Skjer noko to gonger kan det vere eit tilfelle, men den tredje gongen er det ein trend, heiter det seg. Om så er, tenderer danske veljarar til å flokke seg om regjeringspartia Socialdemokratiet og Moderaterne under og etter dei siste vekenes tilspissing av konflikten mellom Danmark og USA om framtida til Grønland.
Måndag for ei veke sidan publiserte Voxmeter ei meiningsmåling (1) kor Socialdemokratiet blei målt til 21,2% (+1,4% frå veka før). Samstundes var Moderaterne oppe på 5%, eit oppsiktsvekkjande løft for eit parti som så seint som ved førjulstider hadde kurs mot sperregrensa. Dei overordna tala i målinga synte eit potensielt fleirtal for den breie venstresida (Socialdemokratiet, Socialistisk Folkeparti, Radikale Venstre, Alternativet) i samarbeid med Moderaterne, for første gong på lang tid.
Fredag i førre veke kom ei ny måling som fekk politiske kommentatorar til å kvesse pennane, fordi den ga nye indikasjonar i same leia: I avisa Politikens “politiske indeks” (2) hadde det til nyss nederlagsdømde Moderaterne plutseleg tredobla oppslutnaden frå desember, til 6,4%. Og her var styrkinga av regjeringas stilling endå meir markant. Medan desembermålinga gav Socialdemokratiet miserable 17,7% og såleis atterspegla nedgangen frå kommune- og regionvalet i november, kunne statsminister Mette Frederiksen i denne målinga innkassere ein framgang på heile fem prosentpoeng. Dersom statsministeren meiner alvor med at ho like gjerne kan sjå føre seg ei ny tverrgåande regjering etter neste folketingsval, kan det nemnast at valkalkulatoren i teorien gjev fleirtal til ei samlingsregjering mellom Socialdemokratiet, Venstre, Moderaterne, Radikale Venstre og Det Konservative Folkeparti. Mona Juul (K) er den einaste partileiaren i dagens borgarlege opposisjon som ikkje hat utelukka å gå inn i ei regjering med med Mette Frederiksen som statsminister. (At ei slik regjering truleg gjev betre meining på papiret enn ute i ei attkjenneleg politisk røynd, skal eg la liggje her.)
Og så, det tredje dømet, der det altså skal kunne avlesast ein trend; denne vekas måling frå Voxmeter (2). Her held oppturen fram for både Socialdemokratiet og Moderaterne. Førstnemnde aukar med to nye prosentpoeng til 23%, medan Moderaterne, utan tvil hjulpe av at partileiar og utanriksminister har vore ein stødig hovedperson i grønlandsdramaet, er heilt oppe på 7%. Også her er Moderaterne på vippen, med eit mogleg fleirtal til venstre, eller med med S, V, R og K.
Med dei vanlege statistiske atterhalda på minnet, er gjennomgangstemaet for alle desse målingane, som altså er tekne opp under eller like etter at Grønland kuppa heile nyheitsbiletet, at Mette Frederiksens sjanse til attval no ser betre ut enn for berre kort tid sidan. Dei borgarlege partias håp om fleirtal har basert seg på eitt av to utfall: Anten at Moderaternes krise var så djup at partiet fell under sperregrensa i neste folketingsval. Eller at Lars Løkke Rasmussen aksepterer å danne fleirtal med ei borgarleg blokk som omfattar alle frå Dansk Folkeparti til Moderaterne, samstundes som DF-leiar Morten Messerschmidt gjev opp ultimatumet mot å samarbeide med Løkke. Viss desse målingane står til truande, er begge deler blitt mindre sannsynleg dei siste vekene. Ikkje berre har Moderaterne distansert sperregrensa; Messerschmidt har også halde fram med sine harde åtak på utanriksministeren. Men kritikken frå Messerschmidt skuldast ikkje at Løkke har krangla med Donald Trump, sjølv om DF-leiaren så seint som for eit år sidan omfamna den nyvalde amerikanske presidenten. Nei, no hevdar Messerschmidt i staden at Moderaternes leiar er naiv og ikkje tilstrekkjeleg konfronterande. Det høyrest ikkje nett ut som ein invitasjon til eit stabilt, breitt samarbeid frå ytst på høgrekanten.
Overgangen til 2026 gjer at spørsmålet om når Mette Frederiksen kallar danskane til folketingsval har gått frå selskapsleik til ei konstant nærverande problemstilling. Signala i nyttårstalen – strengare innvandringspolitikk, seinka moms og moglege kontantutbetalingar for å hjelpe med høge matprisar – blei av dei fleste tolka som at statsministeren ikkje har hastverk. Men kan ho la seg freiste til å prøve å veksle framgangen i eit nytt folkeleg mandat? Det kan innvendast at så store utslag som ein har sett på meiningsmålingane dei siste vekene har ein tendens til å korrigere seg sjølv etter ei tid, og at regjeringspartias underliggjande utfordringar består.
Her trekkjer ein gjerne fram at Poul Nyrup Rasmussen ikkje fekk nokon gevinst av å lyse ut folketingsval i kjølvatnet av terroråtaka i USA i 2001. Det kan vere ein relevant parallell, ettersom Mette Frederiksen, før grønlandskrisa toppa seg, har fått merke ein betydeleg regjeringsslitasje frå veljarane, slik Nyrup også fekk.
Parallellen til 2001 blir ofte også nytta til å åtvare om at Socialdemokratiet risikerer å forrekne seg viss det tenkjer at utanrikspolitisk autoritet skal gje innanrikspolitisk utteljing, Døma på at utanrikspolitikk har spelt ei avgjerande rolle i ein folketingsvalkamp, er få. Eg trur dette i all hovudsak stemmer, men haltar ikkje jamføringa litt? Ein ting er at Poul Nyrup Rasmussen ikkje fekk statsmannspoeng av at islamistar gjekk til åtak på ein amerikansk metropol. Den heimlege relevansen i Nyrups kopling var ikkje openberr. Eg er ikkje like overtydd om at spørsmålet om at Grønlands plass i Kongeriket Danmark er truga på same måten kan isolerast som noko som høyrer den fjerne utanrikspolitikken til, og at slikt ikkje påverkar valutfallet. Sjølvsagt kjem valkampen til å handle mest om til dømes pensjon, matprisar og innvandring. Men samhaldet med Grønland har vekt ei nasjonalkjensle i veljarfolket som gjer effekten av det som har skjedd dei siste vekene meir uføreseieleg.
Får det Mette Frederiksen til å satse på eit snarleg folketingsval? Eg tviler, Men einkvar statsminister med sunne politiske instinkter må i det minste kjenne seg freista.
**
Noter:
(1) voxmeter.dk, 19.01.2026.
(2) “Tydelig Løkke-effekt i dugfrisk måling, Politiken, 23.01.2026.
(2) voxmeter.dk, 26.01.2026.
