Venstre har dei sams.

Radikale Venstre visste å utnytte vippeposisjonen etter folketingsvalet i 2011. Regjeringspartnarane i Socialdemokratiet og SF måtte akseptere eit regjeringsgrunnlag kor “udgangspunktet for regeringen er [den førre borgarlege, min mrk.] VK-regeringens økonomiske politik i bredeste forstand”, og økonomiminister og partileiar, Margrete Vestager (R), veik ikkje ein tomme på at dei omstridde kutta i dagpengar til arbeidslause skulle gjennomførast. “Sådan er det jo”, var svaret då ho vart konfrontert med at fleire enn først trudd fall ut av systemet.

I dag er det nærliggjande å tenkje på slaget om dagpengane som ein pyrrhos-siger for Det Radikale Venstre. Dåverande statsminister Helle Thorning-Schmidt (S) fortalde nyleg om korleis ho følte at Vestager mangla forståing for Socialdemokratiets smertegrenser. Likeins er det som om erfaringane frå S-R-SF-regjeringa er overført som eit historisk traume til dagens sosialdemokratar. I 2019 gjekk S til val på ei eitt-parti-regjering, og regjeringssamarbeid med Radikale var heller ikkje førstevalet i 2022. (Sjå også R – Radikale Venstre, Det, S – Sass Larsen, Henrik) -jl

Qatar. Det var en annen tid. Det danske herrelandslaget i fotball samlet befolkningen i begeistring sommeren 2021, da fotball-EM 2020 endelig ble avviklet. Superstjernen Christian Eriksens livstruende kollaps i åpningskampen ga laget både sympati og vinnervilje, og danskene ble turneringens store overraskelse. Forventningene før verdensmesterskapet i 2022 var derfor høye. Riktignok skulle det foregå i november og desember, som var uvant, men Danmark gikk inn i turneringen som en joker.

Landslagssjef Kasper Hjulmand var nærmest et nasjonalikon. Mette Frederiksen, den gang statsminister for en sosialdemokratisk mindretallsregjering, inviterte ham til å holde foredrag på konferansen «Fremtidens Danmark». Han stod for en ny, mer progressiv lederstil, som snart skulle kollidere med kravet om sportslige resultater i Qatar.

Fotballverdenen hadde hatt 12 år på å finne grimase som kunne passe til utfordringen. Det var viden kjent at VM-verten i 2022 hadde bygget sine flotte, nye stadioner ved hjelp av underbetalt, innleid arbeidskraft uten rettigheter. Flere var døde. Sjeikdømmets holdning til kvinner og lhbt-personer var heller ingen nyhet. Det norske landslaget ble mer og mer tydelige i sin avstandstagen jo lengre fra sluttspillsbillett man kom (det var som nevnt en annen tid). Hjulmand og fotballforbundet DBU la heller ikke fingrene imellom. I hvert fall i opptakten.    

Før mesterskapet håpet Hjulmand på en fremtid der menneskerettigheter og FNs verdensmål ble styrende for hvem som får arrangere VM. I forkant var Danmark ett av flere land som planla at å skulle bruke et kapteinsbind i regnbuefarger, men det fikk FIFA satt en stopper for med en trussel om gule kort. Tidligere statsminister Helle Thorning-Schmidt, som leder DBUs «governance- og udviklingskomité», fulgte åpningskampen ikledd en jakke med regnbuedetaljer. Det ble imidlertid lite å juble for. Danmark røk ut etter gruppespillet med kun ett, lusent poeng. Kaptein Simon Kjær, hvis biceps altså egentlig skulle prydes av et flerfarget armbånd, innrømmet at det utenomsportslige hadde preget troppen. Den nasjonale felleskapsfølelsen var borte. Da Mette Frederiksen midt under regjeringsforhandlingene inviterte partilederne til å se kampen sammen, var det ingen som dukket opp.

Resultatene ble ikke bedre, og i 2024, en god stund etter at tålmodigheten med Hjulmands omstendelige spillestil tok slutt, gikk han av. Det var, påpekte Berlingskes politiske kommentator Bent Winther mens spekulasjonene om hans fremtid fortsatt raste, en parallell til Mette Frederiksen, som igjen var aktuell som generalsekretær i NATO: «Landstræneren og statsministeren tegnede under coronakrisen det »unikke danske«: Fællesskab, sammenhold, hjælpsomhed og sårbarhed. Men de blev begge ramt af virkeligheden, og i dag er tiden en anden.»

Kasper Hjulmand er nå trener for Bayer Leverkusen i Bundesliga. Mette Frederiksen er fortsatt statsminister. -sol

Quist, Kaare. Svært høy mann med etternavn som begynner på Q. Erfaren debattleder på statskanalen DR. Fikk kritikk etter den andre statsministerduellen mellom Mette Frederiksen (S) og Troels Lund Poulsen (V), fordi han tidvis lot dem styre debatten selv, med stoppeklokke og tema-kort, istedenfor å blande seg inn med kritiske spørsmål. Påstod i et intervju i 2022 at han drikker mer Cola Zero i valgkamper enn Inger Støjberg.-sol

R

Radikale Venstre, Det. Det er nesten som om Radikale Venstre ikkje klarer å unngå å sabotere forholdet til potensielle samarbeidsparti. Socialdemokratiets bitre minne frå Thorning-regjeringa er nemnde (sjå P – pyrrhos), men det skapte ny misnøye at Radikale i praksis felte Mette Frederiksens regjering på mink-rapporten. Partileiar Sofie Carsten Nielsen signaliserte visstnok at saka kunne ordnast minneleg, for så å verte overstyrt av partidemokratiet. (H. Qvortup/Lars T. Mogensen, Lev med det, 2023)

Som nemnd var eit ord ikkje heilt eit ord i 2022, heller. Nest siste ord er ikkje sagt før Martin Lidegaard seier “Venner, vi gør det!”, går eit sosialdemokratisk jungelord. Folketingsgruppa forkasta forhandlingsresultatet. Men partileiaren insisterer no på at denne gongen skal partiet hans i regjering.

Det kan lukkast, viss Mette Frederiksen har høve og lyst til å danne ei sentrum-venstre-regjering etter valet, mest truleg med Radikale, SF og Moderaterne. Mange såg teikn til opptining av den sosialdemokratiske isfronten i eit sjeldant fellesutspel med S og R i valkampen. Radikale har også tona ned gamle konfliktsaker som til dømes innvandring. Så spørst det om semja i til dømes miljø- og landbrukspolitikken kan kompensere for avstand i saker som skatt, pensjon og høgare utdanning. (sjå Y – yrkesretta)

Ei nesten like stor gåte som kvifor Radikale ikkje vart ein del av SVM-regjeringa, er kvifor tilhøvet til dei borgarlege partia framleis er så dårleg. Frårekna Dansk Folkeparti, burde det vere mogleg for eit næringsvenleg, økonomisk nøysamt liberalt reformparti å samarbeide til båe sider. Og tidleg i perioden freista faktisk Radikale Venstre, Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti å danne eit fellesskap, den såkalla “KLAR”-alliansen. Når den ikkje fekk mykje å seie, skuldast det mellom anna at LA etter kvart vart meir interessert i å samle borgarleg blokk.

Men to andre faktorar speler også ei rolle. For det første er det vanskeleg å overdrive kor sterk den gjensidige aversjonen mellom Radikale Venstre og DF er. Enkelt sagt ser Radikale på DF som uansvarlege populistar; DF meiner Radikale er ein spydspiss i den kulturelle demonteringa av Danmark.

Den andre faktoren tek oss attende til regjeringsforhandlingane i 2022. Socialdemokratiet er ikkje det einaste partiet som slit med å lite på Martin Lidegaard. I dokumentarserien Højskolen avviser Venstre-leiar Troels Lund Poulsen regjeringssamarbeid med Radikale, fordi partiet svikta på Marienborg. Det gjeld også back-up-planen, ei “blå midterregering”. -jl

Rettssak. Dansk Folkeparti og Radikale Venstre har i alle år vært hverandres takknemlige hovedmotstandere (se R – Radikale). Det er likevel en opptrapping at DFs partileder Morten Messerschmidt å trekke sitt motstykke hos Radikale Venstre, Martin Lidegaard, i retten for injurier. Etter at Messerschmidt tok til orde for såkalt «remigration» av muslimer høsten 2025, reagerte R-lederen skarpt. «Man vil gerne internere og deportere tusindvis af medborgere, bare fordi de har en anden tro eller har en anden hudfarve end de fleste af os, der er i rummet her». Slik fremstilte Lidegaard DFs forslag i en debatt under kommunevalgkampen i fjor.

Det kan hende Lidegaards ordlyd ikke er helt dekkende, men det er likevel uvanlig at relativt ordinære innlegg i en politisk debatt ender som advokatmat. Du må da også lete lenge etter eksperter som tror DF-eren kan vinne frem, men det er neppe poenget heller. Messerschmidt spiller overdrevet fornærmet, og får bekreftet overfor egne velgere at DF alltid er klare til å slå igjen.

Lidegaard, på sin side, har forsøkt å dreie Radikales oppmerksomhet mot annet enn «udlændingespørgsmål». Her får han likevel en mulighet til å trekke en grense. Slik kan han vise at Radikale Venstre fortsatt står trygt på partiets kjerneverdier, samtidig som han lar Messerschmidt fungere som ropert.

Det vinner begge på. -sol     

Rødt Venstre. Enhedslisten hører til på den ytterste venstreflanken, og har blitt en stadig mer stabil konstruksjon (se Ø – Liste Ø). Det har riktignok alltid vært murring, og utenriks- og sikkerhetspolitikk er en gjenganger hver gang Liste Ø har interne problemer. Her har ting skjedd fort. I 2022 droppet partiet målsetningen om at Danmark skulle melde seg ut av EU. NATO-samarbeidet er også fredet.

Etter Hamas’ terrorangrep mot Israel i oktober 2023 viste det seg at den palestinske organisasjonen DFLP deltok. Enhedslisten hadde et samarbeid med DFLP, og ga dem også økonomisk støtte. Partiet brøt alle bånd, men det var ikke populært i alle kretser. 22 medlemmer foreslo å gjenoppta støtten, men fikk et solid flertall mot seg på Enhedslistens årsmøte.

Høsten 2024 hadde Pelle Dragsted fått nok. I et intervju i Information ba Enhendslistens politiske leder folk som ikke tok avstand fra terror og vold mot sivile om å vurdere medlemskapet. Kort tid etter innkalte Enhedslisten til ekstraordinært årsmøte. Her skulle man ta stilling til partiets eksklusjonsparagraf, for å gjøre det enklere å kaste ut uromakerne, hvorav mange var samlet i fraksjonen Rødt Venstre. Eksklusjoner er ømfintlige saker i et parti som opprinnelig var en sammenslåing av forskjellige venstreradikale grupper og partier. Rødt Venstre mente partiet var blitt for toppstyrt, med for stor tro på det parlamentariske arbeidet. «Hvis man fortsætter vandringen mod at blive rent SF, så er jeg i hvert fald ikke med mere», uttalte Rødt Venstres talsperson Sejer Folke til Information. (Har sjekket, han heter det.)

Det ble ikke jevnt: 224 delegater stemte for å erklære Rødt Venstre for en «partiskadelig fraktion», mens 85 stemte mot (en stemte blankt). I dag er Rødt Venstre en egen organisasjon, men ikke et parti. Kandidater fra Rødt Venstre var med i valgforbund med blant andre Frie Grønne i København, for hvem Sikandar Siddique ble valgt til borgerrepresentationen. I nettmediet Solidaritet kaller Sejer Folke Rødt Venstre for «et enzym, som skal få folk til at tale sammen», hva nå det betyr. -sol

Råderum. (Formelt: Det finanspolitiske råderum. Folkelig: Råderummet.) Budsjett-teknisk term for eit estimat av kor mykje pengar det er att til nye politiske tiltak (skattelekutt, forsvarsinvesteringar e.l.) på eit gitt framtidig tidspunkt, dersom ein legg dagens nøkkeltal – vekst, offentleg forbruk, tilgang på arbeidskraft osb. – til grunn. Desse jamleg utarbeidde estimata legg føringar ikkje berre på kva politikk som vert ført, men også kva politikk som vert vurdert som mogleg å føre. Dei er nototisk usikre, noko som fleire gonger har utløyst kritikk når dei vert reviderte. (Ein vektig kritikk av korleis Finansdepartementet definerer vekst og økonomisk nytte, kjem frå Emma Holten (Underskudd, Res Publica, 2025)

Bakteppet for danninga av SVM-regjeringa er illustrerande. I 2022 forventa alle at dansk økonomi gjekk magre tider i møte, og regjeringsklæringa la vekt på at den uvanlege samarbeidskonstellasjonen skulle gjennomføre ein (underforstått: meir) ansvarleg økonomisk politikk, som berre var mogleg å realisere på tvers av høgre/venstre-aksen. Det galdt til dømes skattelette, lettare tilgang på importert arbeidskraft og den omstridde fjerninga av Store Bededag (sjå B – bededag i del I).

Tradisjonell politisk logikk tilseier at ei regjering vert meir populær i økonomisk gode tider. Men når regjeringas legitimitet byggjer på at det må strammast inn, vert det eit pedagogisk problem at det kjem ein lind straum av meldingar om at “råderummet” aukar. Korleis skal ein til dømes forsvare å spare tre milliardar på å avskaffe ein fridag når ei einskild pressemelding frå Finansdepartementet i februar 2025 varsla om 21 nye milliardar?’

Mot slutten av valperioden har det også oppstått ein debatt mellom regjeringspartia. Ein ting er kva pengane skal nyttast til (i den felles økonomiske planen legg regjeringspartia til grunn at mesteparten av nye inntekter må gå til å handtere eldrebølgje og auka forsvarsutgifter), men Socialdemokratiet stiller også spørsmål ved berekrafta i at så mykje av veksten er basert på importert arbeidskraft. Bodskapen sto i tydeleg kontrast til Mette Frederiksens kommentar i 2023 om at tilgangen på arbeidskraft var ei større utfordring enn pengar. Moderaterne og Venstre på si side, meiner denne arbeidskrafta er avgjerande for velferdsstatens framtid.

Sass Larsen, Henrik. Det er vanskeleg å overdrive kor sentral mannen alle berre kalla Sass var for utviklinga i Socialdemokratiet på 2000-talet. Saman med partileiar Helle Thorning-Schmidt etablerte han det strategiske parløpet med Socialistisk Folkeparti føre folketingsvalet i 2011. Men draumen om eit reint venstreside-fleirtal utan Radikale Venstre var ikkje det einaste som brest for Sass den hausten. Etter valet fekk Thorning beskjed om at Sass ikkje fekk tryggingsklarering på grunn av mistenkt kontakt med eit medlem av ein MC-gjeng. Då turde ikkje Thorning utnemne han til finansminister.

Sass sette seg mellombels på bakbenken i Folketinget. Comebacket som næringsminister i 2013 var ikkje spektakulært, men det stadfesta to ting: Han var posisjonert til å påverke partiets framtidskurs, og han fekk førstehandserfaring med kor slitsamt det var for Socialdemokratiet å dele regjeringsmakta med Radikale Venstre.

Begge delar prega Sass’ rolle i den nyslåtte partileiaren Mette Frederiksens periode som opposisjonsleiar. Parhestane Sass og Frederiksen sto saman om å kappe lojalitetsbanda til Radikale; i 2019 skulle Socialdemokratiet gå til val åleine. Og med sentrum-venstre-fleirtalet i hus, rekna alle med at Sass endeleg skulle verte finansminister.

Men, nei. Sass vart mentalt utkøyrd, og trekte seg frå både forhandlingane og frå ein tiltenkt plass i regjeringa. I ettertid har mange fortald om korleis Sass verka traumatisert av at han hadde vorte ofra i 2011. Han vart paranoid og kjende seg jaga av pressa. Og Sass hadde rykte på seg for å kunne vere brutal, sjølv på gode dagar.

Han sleppte taket i politikken til slutt, men det vanka nokre heva augebryn at han tok jobben som direktør i DVCA, ei bransjeforeining for kapital- og oppkjøpsfond. Diverre var det ikkje det siste ein høyrde om Henrik Sass Larsen.

Før jul i 2024 vart han henta av politiet. I september 2025 dømte Københavns Byret han til fengsel i fire månader for å ha lasta ned tusenvis av filer med overgrep mot barn. Retten avviste påstanden om at han etterforska moglege overgrep mot seg sjølv som spedbarn. -jl

Scavenius, Theresa. Viss du trudde Frie Grønne (sjå F – Frie Grønne) var det einaste partiet som kom til i kjølvatnet av at Alternativet valde ny partileiar i 2020, må du tru om att. Klimaforskaren Theresa Scavenius vart vald vekk som leiarkandidat, men svarte med å skipe partiet Momentum. Diverre lovde partinamnet meir enn ho klarte å levere. Ho var attende hjå Alternativet tidsnok til å verte vald inn i Folketinget i 2022. Og til å forlate partiet endå ein gong i 2023, etter ein konflikt med partileiar Franciska Rosenkilde som fekk henne kasta ut av folketingsgruppa.

Er Theresa Scavenius ein modig sanningsseiar eller berre umogleg å samarbeide med? I tida etter at ho braut med Alternativet har ho iallfall skaffa seg ei plattform som ein slags intern revisor i demokratiet. Ho har åtvara mot eit giftig arbeidsmilljø og ein hastverkskultur som kveler debatt og leier til at folketingsmedlemene ikkje set seg inn i lovforslaga. Tidlegare i år stevna ho den danske staten for å få domstolane til å vurdere om Danmarks avtale om at amerikanarane kan opprette militærbasar med eigen jurisdiksjon strir mot grunnlovas reglar for suverenitetsavståing.

Siste hamn på Scavenius’ politiske ferd heiter Grønne Demokrater. Også dette er eit sjølvskapt parti. I eit intervju på RADIO IIII har ho snakka om behovet for at også sentrum-venstre-veljarar som er opptekne av klimapolitikk og grøn omstilling fortener eit systemkritisk parti å røyste på. Grønne Demokrater rakk ikkje å skaffe tilstrekkjeleg mange veljarunderskrifter til å stille opp i folketingsvalet, men Scavenius stiller som einskildkandidat utan partiliste.-jl

Socialdemokratiet. “Mette Frederiksen har alltid rett. Det er berre kva ho har rett i som endrar seg.” Nokolunde slik oppsummerte journalisten Arne Hardis ein gong dei mange politiske hamskifta til Socialdemokratiets leiar dei siste elleve åra, de siste sju som statsminister. Den kan eventuelt supplerast med ein anekdote om at det ein gong gjekk ut ein beskjed til grasrota i svenske Socialdemokraterna: “Frå og med i dag har me alltid meint dette.”

For det er oppsiktsvekkjande kor få mislydar som slepper ut i Socialdemokratiet, sjølv etter 3 ½ års regjeringssamarbeid med arvefienden Venstre. Etter at 2019-versjonen av Mette Fredriksen, ho som tok farvel med fortidas “arbejdsudbudsreformer”, vart avløyst av ein Mette Frederiksen som sette spørjeteikn med danskens arbeidsmoral, avskaffa ein fridag og kalla arbeidskraft Danmarks nye valuta. Partiet har og gjeve større skatteletter enn førre borgarlege regjering, og skrytt av resultata utan å henge seg opp i kontrasten.

Ein av statsministerens mange styrkar er at verkar 100% overtydd om standpunktet, uansett om ho har skifta meining ein eller fleire gonger. (sjå L – lystbetonet). Under pandemien og i samband med grønlandskrisa har denne stålsette haldninga vore tryggande og sikra stø kurs, men i andre saker risikerer den å framstå som arrogant. Det er eit ope spørsmål om veljarane kjøper at Socialdemokratiet til dømes svarer annleis i regjeringsspørsmålelt for tredje gong på rad: frå ei rein S-regjering i 2019, via ei regjering over midten i 2022, til å halde begge vegar opne i 2026. Det einaste partiet absolutt ikkje kan gå på kompromiss med, er utanrikspolitikken, ein streng innvandringspolitikk og at regjeringa må søkje breitt samarbeid. -jl

Socialistisk Folkeparti. “Jeg har bestemt mig for at trække SF ud af regeringen”, sa SF-leiar Annette Vilhelmsen då SF avslutta samarbeidet med Socialdemokratiet og Det Radikale Venstre i januar 2014. Ordvalet var ikkje tilfeldig; det var Vilhelmsens avgjerd. Internt i regjeringa var Pia Olsen Dyhr imot, og då ho tok over leiarvervet nokre veker seinare gjorde ho det klart at det var ein føresetnad at SF skulle søkje makt igjen. No skal den strategien stå sin prøve.

I 2022 kunne Mette Frederiksen klare seg utan SF. Siden den gongen har det vore Socialdemokratiets sikraste allierte. Også når det er ubehageleg: SF har røysta for alle forsvarsmilliardane, baseavtalen med USA, granskinga av Forsvarets Efterretningstjeneste, og no støttar det også at utlendingar som får meir enn eit års fengsel skal kunne kastast ut av landet, sjølv om det kan bryte med internasjonale konvensjonar. Målet er at Socialdemokratiet skal oppfatte SF som påliteleg – og å verte så stort at det vert uomgjengeleg.

Tre og eit halvt år seinare sit erfaringene frå førjulsforhandlingane på Marienborg i 2022 framleis i. Pia Olsen Dyhr fortalde i den første partileiardebatten om kor vanskeleg det var å rikke på Venstre i landbrukspolitikken og å diskutere skatt med Konservative. Regjeringssamarbeid med dei to er uaktuelt, men det er annleis med Moderaterne. I utgangspunktet gjev det meining. Vegen til makt går gjennom sentrum, og Moderaterne har teke over posisjonen Radikale Venstre pla ha. Ein lyt berre håpe at SF-leiinga har førebudd både seg sjølve og grasrota betre enn sist partiet var i regjering. I 2011 vart SF-leiar Villy Søvndal skulda for å ha vore så oppteken av å komme inn i regjeringa at det spelte mindre rolle kva ein gjorde der. I tillegg til at SF berre stør ei regjering ein sjølv sit i, krev partiet mellom anna formueskatt, sprøytemiddelforbod og tiltak for å gje folk betre tid og betre råd. -jl

Svingdør. Det finnes ingen lovgivning som forhindrer folketingsmedlemmer i å tre ut av nasjonalforsamlingen på dagen. Dermed var det fritt fram for Jakob Ellemann-Jensen å forlate Christiansborg samme dag som han gikk av som leder for Venstre, for senere å bli visedirektør i danskenes NHO, Dansk Erhverv. Rasmus Prehn ble bare såvidt gjenvalgt etter komisk plunder med noen bilag, og fikk ikke plass i SVM-regjeringen. Etter noen år på bakerste benk trakk han seg for å bli adm.dir. i Økologisk Landsforening. Sofie Carsten Nielsen, som også måtte kjempe for gjenvalget, gikk av som leder i Radikale, og ganske snart ut av Folketinget. Hun er i dag, skal vi se, direktør for «DI Biosolutions & European Biosolutions Coalition» i bransjeorganisasjonen Dansk Industri. Jeppe Kofod (S), utenriksminister i Mette Frederiksens første regjering, mistet den faste plassen sin i 2022. Han ble imidlertid møtende vararepresentant for langtidssykmeldte Mette Gjerskov. Etter tre måneder valgte han likevel å prioritere konsulentfirmaet Kofod Global. KG har blant arbeidet for et australsk mineselskap med kinesisk deleiere, som har kommersielle interesser i Grønland.

Folketinget har fortsatt ingen karanteregler. Flere partier ser også misunnelig på Norges åpenhet om partifinansiering, som både er strengere og langt mer velfungerende enn de danske. -sol

T

Thorning-Schmidt, Helle. Leder i Socialdemokratiet, 2005-15. statsminister 2011-15. Ettertiden har fart pent med Helle Thorning-Schmidt. Thornings regjeringsperiode er fortsatt kontroversiell internt i Socialdemokratiet. Da Mette Frederiksen tok over, ble det oppfattet som et oppgjør med forgjengerens sentrumskurs, særlig i den økonomiske politikken. Thorning har stort sett holdt seg unna hjemlig politikk, og skjøttet sine mange styreverv, herunder som medlem av Facebooks Oversight Board.

Det er likevel to ting som holder navnet varmt i danske medier. Det er ene er lokalpolitikken i København, hvor Socialdemokratiet de siste 20 årene alltid har vært på jakt etter stjernesigneringer som kan skape blest. Drømmekandidaten har, tross gjentatte spekulasjoner, andre stilt som ordførerkandidat. Til gjengjeld var hun uvanlig åpenmunnet i sin kritikk av Pernille Rosenkrantz-Theil, som fikk et katastrofevalg da S tapte makten i hovedstaden for første gang på over 100 år.

Det andre er Troels Lund Poulsen, og hans rolle i det som kalles skattesaken fra 2010-11, i tiden frem til Thorning ble statsminister. Den har vi absolutt ikke tid til å gå inn på, men Helle Thorning-Schmidt har flere ganger, også i valgkampen, krevd en unnskyldning fra Venstre-lederen, som var skatteminister på det tidspunkt. «Noen» sørget at for at skattedokumenter om Thorning og mannen havnet hos tabloidavisen B.T. «Noen» spredte også rykter om at hennes ektefelle Stephen Kinnock er homofil. Troels Lund hevder seg renvasket for anklager om at han var kilden, men den påstanden godtar ikke Helle Thorning. -sol

Tredje Erkendelse, Den. Omgrep lansert av Socialdemokratiets innvandrings- og integreringspolitiske talsperson, Frederik Vad, som nytta ein rapport om klanmentalitet og organisert kriminalitet i Sverige som utskytingsrampe for ein oppdatert analyse av stoda i Danmark. Nokre insikter hadde heldigvis etablert seg, konstaterte han; at det speler ei rolle kor mange innvandrarar som kjem (“første erkendelse”); og at ein måtte gjere noko aktivt for å få dei til å ta arbeid eller utdanning (“anden erkendelse”). Men no var Frederik Vad komen til sin “tredje erkendelse” (D3E).

“Den tredje erkendelse er jo så den, vi står over for nu, og den er ikke helt sivet ind, synes jeg, i store dele af befolkningen og heller ikke herinde på Christiansborg. Og det er jo en erkendelse af, at arbejde, uddannelse, bolig, turpas til foreningslivet og en pletfri straffeattest ikke er nok, hvis man samtidig bruger sin position til at undergrave det danske samfund indefra.”

Han åtvara mellom anna mot sosial kontroll og æresrelatert vald i muslimske miljø, imamar som ikkje anerkjenner dansk skilsmålslovgjeving og anna tilpassing til religiøse særkrav. Innlegget vekte mykje debatt. Kritikarane hevda at Vads retorikk var stigmatiserande, at den ville hemme integreringa, og at det var vanskeleg for den einskilde å verte frifunnen for mistanken om at hen eigentleg ønskjer å undergrave Danmark.

Eitt års tid seinare er D3E likevel å rekne for gamalt nytt. Ein rapport har dokumentert at nokre offentleg tilsette utøver sosial kontroll. Dansk Folkeparti føreslår å gjennomføre såkalla “sindelagssamtaler” med alle som søkjer om dansk statsborgarskap, og fleire parti vil ha absolutt stopp for tilkomne frå dei såkalla MENAPT-landa (Midtausten, Nord-Afrika, Pakistan og Tyrkia), fordi dei generelt vært rekna som vanskeligare å integrere. Socialdemokratiets forslag om å utvise kriminelle utlendingar har den tredje erkendelse-aktige tittelen Vi vil ikke dem, der ikke vil Danmark. -jl

Trepart, Den Grønne. Ideen om å overføre modellen med trepartssamarbeid frå arbeidsmarknaden (der partane oftast er arbeidstakarane, arbeidsgjevarane og staten) til landbruket vart opphavleg møtt med skepsis. CO2-avgift på landbruksproduksjon var vedteken, så kvifor reiv ikkje det tradisjonelle bondepartiet Venstre berre av plasteret istadenfor å forlenge smerta? Og kunne regjeringa, landbruket, naturvernarane og industrien verte samde om noko i det heile?

Det kunne dei, viste det seg. Faktisk fanst deler av løysinga i å auke ambisjonsnivået. Reformpakka Grøn Trepart omfatta ikkje berre CO2-avgift, men også ein ambisiøs plan om dyrking av ny skog og tilbakeføring av natur, og sikring av drikkevasskjelder. Staten skal bidra med pengar til å kjøpe opp landbruksjord for å redusere klimabelastninga.

Politisk er treparten ein suksess, men den er framleis full av snubletrådar, særleg for Venstre. I den andre statsministerduellen mellom Mette Frederiksen (S) og Troels Lund Poulsen (V) gjekk dei nærmast i vegen for kvarandre i hyllinga (“Vi kan være enige om at Treparten er fantastisk!”), før dei la seg i vass-skorpa for å diskutere forureininga frå svineproduksjonen.

Implementeringa har så vidt byrja. Det einaste vi veit, er at den vert dyr og komplisert. Det skortar ikkje på pessimistar. Fagminister Jeppe Bruus (S) er ikkje ein av dei. Han må berre håpe at tiltaket er populært nok til at han vert attvald. -jl

Ukraina-ekspertar. Til liks med virologar, lækjarar og epidemiologar under covid-pandemien, har Russlands invasjon i Ukraina gjort danskane kjende med ei rekkje forskarar og andre kunnige personar som freistar å gjere den daglege utviklinga forståeleg, Anders Puck Nielsen frå Forsvarsakademiet, russlandsforskarane Claus Mathiesen og Fleming Splidsboel er berre tre døme på ekspertar som har analysert troppeforflytningar, militærstrategiar og ukrainsk og russisk historie og kultur for meinigmann.

Og apropos Anders Puck Nielsen sette han og fleire andre forskarar i gang ein debatt om ytringsfridommen til akademikarar. Den tidlegare orlogskapteinen hevda at leiinga på Forsvarsakademiet ga han og andre instruks om å leggje band på seg når dei taler om aktuelle forsvarspolitiske spøsmål: “(…) [S]å længe, jeg snakker om de andre – USA, Rusland og Ukraine – er der fuldstændigt frie rammer. Men så snart det rører ved det danske forsvar eller Danmarks sikkerhed, skal man tænke sig mere om.” Forsvarsminister Troels Lund Poulsen avviste kritikken.

Ulikskap. Socialdemokratiet freista å gjere kamp mot ulikskap til eit gjennomgåande tema i valkampen. Då Mette Frederiksen føreslo å gjeninnføre formuesskatt var det mellom anna for å “tage toppen af uligheden”, og fordi “[Danmark] er for lille et land til store forskelle.” Inntektene frå formuesskatten skal finansiere eit tak på talet på elevar i småskuleklassane, og også dette vært framstilt som eit tiltak mot aukande ulikskap.

I starten verka det som om debatten kom til å likne den norske: Arbeidsgjevarorganisasjonane rykte ut med åtvaringar om tapte arbeidsplassar; rikingar truga med landeflukt. Men medan det her heime var høgresida som vart tekne i å omfamne misvisande eksempel, har Socialdemokratiet, konfrontert med unge gründerar og eigne reknefeil, byrjja rygge frå forslaget. No høyrest det nesten ut som om statsministeren tryglar potensielle samarbeidsparti om å tvinge henne til å forhandle det vekk. Venstre, derimot, ville gjerne diskutere formuesskatten. Partileiar Troels Lund hevdar, på inn– og utpust, at skatten “vil gøre Danmark fattigere”. Nokolunde same bodskap kjem frå resten av blå blokk, og frå Socialdemokratiets potensielle koalisjonspartnarar Moderaterne og Radikale Venstre.

Socialdemokratiets andre front i ulikskapsdebatten – tiltak for å motverke at budstadmarknaden vert ein ulikskapsmaskin – har fått meir merksemd i innspurten. Galopperande husprisar i hovudstadsområdet gjer det ikkje berre urettferdiig for dei som ikkje klarer å skaffe seg ein plass å bu. Dei bidreg også til dei heldigaste eigarane har sett bustadens verdi mangedoble seg, mens den andre stader nesten har stått stille. Med forslaget om å frita bustader under 1 million kroner for eiendomsverdiskatt for å redusere skilnader mellom distrikta og byane, gjev Socialdemokratiet seg inn på Danmarksdemokraternes (sjå J – jernmarker) territorium. -jl

Ungdomsoprør?. Som om ikkje dansk politikk var omskifteleg frå før (53% av veljarane bytte mellom vala i 2019 og 2022), så leverte også resultata frå skulevalet på ungdomsskular eit overraskande tronskifte: Stikk imot forventningane, og resultata frå 2024, vart Socialdemokratiet største parti med 23% av røystene. Regjeringspartiet detroniserte Liberal Alliance, noko som ga valvinnarane i Danmarks Socialdemokratiske Ungdom høve til å erklære at “undomsoprøret er afblæst.”

Sigeren sette utan tvil kveik i partiaktivistane, men ein lyt vere varsam med å overføre tendensen til den pågåande valkampen. Desse elevane er ikkje røysteføre enno, og viss veljarfolket i stort er representativt, kan dei allereie ha rokke å skifte parti fleire gonger. Den to veker lange simulerte valkampen gjekk føre seg heilt tilbake i januar – i praksis ei æve sidan i moderne politikk. Men for nokon kan denne første røysta forme ein gryande politisk identitet og inspirere til framtidig engasjement. -jl

V

Vatn. Danske statsvitarar liker å ramme inn valanalysane sine med eit tema som sette tonen i valkampen. Valet i 2019 døypte dei til “klimavalget”. 2022 handla om “kampen om midten”. No meiner nokre kommentatorar at 2026 kan kallast “drikkevandsvalget”. Får det gjennomslag, er det ein fordel for sentrum-venstresida.

Danmark er Europas største svineprodusent. Næringa er langt på veg basert på dyrking av for som krev bruk av gjødsel og sprøytemiddel for å verte effektiv og lønsam. Prøver frå drikkevasskjelder over heile Danmark viser restar av sprøytegift i grunnvatnet. Svaret frå ei samla venstreside – frå Alternativet til Enhedslisten, over SF og Radikale Venstre til Socialdemokratiet – er eit forbod mot å nytte sprøytemiddel i såkalla “drikkevandsnære områder” (ifølgje DR omfattar det ca. 6% av landbruksarealet).

I dei to TV-duellane mellom statsministerkandidatane har Mette Frederiksen svoltent gripe etter vatnet for å teikne opp ein klar kontrast til den umake regjeringspartnaren Venstre. Og spørsmålet er openbert vanskeleg for Troels Lund Poulsen, som svarer på vegner av Danmarks tradisjonelle bondeparti. Landbruks-Danmark er drive på defensiven når Troels Lund, i den siste duellen, braut inn fordi han “ikke kan have det siddende” på seg at han representerer nokre særskilte interesser. Han protesterte dessutan mot Mette Frederiksens (upresise) påstand om at ingen borgarlege parti vil ha sprøyteforbod. Du gløymte Der Konservative Folkeparti, supplerte statsministerkandidaten – og tapte potensielt nokre røyster på det. (sjå T – Trepart, Den Grønne.) -jl

Venstre. Liberalt sentrum-høgreparti, leidd av Troels Lund Poulsen. Referansane til Socialdemokratiet og Venstres kortliva samvær i Anker Jørgensens regjering (1978-79) var ikkje få då SVM-regjeringa såg dagens lys. Men denne koalisjonen heldt så nokolunde gjennom valperioden. Den vart hjulpen av at økonomien gjekk betre enn venta. Danmark fekk ikkje ei nøysam kriseregjering, men ei regjering som stadig fann nye milliardar (sjå R – råderum) til hjartesakene.

Kor kynisk det enn læt, hjelpte det truleg også Venstre som parti å skifte ut sin langtidssjukmelde partileiar, Jakob Ellemann-Jensen. Han tok støytten internt for å gje Venstre ein del av makta, men det var først under Troels Lund Poulsen og Stephanie Loses makkerskab (sjå M) at grasrota i partiet byrja slå seg til ro med regjeringas eksistens.

Han kan også syne til konkrete gjennomslag: Skattelettene er større enn under førre borgarlege regjering. Den grøne treparten inneheld økonomisk kompensasjon til bøndene. Forsvarsbudsjetta er auka. Det er opna for meir arbeidsinnvandring enn Socialdemokratiet normalt ville gått med på.

Ved halvgått løp kunne ein ikkje eingong avvise å gå til val på å attvelje SVM-regjeringa. Det er trass alt kjekt å utøve makt. Særleg viss du kan gje koalisjonspartnarane skulda for eventuelle nederlag.

Etter kvart byrja Venstres gamle kollegaerr i blå blokk å leggje om stilen. Det kom ikkje lenger passiv-aggressive påminningar om “svik”. Istaden samla LA, DD, DF og Konservative seg til “borgerligt konvent”, med den overordna bodskapen at Venstre var velkomne “heim” til sin “blå familie”. Det er vel også berre menneskeleg viss Troels Lund Poulsen kjende seg smigra av at Mona Juul (K) og Morten Messerschmidt (DF) utropte han til borgarleg statsministerkandidat.

Til slutt vedgjekk han det sjølv også: Hans “første prioritet” er å vere statsminister i ei borgarleg regjering. Valkampen har også bidrege til å snakke han lengre vekk frå ei ny regjering med Socialdemokratiet. Men har han teke farge av regjeringssamarbeidet likevel? Ikkje berre er han meir enn litt oppteken av Mette Frederiksen (“Du vil gøre Danmark fattigere!”). No kallar Venstre seg eit “liberalt velferdsparti”. -jl

Verneplikt. Sitert etter minnet skreiv Venstre-nestoren Bertel Haarder ein plass at nokre saker er for viktige til at han kan koste på seg å vere liberal. Liberal Alliance fekk ein leksjon i kvar den grensa går då partiet truga med å blokkere kvinneleg verneplikt. Den prinsipielle motstanden mot statleg tvang (for både kvinner og menn) tolte ikkje møtet med ein ny tryggingspolitisk røyndom. Når den utidsmessige liberalismen dessutan vart forsøkt supplert med omsorg for konservative kjønnsnormer (partileiar Alex Vanopslagh meinte ikkje det var “civiliseret” å sende kvinner i krigen, medan EU-parlamentskandidat Mads Strange uroa seg for befolkningsutviklinga.), gjekk det frå vondt til verre.

Sjølv om LA til sist slutta seg til både kvinneleg verneplikt og utvida tjenestetid frå fire til elleve månader, fekk saka noko av skulda for det skuffande resultatet i EU-parlamentsvalet. Mads Strange rota seg også ut i ein diskusjon om kvinners påståtte underprestasjonar i tankesport, til stor frustrasjon for medlemer av Liberal Alliances Ungdom.

Så seint som i førre veke fekk LAs kvinnsyn ein ny runde i manesjen. -jl

W

Weiss, Birte. Nokre veker etter at ho som braut barriera og vart Folketingets første kvinnelege formand, Pia Kjærsgaard (DF), heldt sitt siste innlegg, kom meldinga om at Birte Weiss er død, 84 år gammal. I 1998 var det meininga at ho skulle krone ein lang politisk karriere som folketingsmedlem og mellom anna helseminister for Socialdemokratiet under Poul Nyrup Rasmussen, med å verte formand i Folketinget. Men slik skulle det ikkje gå. Ein av representantane frå Færøyane trekte støtta, og i loddtrekkinga som følgde tapte Birte Weiss mot Ivar Hansen frå Venstre.

Elles er det ein eigen ironi i at det var nett Pia Kjærsgaard som fekk pionerstatus istadenfor Weiss. I heile si livsgjerning, som politikar, journalist og forfattar, var Birte Weiss oppteken av Danmarks humanitære ansvar og innsats for flyktningar og innvandrarar. Socialdemokratiets innanriiksminister (1993-1997) vart langt på veg ikjøtinga av alt Pia Kjærsgaard var imot. -jl

Welling, Sisse Marie. Overborgmester i København, SF. Det var utenkelig, helt til det ikke var det: At Socialdemokratiet ikke skulle styre hovedstaden fra Københavns rådhus. Det hadde de tross alt gjort i over 100 år. Partiet var skremt av at Enhedslisten ble største parti allerede i kommunevalget i 2021, men nå så de ut til å bli distansert også av SF. Europaparlamentsvalg er lett å avfeie som en free hit, et konsekvensløst ekstravalg hvor vanlige spilleregler ikke gjelder, men Socialdemokratiet kunne ikke bortforklare resultatet på under 10 prosent i København. Mette Frederiksen prøvde en finte: Københavns overborgmester, Sophie Hæstorp Andersen, ble ny sosial- og boligminister. Hun overtok den jobben fra Pernille Rosentkrantz-Theil, som dermed kunne bli ny toppkandidat på Hæstorps post i hovedstaden.

Resultatet ble skrekkelig. Rosenkrantz-Theil omkalfatret store deler av lokalpartiets politikk, uten at Socialdemokratiets bystyregruppe var helt med på notene. Tidlig i sin karriere hadde hun, som folketingsmedlem for Enhedslisten, bidratt til sitt partis gjennombrudd, men de personlige stemmetallene som S-kandidat i København var synkende. Forslag om gratis sykkeltransport av skolebarn og en lenge uavklart holdning til prestisjeprosjektet Lynetteholm (se ABC-en fra 2022) var bare to av grunnene til at PRTs kampanje aldri trakk Socialdemokratiets meningsmålingstall.

I ly for dette kunne SFs erfarne toppkandidat Sisse Marie Welling stille og rolig forberede seg på et kanonvalg. Alle visste at Enhedslistens ville bli størst igjen, men like klart var det at SFs mer moderate profil hadde bedre sjanser for å få et flertall bak seg. Socialdemokratiet advarte i voldsomme vendinger mot SF, folkesosialistene ble komfortabelt større: 17, 9 mot 12,7 prosent. Med hjelp fra Alternativet og storesøster Enhedslisten ble Sisse Marie Welling overborgmester samme natt som resultatet tikket inn.

I ettertid har Welling understreket at Socialdemokratiets angrep på SF «ikke har været opbyggende» for tilliten mellom partiene. Senere har hun klinket skårene med Mette Frederiksen, og ikke utelukket at SF kan gå i regjering med Moderaterne og Radikale. -sol

X Factor. Lengelevende sangkonkurranse som første gang ble sendt på Danmarks Radio i 2008, nedlagt i 2018. Umiddelbart overtatt av TV 2 Danmark i 2019, nå i gang med sin 19. sesong. DRs avgjørelse ble sett som en tilpasning av profilen før medieforhandlingene, hvor regjeringens seniorpartner Venstre ønsket seg et «mindre og mere fokuseret DR». (Det hører med til historien at DR allerede i 2010 lovet «ikke et større, men et mere fokuseret DR»). Medieforhandlingene endte med dype kutt, som Mette Frederiksens første regjering delvis avlyste. Politiken skriver at de borgerlige partiene, nå minus Venstre, igjen forbereder seg på å slanke allmennkringkasteren hvis de får flertall etter valget. -sol

Y

Yrkesretta. Når det skal peikast på at saksfelt der den særeigne SVM-konstruksjonen har gjort ein avgjerande skilnad, er reformane av vidaregåande og høgare utdanning ein god kandidat (!). Ikkje berre fordi den er omfattande, men fordi det er vanskeleg å førestille seg at den kunne vore gjennomført i blokkpolitikkens tidsalder. Tanken om at ei oppvurdering av yrkesutdanningane føresette eit oppgjer med ambisjonen om at stadig fleire skal ta stadig lengre utdanning, lanserte Mattias Tesfaye allereie for mange år sidan. Men kven trur vel at ei regjering som ville vore avhengig av støtte frå Radikale Venstre kunne gjennomført noko slikt?

I SVM-forhandlingane greip Socialdemokratiet sjansen. Og ganske riktig: Når Martin Lidegaard skulle grunngje det overraskande avhoppet i tolvte time, trekte han fram utdanningsreforma. Eit breitt fleirtal vart samde om å redusere opptaket til og omfanget av fleire universitetsstudium, og istaden kanalisere ressursane inn i nye yrkesutdanningar. Både Mattias Tesfaye og Mette Frederiksen har trukke fram nye videregåande fagutdanningar som eit viktig tiltak for å skape eit utdanningssystem som anerkjenner også dei som har praktisk kompetanse. -jl

Z

Zappa. Feiret dansk ungdomsbok av Bjarne Reuter (1974) og film, regissert av Bille August (1983). Fortsatt mest berømt for en scene hvor karakteren Mulle blir tvunget til å spise en snegle for å få innpass i guttegjengen. Å æde en skovsnegl er et dagligdags språklig bilde på å gjøre noe mot sin vilje, for å oppnå noe annet. Hyppig brukt av politikere og journalister om f.eks. Dansk Folkepartis forhold til Venstre (Mette Frederiksen (Socialdemokratiet), 2018) Viktor Orban (Morten Helveg Pedersen, Radikale, 2019), asylpolitikk (Benny Damsgaard, kommentator, 2022),  store bededag (Pernille Vermund (Nye Borgerlige, nå Liberal Alliance) og Karsten Hønge, (SF, 2023)), toppskatt (Morten Dahlin, Venstre, og Ole P. Kristensen, kommentator, 2023) siktelsen av Venstre-nestor Claus Hjort Frederiksen (Mads Kastrup, kommentator, 2023), sammenslåingen av regionene Sjælland og Hovedstaden (Thorstein Theilgaard, tidl. folketingsmedlem, SF, 2024) og verdenssituasjonen  i stort (David Trads, kommentator, 2025). Det mest minneverdige eksempelet kommer fra Enhedslistens Peder Hvelplund, som skrev på Twitter i 2018 i en debatt om obligatorisk håndhilsing ved statsborgerseremonier at man isteden kunne  «stille krav om, at de skal stå på hovedet, synge »slabadubadelle, jeg elsker frikadelle« og sluttelig æde en skovsnegl». -sol

Æ

Ærø. Bøker om å trappe ned/leve etter egne regler/ta et oppgjør med seinkapitalismens forkvaklede verdier/få mer tid til familien er ikke sjeldne, men Maj My Humaidans bok Erø manifestet. Om længselen efter et andet familieliv traff en nerve i 2023. Koronapandemien hadde gitt den delen av middelklassen i fleksible jobber flere enn noen gang en smak av hvordan en friere arbeidshverdag kunne se ut, og glørne fra den klimabevisste perioden ga fortsatt fra seg litt varme. Opp mot dette stod Mette Frederiksens formanende arbeidsetikk (se L – Lystbetont i forrige kapittel av ABC-en), sekundert av innenriksminister Kaare Dybvad Bek (S).

I boken skriver Humaidan om hvordan hun og mannen flyttet til idylliske Ærø, ga ungene hjemmeundervisning og frilanset til livets opphold med foredrag og artikler. De prøvde seg på en livsform som er velferds-Danmarks verste mareritt: at friske, voksne mennesker frivillig år ned i arbeidstid. Dybvads bok Arbejdets land, som utkom på slutten av 2023, var et manifest for det motsatte. Hans mest kjente utsagn er at foreldre ikke skal skamme seg over å være den siste som henter i barnehagen. Det viser bare at de jobber hardt. Dybvad og Humaidan argumenterte mot hverandre, både i bokform og i DR-programmet Debatten.

SF har lenge ønsket seg en såkalt «ro på»-reform. «Vi skal væk fra konkurrencestaten og præstationsræset og i stedet fokusere meget mere på, hvordan vi får et godt liv», skriver partiet på sine nettsider.  Nå vil partiet for alt i verden i regjering med Socialdemokratiet. Da kan de kanskje fatte mot ved å lese boken Sådan gør vi det lidt bedre (2025), en antologi om familiepolitikk redigert av folketingsmedlem Trine Bramsen (S). Helgen før valget la S dessuten frem sine forslag til en ny familiepolitikk, og her foreslår partiet blant annet å gi foreldre (med fulltisjobb) mulighet til å jobbe mindre mens barna er små. I et intervju hun sikkert allerede angrer på, har Mette Frederiksen også sagt at det ikke er noe problem om unge voksne tar opptil fire (FIRE?!) sabbatsår før de går i gang med høyere utdannelse. -sol

Ø

Ø. – Listebokstaven til det revolusjonære sosialistpartiet Enhedslisten. Grunnlagd i 1990 ved samlinga av dei tidlegare folketingspartia DKP og Venstresocialisterne, samt fleire mindre venstreradikale parti, innvald første gong i 1994. Enhedslisten heldt på å ryke ut av Folketinget i 2005, då partiet delte seg for eller imot den konservative muslimske kandidaten Asmaa abdol-Hamid. Etter det rikspolitiske gjennombrotet som – til sjuande og sist makteslaust – støtteparti for Helle Thorning Schmidts sentrum-venstre-regjering (2011-15), har skiftande leiarar freista å posisjonere EL som ein kravstor, men uomgjengleg del av ei såkalla “raud” blokk.

Viss du pressar EL-toppane til å nemne ei stordomstid, må dei truleg ty til åra som parlamentarisk grunnlag for Mette Frederiksens sosialdemokratiske soloregjering (2019-2022). Når dagens partileiar, Pelle Dragsted, skal argumentere for at Socialdemokratiet må samarbeide til venstre for seg, trekkjer han gjerne fram “forståelsespapiret”, eit framforhandla regjeringsprogram som for ga Enhedslisten ei hand på rattet. (Demokratiets aften, DR1, 21.3.26.)

Erfaringane med SVM-regjeringa har tilsynelatande auka den gjensidige mistrua mellom S og EL. Så lenge Mette Frederiksen ikkje utelukker ei ny sentrumsregjering, opnar Pelle Dragsted for å peike på SFs Pia Olsen Dyhr som regjeringssjef. For nokre år sidan tenkte han høgt om ein “håbets alliance” mellom Enhedslisten, SF og Alternativet. Eit meir sannsynleg scenario er at Enhedslisten møter til forhandlingar med krav om formueskatt, velferdsinvesteringar og avvikling av dansk svineproduksjon (sjå V – vatn). For meir om Enhedslistens politiske utvikling, sjå R – Rødt Venstre, og boka Det hærdede stål. Historien om Enhedslistens første 25 år i Folketinget (Kim Kristensen, 2019).

Ørsted. Da SF trakk seg fra Helle Thorning Schmidts SSFR-regjering i 2014, var årsaken at energiselskapet DONG Energy skulle delprivatiseres. Regjeringen fortsatte ufortrødent, nå uten folkesosialistene, og deler av DONG ble solgt til den kontroversielle investeringsbanken Goldman Sachs. Selskapet skiftet navn til Ørsted noen år senere, til stor frustrasjon for nordmenn over ca. 60 år, som kunne huske at «dong» for lenge siden var kjælenavn på noe annet. Ørsted er en stor aktør internasjonalt, særlig innenfor vindmølleutbygginger. Selskapet har satset hardt på USA, men har møtt heftig motstand fra Trump-administrasjonen, som er skeptisk til all grønn energi (den offisielle begrunnelsen er, vanligvis, «nasjonal sikkerhet»). Det har gjort at de nesten ferdige gigantprosjektene Revolution og Sunrise Wind ble satt på pause før jul. Etter en dommerkjennelse er prosjektene, i det minste i skrivende stund, i gang igjen. Revolution Wind leverer nå sin første strøm til kunder i New England-området. -sol

Å. Listebokstaven Alternativet har på røystesetelen. Grunnlagd i 2014 av,Uffe Elbæk og Josefine Fock som eit blokkuavhengig klimaparti, med ein ambisjon om å etablere “en ny politisk kultur” basert på verdiar som “empati” og “kreativitet”. Trass i dei fromme ambisjonane viste det seg ganske raskt etter gjennombrotet i folketingsvalet i 2015, at heller ikkje Alternativets politiske kultur var uproblematisk.

Fire år i ørkeslaus opposisjon tærte på eit utolmodig og idealistisk parti. Statsvitarane døypte folketingsvalet i 2019 til “klimavalget”, men valresultatet – 3% og halvert oppslutnad – var ein paradoksal kalddusj for Danmarks grønaste parti. Noko av grunnen til at Alternativet forsvann litt i valkampen, kan vere at partiet lanserte Uffe Elbæk som statsministerkandidat. Det stod også utanfor forhandlingane med sentrum–venstre-fleirtalet bak Mette Frederiksens første regjering. (2019-2022).

“Små skilnaders tyranni” (sjå F – Frie Grønne, fejler) heldt på å leggje partiet i grus. Men Alternativet er forfølgd av paradoks: Det er slett ikkje sikkert at partiet hadde stått sterkare med ei større, men splitta folketingsgruppe enn det ein oppnådde etter at arbeidshesten Torsten Gejl vart einsam representant i 2020. Partiet heldt seg flytande nok til at den heimvende Uffe Elbæk og sosialdemokratiske taktikk-røyster løfta det over sperregrensa i 2022.

Sperregrensa er hovudmotstandar igjen i år. Og ikkje ulikt i “klimavalget” i 2019, har Alternativet slite med å få full utteljing for at det har den allermest kompromisslause haldninga til den omstridde danske svineproduksjonen. Alternativet satsar på at dyrevelferd, vasskvalitet og klimapolitikk skal mobilisere veljarar som vil låse Mette Frederiksen til sentrum-venstre. -jl

Ål. Kva kan ein litt oversett minister gjere seg for å skape blæst om seg sjølv og fagområdet sitt? Fiskeriminister Jacob Jensen er jo Venstre-mann, så det er vel ikkje utenkjeleg at han henta inspirasjon frå Anders Fogh Rasmussen og Lars Løkke Rasmussens mange kanon-utval til kåringa av Danmarks nasjonalfisk.

Eit dommarpanel valde ut seks fiskeslag – torsk, raudspette, sild, makrell, havørret og ål – og på nationalfisk.dk vart kvar og ein heidra med eit slagord og ein valplakat “lavet med både AI og traditionelle verktøjer”: Torsken (“En stemme for nytår og hverdag”) har fått på seg slips, medan havørreten (“svær at fange – let at vælge”) er utstyrt med ein kaps. Den (solbrillekledde) sildas slagord – “Sammen er vi stærke” – er forresten så platt at eg mistenkjer at bruken av kunstig intelligens ikkje stoppa med den visuelle framstillinga.

Kanskje for at ikkje alt skullel framstå som eit skjemt, vart presentasjonen av kandidatane supplert med ein høgtideleg tekst om at (…) “valget skal være med til at sætte fokus på livet under havoverfladen – både kulturelt, historisk og kulinarisk – i en tid, hvor havmiljø og fiskebestande er under pres.” Ein i og for seg nobel ambisjon, men på grensa til dobbelkommunikasjon, hevda kritikarar. Bestanden av ål er nemleg så sårbar at det vert rådd frå å fiske etter den. Då ser det litt underleg ut at kanmpanjenettsida også inneheld serveringsforslag.

Jacob Jensen la ansvaretpå gaffelen til den einskilde: “Det er ikke forbudt at spise ål i Danmark, og i sidste ende må det være op til den enkelte dansker, hvad man ønsker at købe og spise (…)” Sjølve tittelen “Danmarks nationalfisk” gjekk til raudspetta. -jl

“Åndelig oprustning”. Mette Frederiksen har i fleire samanhengar invitert danskane til å ta del i ei anna opprusting, som skal gå føre seg parallelt med den militære: “Vi får brug for en oprustning, der er mindst lige så vigtig. Det er den åndelige”, understreka statsministeren på besøk på Aalborg Universitet. Å byggje opp “individuel modstandskraft” mot “konspirationsteorier, fake news [og] kunstig intelligens” blir (…) “avgørende for demokratiets fremtiden [sic]. Det gleda sikkert tilhøyrarane at universiteta ifølgje Frederiksen, kjem til å spele “en kæmpe rolle” i dette arbeidet.

Det andelege elementet i Mette Frederiksens rustingsstrategi handlar altså tilsynelatande om å skjerpe evna til kritisk tenking og demokratisk deltaking gjennom å sveise saman individuelt ansvar og teknologi-skepsis. Kyrkjeminister Morten Dahlin (V) tek både det andelege og opprustinga meir bokstavleg: Ein soldat som kjemper for Danmark, kjemper for kristendommen, fordi kristne verdiar er uløyseleg knytte til det danske.

Utspelet hausta kritikk frå fleire hald. I det framleis statskyrkjelege Danmark uttrykte kyrkja uro for politiske signal om kva som høyrer heime i preika. Representantar for Forsvaret åtvara mot at retorikken kunne (mis)forståast som del av ein religionskonflikt og potensieltsetje soldatar i fare. Heller ikkje Venstres regjeringspartnarar iModeraterne og Socialdemokratiet var synnerleg imponerte: “Vi går ikke i krig for kristendommen, men for fred, frihed og demokrati”,kommenterte Christian Rabjerg Madsen (S). -jl

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*