Danmark: Stolt, men ikkje fortøydd

Av | 26. februar 2026

Danskane skal setje saman eit nytt folketing. Valdagen blir tysdag 24. mars. Det kunngjorde statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) frå nasjonalforsamlingas talarstol torsdag føremiddag

Takk for laget til Troels og Lars

Etter nokre veker eller månaders styrt avvikling går dei umake regjeringspartnarane, Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne, no frå kvarandre. Iallfall førebels. Mette Frederiksen var raus med rosen til partileiarkollegaene Troels Lund Poulsen (V) og Lars Løkke Rasmussen (M). Ho skrytte av det regjeringa oppnådd – militær opprusting, landbruks- og klimapolitisk trepartssamarbeid, velferdssatsingar, ja, tilmed skattelette blei trekt fram som positivt.

Men om Frederiksen er aldri så stolt over den sjølverklært “mærkelige” regjeringa sine politiske resultat, vil Socialdemokratiet stå fritt etter valet: “Kan det igen være et valg over den politiske midte? Ja. Hvis vi kan blive enige om de nødvendige balancer i politikken. Kan det være en regering med afsæt i den venstre side af Folketinger? Ja. Hvis den i øvrigt er manøvredygtig og kan samarbejde bredt.”

Mette versus the 1%

Og vurdert som startskotet på ein kort, intensiv valkamp var det venstreorienterte veljarar Frederiksen vende seg til i talen. Det seks milliardar dyre løftet om å innføre ein såkalla lilleskole, med maksimalt 14 elevar per klasse dei første skuleåra, skal finansiert med ein ny formuesskatt retta mot den eine prosenten med dei høgaste inntektene. I timen før ho gjekk på talarstolen for å utlyse valet røysta Folketinget dessutan for ein særskilt matsjekk, som gjev halvparten av danskane 2500 kroner i straksutbetaling for å bøte på høge matprisar. Store delar av den borgarlege opposisjonen står klar til å fordømme formuesskatten som ein misundelsesskat og matsjekken som sløsing. Det er som Socialdemokratiet vil ha det. Formuesskatten kan dessutan markere avstand til Venstre og Moderaterne.

No ventar både grasrota i Venstre og Mette Frederiksen på at ho får ein offisiell utfordrar i kampen om statsministerposten. (Frederiksen: “Man kan ikke luske sig til at blive statsminister i Danmark. Så jeg forventer, at der kommer en modkandidat.”) Det kan skje allereie i kveld, i valkampens første partileiardebatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*