Danmark: Nei, Lars Løkke blir ikkje statsminister etter valet

Av | 13. januar 2026

I ein kommentar i Altinget teiknar den alltid meiningssterke David Trads opp det han sjølv kallar “tre vilde scenarier” for det kommande folketingsvalet. I det første scenarioet blir Socialistisk Folkeparti større enn Socialdemokratiet; i det andre er SF bytt ut med Venstre; og i det siste scenarioet føresteller han seg at Troels Lund Pedersen blir statsminister. Trads reknar #1 og #2 som “moglege” utfall, men det første som meir sannsynleg enn det andre. Mest tiltru har han til at det blir borgarleg fleirtal etter valet, og at Venstre-leiaren – i dag forsvarsminister i ei tverrgåande regjering med Socialdemokratiet og Moderaterne – då blir regjeringssjef.

Kan hende slår det til. Summen av to sjokkerande svake valresultat på rad – i EU-parlamentsvalet i 2024 og kommune- og regionval i 2025 – og trenden i nasjonale meningsmålingar, tyder iallfall på ei alvorleg tillitskrise mellom veljarane og Socialdemokratietet er ikkje gjeve at botnen e nådd med DRs oppsiktsvekkjande desembermåling på 16,5%. Der var avstanden til SF nede på 0,5%.

Eg beit meg likevel mest merke i noko Trads skriv om Troels Lund Poulsens moglegheiter til å bli statsminister med Moderaternes støtte.

«Hvis det ender med blåt flertal, er der to scenarier: Enten et hvor Moderaterne skal være med, eller et hvor de ikke er nødvendige. I første scenarie er Lars Løkke Rasmussen (M) selvfølgelig i spil som regeringschef. I andet scenarie må det være bloks bloks største parti.» (Mi utheving),

Men at det skulle vere sjølvsagt at ein ikkje kan utelukke Lars Løkke Rasmussen som mogleg statsminister viss Moderaterne hamnar på vippen, inneber etter mitt å stire seg fullstendig på det som ofte blir mandaternes logik. Her er analysen at Moderaterne er det partiet som med størst truverd kan truge med å skifte side og danne fleirtal med sentrum-venstre, og at partiet difor kan krevje at Løkke blir statsminister for å bli verande i blå blokk. Dessutan kan Moderaterne styrkje saka si ved å syne til at Lars Løkke Rasmussen, i motsetnad til andre tenkjelege statsministerkandidatar som Alex Vanopslagh (Liberal Alliance) og Troels Lund Poulsen, har tidlegare røynsle som statsminister.

Når eg – med det som for tida er danske partileiarar si føretrekte retoriske støttekrykke – like har ualmindelig svært at se for mig at Løkke skulle komme nokon veg med å føreslå seg sjølv som statsminister, er det ikkje minst fordi det skortar på både legitimiteten og tilliten, både frå veljarane og frå dei andre borgarlege partia. Sidan David Trads ikkje skriv meir inngåande om eit tenkt valresultat, må me ta utgangspunkt i at det liknar så nokolunde på dagens meiningsmålingar. I så fall skal Løkke presse seg fram på vegner av 2-3% av veljarane, og setje til side kandidatar frå parti som har kanskje tre-fire gonger så mange røyster bakom seg. Det er ikkje noko formelt i vegen med det. I det nyss haldne kommune- og regionvalet finst det døme på ordførarar frå småparti. Men det er trass alt ein skilnad mellom eit konstitueringsmøte ein stad i Jylland og regjeringsforhandlingar. Også mange borgarlege veljarar vil truleg sjå på ein statsminister frå Moderaterne, eit parti som dessutan har mista to tredjedelar av oppslutnaden frå førre val, som ei hån. Med tanke på kor mykje juling Venstre fekk for å gjere Mette Frederiksen til statsminister i 2022, er det heller ikkje vanskeleg å førestille seg vreiden viss dei andre, større borgarlege partia overlet toppvervet til Lars Løkke Rasmussen.

Og uviljen mot Lars Løkke mellom borgarlege veljarar er berre ein del av likninga. Regjeringskoalisjonar blir skapte i skjeringspunktet mellom politikk og personkjemi. Ei hovudårsak til at eg er så skeptisk til premissen om at Løkke per definisjon kjem på tale som leiar av ei eventuell ny sentrum-høgre-regjering, er at han i så fall vil vere kringsett av mistenksame rivalar og gamle fiendar på alle kantar. Ingen av dei såg føre seg han som andletet på det borgarlege Danmarks attkome. Til dømes har Danmarksdemokraternes partileiar, Inger Støjberg, sådd tvil om Lars Løkke oppfyller partiets løfte om berre å støtte ein “blå” statsminister. Og seinast i ei ny bok om Venstres nære historie kjem det fram at Støjberg kjende seg utnytta og svikta av han då dei sat i regjering i lag frå 2015 til 2019, Det let ikkje nett sannsynleg at ho vil sleppe han inn att på statsministerens kontor.

Men som så ofte elles er det Morten Messerschmidt som går lengst i å bolte att døra. For leiaren i Dansk Folkeparti må det vere heilt uinteressant å skissere “vilde scenarier” om eit statsminister-comeback for Lars Løkke. Han garantiar for at ei ny borgarleg regjering blir utan Lars Løkke. Igjen verkar motstanden til å skuldast både politisk avstand og manglande personleg tillit. Vetoet kjem som eit framhald av Messerschmidts oppsiktsvekkjande harde åtak på Moderaternes partileiar frå Folketingets talarstol. Her gjekk han igjennom heile Lars Løkkes rikspolitiske karriere, og konklusjonen var at mannen er ein opportunist det er umogleg å lite på, og som dessutan ikkje er så borgarleg anlagt at det gjer noko. Dersom Messerschmidt skulle sleppe til Løkke etter ein slik retorisk landsutvisning, risikerer han å gjenta Jakob Ellemann-Jensens kardinalsynd, berre med nytt rollegalleri.

nei, det er ikkje på nokon måte sjølvsagt at Lars Løkke finst med på lista over moglege statsministerkandidatar, sjølv viss Moderaternes røyster kan gje høgresida fleirtal. Til det har han for låg oppslutnad og for få vener. Når eg likevel gjev såpass mykje plass til eit underordna poeng i ein analyse som artikkelforfattaren sjølv medgjev er medvite spekulativ, er det fordi Trads ikkje på langt nær står åleine om å dyrke forteljinga om at Løkke kan la seg lokke til å gå etter statsministerposten igjen, uansett kor liten støtte han har. Kommentatorar som Lars Trier Mogensen i den venstreorienterte avisa Information, Henrik Qvortrup i borgarlege B.T. og Niels Jespersen frå sosialdemokratiske Pio Pio har alle, til ulike tidspunkt, understreka poenget. Eg føresteller meg at hovudpersonen sjølv i grunnen finn det smigrande at dei ikkje vil sjå vekk frå han, sjølv om han står svekkja etter regjeringssamarbeidet.

Men sjølv om det lyt vere utelukka at han kan bli regjeringssjef, er det fullt mogleg å sjå føre seg at Lars Løkke kan manøvrere Moderaterne inn i ei sentrum-venstre-regjering, dersom pilane peikar den vegen etter folketingsvalet. Også jølv om han insisterer at han førebels “utrolig svært ved at se det for sig“. (35:00) Kanskje er førebuinga allereie i gang. Lars Løkke har iallfall understreka at han kan bli samd med Pia Olsen Dyhr i SF om mykje – og ho har kvittert for det same.


Idet eg sette punktum for denne teksten publiserte DR eit intervju med Lars Løkke Rasmussen i samtaleprogrammet Middag med magten. Her får han spørsmål om har lyst til å bli statsminister igjen. Svaret er klassisk Løkke: “Nej, altså ja, nej, altså… Hvad fanden skal jeg svare på det?” Så slår realismen inn: “Prøv lige at høre, det har jo intet for sig. Og så, i tilfelle me hadde gløymt det: “Jeg har været det to gange”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*