Danmark: Lex Frederiksen. Og Ellemann. Og Pape.

Av | 22. desember 2025

Danskane må velje nytt folketing seinast ved utgangen av oktober 2026. Meiningsmålingane har i lang tid varsla at den sjølverklært “mærkelige” blokkoverskridande koalisjonen mellom Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne ligg an til å miste fleirtalet med god margin. Opposisjonen til høgre (Liberal Alliance) og venstre (Socialistisk Folkeparti) har lenge stått sterkt, men det siste dryge halvåret har to andre høgreparti (Dansk Folkeparti og Konservative) også byrja vekse, utan å svekkje kvarandre. Dei gjer at det for første gong på årevis er mogleg å sjå føre seg eit fleirtal til høgre for midten. Dette igjen har skapt ein særeigen dynamikk mellom regjeringspartia, kor Venstre signaliserer at partiet kan vere interessert i å satse på ei borgarleg regjering etter valet. Ei retorisk omfamning av SF tyder samstundes på at statsminister Mette Frederiksen og Socialdemokratiet førebur ein liknande strategi på motsett side.

I midten står Moderaternes leiar, utanriksminister Lars Løkke Rasmussen. Isolert sett kan det paradoksalt vere positivt for han dersom Venstre og Socialdemokratiet fører valkamp på å returnere til ein tydelegare oppdeling mellom “raude” og “blå” blokker. Ettersom han allereie medan han var statsminister og leiar i Venstre i 2019 hadde teke til orde for eit tverrpolitisk samarbeid (1) fekk Moderaterne både ei eksistensgrunngjeving og eit truverde som Løkke i valkampinnspurten 2022 kunne veksle inn i ein vekst frå 2-3% til imponerande 9% av røystene. Bodskapen var at Moderaterne nekta å forelje i framkant kven det ville gje oppdraget som statsminister. Sakene var viktigast – “vi peger noget, ikke på nogen”.

Socialdemokratiet var tilsvarande strategisk utydeøeg om regjeringsspørsmålet. Partiet gjekk til val på “en bred regering”, gjerne saman med eit eller fleire borgarlege parti. Samstundes gjorde leiinga så lite som mogleg for å korrigere førestellinga mellom mange veljarar og tillitsvalde om at Socialdemokratiet eigentleg helst ønskte seg ei ny regjering basert på eit sentrum-venstre-fleirtal. På det siste halvåret fram til valet, auka partiet oppslutnaden frå lågt på tjuetalet og heilt opp i 27,5%. Det lukkast Mette Frederiksen å mobilisere både dei veljarane som rekna med at Socialdemokratiet til sjuande og sist ville halde fram med å samarbeide til venstre for seg, og dei som var nyfikne på ei regjering på tvers.

Resultatet kjenner me: Etter historisk langvarige forhandlingar, der skadeskotne Venstre laut overtyda seg sjølv om at skadeavgrensing også er ei form for makt, nytta Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne høvet til å skipe ei fleirtalsregjering med minste moglege margin. At Løkke og Frederiksen båe presterte slike imponerande sluttspurtar var heilt avgjerande for at fleirtal kom i hus.

Det kan verke urimeleg personfokusert å gje partileiarane så mykje av æra for resultatet, men eitt hovudfunna i den store veljarundersøkinga til forskarane Rune Stubager og Kasper Møller Hansen er at nettopp frontfigurane spelte ei større rolle for folks partival enn før (2) Difor vart det også ei solid oppreising for både Løkke og Frederiksen. Løkke hevda allereie på veg ut or døra til Venstres gruppemøte at han hadde veljarane i ryggen, sjølv om han skuffa partimedlemene (3), og kunne no erklære sitt namn og rykte for rehabilitert. Frederiksen fekk veljarmessig prov for at ein langvarig, intens og ikkje så reint lite konspiratorisk kampanje mot henne frå den borgarlege opposisjonen ikkje lodda særskilt djupt i veljarhavet.

Førre valkamp har ein tendens til å forme korleis me føresteller oss den neste, kan hende i for stor grad. Spora frå 2022 og tida etter er iallfall mange ved inngangen til eit nytt valår: All julinga Venstres dåverande leiar Jakob Ellemann-Jensen fekk for å ha gjort Mette Frederiksen til statsminister sjølv om han svor på å gjere det motsette, har halde både Venstre-leiar Troels Lund Poulsen og Konservatives partileiar Mona Juul frå å utelukke ei ny blokkoverskridande regjering. Me kan kalle det Lex Ellemann.

På liknande vis har både Pia Olsen Dyhr (SF) og, om enn i mindre grad, Alex Vanopslagh (Liberal Alliance), vore atterhaldne med å erklære seg som statsministerkandidatar, sjølv om meiningsmålingane til tider har utropt partia deira til anten størst på si side av streken (LA) eller jamstort med det tradisjonelle statsministerpartiet (SF). Det er naturleg å tenkje seg at dette delvis må skuldast kor hardt det gjekk ut over Konservatives oppslutnad då no avlidne Søren Pape Poulsen innleidde valkampen i 2022 med å utfordre V og S om statsministerposten. Den meir inngåande merksemda partiet blei gjenstand for, var utan tvil ei medverkande årsak til at støtta til Konservative mest kollapsa på berre nokre månader. Kall det Lex Pape.

Den tredje lærdommen frå 2022 trekte Pelle Dragsted frå Enhedslisten førre veke. Leiaren for det reformerte kommunistpartiet varsla at det første gong ikkje kan peike på Socialdemokratiets kandidat viss sentrum-venstre skal finne ein forhandlingsleiar etter folketingsvalet. I 2022 var Enhedslisten overtydd om at S ville gjere bruk av det latente sentrum-venstre-fleirtalet veljarane hadde røysta fram, men Mette Frederiksen nytta istaden fullmakta frå den radikale venstresida til å gå saman med to borgarlege parti.. Difor vil Dragsted no i første omgang peike på SFs Pia Olsen Dyhr som forhandlingsleiar. Med mindre Mette Frederiksen utelukkar å danne ei ny regjering på tvers av blokkene. Kall det Lex Frederiksen. Og han er ikkje åleine: På høgrekanten har Dansk Folkepartis Morten Messerschmidt kravd ei utelukking av Socialdemokratiet og Moderaterne for å gje oppdraget til Troels Lund Poulsen.

Eit slikt tverrpolitisk oppheng på å ikkje gjenta feila frå sist, gjer at partia risikerer å bli fastlåste og ha mindre handlingsrom etter valet. Valkampen neste år blir sjølvsagt ikkje ein eksakt kopi av 2022. Men utgangspunktet er til forveksling likt: Også no ligg Moderaternes og vaker rundt sperregrensa på 2%, medan Socialdemokratiet berre ser 20-talet på ein god dag. I begge partia er det som om håpet om ein ønskjereprise er det som førebels held desperasjonen på avstand på grasrota. Løkke og Frederiksen har løfta seg før, og difor kan – ! – dei klare det igjen. For Socialdemokratiet handlar det det om statsministerposten. Moderaternes utfordring er eksistensiell: Statusen som folketingsparti står på spel.

Og det kan jo tenkjast at Mette Frederiksen har hell med dei geopolitiske konjunkturane, slik at ho kan snakke mindre om Ukraina og USA og meir om ein differensiert pensjonsalder styrka velferdstenester og tiltak for å redusere høge matprisar. Det er tenkjeleg at Lars Løkke Rasmussen ein siste gong kan posisjonere seg som mannen i midten, som kanskje tilmed kan ta eit slagsmål med Socialdemokratiet, frå venstre om innvandringspolitikken, frå høgre om pensjon. Han treng trass alt ikkje meir enn to prosent av røystene, så lenge dei to prosenta kan avgjere kva regjering landet får. Men den Mette Frederiksen som fekk snudd skuta i 2022 har no tre års ekstra styringsslitasje å handtere. Moderaterne kjem også til å bli målt mot sin faktiske politikk, ikkje mot oppstartsverksemdas visjonsdokument. Kanskje er det slik, som Esben Schjørring nyleg skreiv i Altinget, at Mette Frederiksen etter kvart er blitt så upopulær at veljarane ikkje lyttar uansett – fordi det er Mette Frederiksen som seier det. Og Løkke er den einaste leiaen for eit av dei etablerte partia som er endå meir upopulær enn henne.

NOTER:

(1) Utspelet blei presentert i boka Befrielsens øjeblik. Samtaler med Lars Løkke Rasmussen. (Kirsten Jacobsen, 2019, Poliitikens Forlag)

(2) Sjå Partiledernes kamp om midten. Folketingsvalget 2022 (Rune Stubager, Kasper Møller Hansen, 2025, Djøf Forlag).

(3) Dette er omtalt fleire stader. Sjå til dømes: Lev med det. 181 scener fra Mette Frederiksens vilde tid ved magten (Henrik Qvortrup, Lars Trier Mogensen, People’s, 2023

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*