Danmark: Mette Frederiksen vil regjere med dei borgarlege

Av | 5. oktober 2022

Tysdag føremiddag heldt statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) ein mykje rost tale ved haustopninga av Folketinget (video frå 17.52). Når ho ikkje nytta høvet til å skrive ut nyval, sjølv om eit mistillitsframlegg truga i horisonten konkluderte journaliststanden difor at det mest truleg ville skje på onsdag. Det var bakgrunnen for hennar lattermilde reaksjon på spørsmålet frå ein journalist om kva ho skulle gjere i morgon: «Det kan du da ikke spørge mig om!»

Men kva skulle ho elles sagt? «Det kommer en god løsning i morgen«?

Uansett var dei færraste overraska då ho på ein pressekonferanse dagen etter likevel kalla danskane til val tysdag 1. november. Og ho hadde faktisk med seg eit framlegg til ei løysing på alle avvisingane og ultimatuma som har prega diskusjonen om framtidige regjeringskonstellasjonar. Paradokset er berre at for å komme dit, måtte ho sjølv levere ei avvising. Mette Frederiksen går ikkje lenger til val på ei ny sosialdemokratisk soloregjering, men ho sa samstundes nei til å leie ei regjering med berre Socialdemokratiet og det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre. No er målet i staden ei såkalla «brei» regjering, som inkluderer eit eller fleire borgarlege parti.

Eg er neppe den einaste som tenkjer attende til valkampens opningsdag i 2019, då dåverande statsminister Lars Løkke Rasmussen (Venstre) sjokkerte heile det politiske Danmark ved å ta til orde for eit regjeringssamarbeid mellom Venstre og Socialdemokratiet. Den gongen møtte invitasjonen ein kald skulder hjå opposisjonsleiar Mette Frederiksen.

I dag var det Jakob Ellemann-Jensen (V) og Søren Pape Poulsen (Det Konservative Folkeparti) sin tur til å avvise tanken. «Danmark behøver en borgerlig-liberal regering», sa Venstre-leiaren, som i avisa Berlingske (05.10.22, ikkje på nett) har utdjupar kvifor han ikkje ser trongen for ei regjering på tvers av dei politiske blokkene:

«Vi [V og S, min mrk] mener jo noget forskelligt. 80 procent af de aftaler, vi laver, sker med 80 procents flertal i Folketinget. Er det ikke godt nok? Kan vi ikke få lov at være uenige om resten?

Søren Pape, også han statsministerkandidat, var heller ikkje lysten på å realisere Frederiksens samarbeidsprosjekt. Sjølv om han understreka at det naturlegvis er mykje ein kan samlast om i forhandlingar frå sak til sak, så er det viktigaste ikkje kven som samarbeider, men kva ein samarbeider om. Og då er avstanden rett og slett for stor. I internduellen med Venstre har Konservative pussa den borgarlege profilen, med tilnærma nullvekst i det offentlege og skatteletter frå topp til botn. Dette med tverrpolitiske konstellasjonar får andre leike seg med, let Pape tilhøyrarane forstå: «Alle mulige andre må godt gå i regeringen (sic) med Mette Frederiksen. Jeg kommer bare ikke til det».

Hjå Socialdemokratiets tradisjonelt nærmaste venner på venstresida, sprikjer reaksjonane. Det venstreradikale støttepartiet Enhedslisten åtvarar Mette Frederiksen mot å setje mykje av det som har komme ut av sentrum-venstre-styret i denne valperioden på spel. Pia Olsen Dyhr opprettheld Socialistisk Folkepartis lojale og konstruktive tilnærming, iallfall inntil vidare, og understrekar at partiet ønskjer Mette Frederiksen som statsminister. Viss SF ikkje blir ein del av regjeringa, er ein klare til å kjempa for sine saker i folketingssalen.

Etter denne vesle turneen i partilandskapet er det ikkje veldig overraskande at dei mest positive tilbakemeldingane har kome frå Det Radikale Venstre og Lars Løkke Rasmussens nye parti, Moderaterne. Båe har i lengre tid varsla at dei berre vil stø ei fleirpartiregjering. Radikale Venstres utgangspunkt er at Mette Frederiksen skal halde fram som statsminister, helst i ei regjering «med både røde og blå [parti]». Lars Løkke vil førebels ikkje ta stilling til kven han føretrekkjer som statsminister, men ambisjonen hans er ei regjering som speglar eit breiare lag av det politiske Danmark, og som gjer seg uavhengig av fløypartia. Han oppsummerer det med at det er «behov for en danmarksregering, ikke en regering med Danmarksdemokraterne»*. (DR, 05.10.22.)

Kvar etterlet dette Mette Frederiksen på valkampens opningsdag? Eit førebels svar er at det ikkje nødvendigvis er så viktig kva dei tonegjevande borgarlege partia seier nett no. Det er først viss eit endeleg valresultat syner at Lars Løkke Rasmussen kan bli tunga på vektskåla, eller viss dagens sentrum-venstre-fleirtal blir attvald med Radikale Venstres Sofie Carsten Nielsen som regissør, at det kjem i spel. Venstres eksplosive framgang i førre valkamp synte at det kan liggje eit stort veljarpotensiale i å appellere til den pragmatiske sentrumsveljaren som undrar seg over kvifor politikarane ikkje berre kan konsentrere seg om det som dei er samde om. Det tyder ikkje at Mette Frederiksen ikkje tek ein stor sjanse. Spørsmålet er om ein statsminister i utfordrarposisjon hadde så mange andre valmoglegheiter.

  1. Løkke har avvist å stø ei regjering med tidlegare V-nestleiar Inger Støjbergs nye parti, Danmarksdemokraterne. Han gjev opp DDs negative syn på internasjonale konvensjonar som ei hovudårsak.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*