Danmark: Nyvalde og partilause

Av | 29. mars 2026

Dei siste dagane har stadfesta at vekene fram til eit nytt folketing konstituerer seg er vorte ei utrygg tid for nyvalde representantar. Laurdag 28. mars, fire dagar etter valet, vart ikkje mindre enn to av dei ekskluderte. På føremiddagen kasta Borgernes Parti ut Jacob Harris; seint på kvelden strauk Liberal Alliance Cecilie Liv Hansen frå medlemslistene. Såleis slår båe Mette Thiesens rekord frå 2022. Den gongen tok det bedagelege seks dagar før ho forlet Nye Borgerlige. Grunnen til at det førebels står uavgjort 2-2 mellom dei siste to folketinga er at Moderaternes Kristian Klarskov trekte seg tre veker etter valet i 2022, etter at det kom fram at han vore lite sannferdig om bakgrunnen sin. I motsetnad til Klarskov held både Harris og Hansen fram som partilause representantar.

I Borgernes Parti byrja ballen å rulle då Finans på torsdag skreiv at styraren av konkursen i selskapet til Jacob Harris og kona hadde meldt han til politiet for økonomisk kriminalitet. Den ferske folketingsmedlemen hevda si uskuld, men varsla at han hadde søkt permisjon på grunn av personlig belastning fram til saka var avklart. Altså, heilt til han ombestemte seg seinare same dag.

Herfrå er rekkjefølgja litt uklar: Ifølgje Harris var det partileiar Lars Boje Mathiesen som oppmoda han til å søkje permisjon, men etter kvart byrja presset for at han heller skulle trekkje seg og gje mandatet vidare til neste namn på BP-lista. Til slutt sende partiet ut ei pressemelding om at Jacob Harris var ekskludert. Etter først å ha understreka at han helst ønskjer å komme tilbake i BP, og ha solt seg i glansen av å være partiets “næststørste stemmesluger”, har han i ullike intervju opna for å søkje opptak i eit anna borgarleg parti, anten det er Danmarksdemokraterne, Liberal Alliance eller Dansk Folkeparti. Men dei to førstnemnde stengde døra omgåande. (Berlingskes nettutgåve, 28.03., kl. 19.39, 20.22)

Og då er me komne til Cecilie Liv Hansen. Liberal Alliances stjerneskot var allereie bystyremedlem og regionrådsrepresentant i Syd-Danmark då ho til si eiga overrasking vart vald inn i Folketinget etter å ha få fleire personrøyster enn den profilerte justispolitikaren Steffen Larsen. Men ho rakk altså knapt å gjere ferdig dei første “ny-på-Borgen”-intervjua før meldinga om eksklusjon kom. I eit Facebook-innlegg skriv Cecilie Liv Hansen sambuar at han har seld cannabis, men at kjærasten korkje kunne eller burde lastast for dette, og spør: “Hvis Liberal Alliance virkelig tror på personlig frihed og personligt ansvar, hvordan kan de så forsvare at straffe et andet menneske for noget, hun ikke har gjort?”

Dagen etter heng spørsmålet framleis i lufta, men det verkar som om LA har bestemt seg for at ein vil leggje hovudvekta på ein påstand om at Cecilie Liv Hansen har loge om saka: “Hun svarede troværdigt og på en måde, så vi troede på, at det ikke var rigtigt. Derfor fik hun lov at opstille for Liberal Alliance. Det har vist sig ikke at være sandt, og derfor kan vi ikke have tillid til hende længere”, seier gruppeleiar Ole Birk Olesen til DR.

**

Det er ikkje godt å seie kvar denne turbulente veke etterlet BP, LA og borgarleg blokk. Mykje er avhengig av at det ikkje kjem fram fleire ubehagelege avsløringar dei neste dagane. Men alle tre er sårbare. Borgernes Parti er uløyseleg knytt til partistiftar Lars Boje Mathiesen, men han kjem med ei førehistorie som eit mildt sagt uryddig organisasjonsmenneske. Heile opphavet til BP var at Boje skal ha vore for kravstor og eigenrådig som partileiar i Nye Borgerlige. Det partiet framsto som eit oppsamlingsheat av driftsusikre lykkejegarar. Jacob Harris bør vere eit eingangstilfelle for at ikkje assosiasjonen skal klistre seg til BP også.

Isolert sett kan Liberal Alliance sikkert tole å miste eit mandat, sjølv om Cecilie Liv Hansen openbert var ein dei satsa på. Partiet får håpe at det lukkast i å gjere eksklusjonssaka til eit spørsmål om at Hansen heldt att opplysningar. Mistanken om andrehandsskuld er ukledeleg, og LA har alt å tape på ein debatt om korleis ein sanksjonerer folk som har befatning med narkotika.

For den såkalla borgarlege blokka er den kortsiktige konsekvensen at Venstre, Konservative, DF, LA og BP ikkje lenger har eit teoretisk fleirtal saman med Lars Løkke Rasmussens Moderaterne. Ein konstellasjon som var frå før var usannsynleg, må no hente støtte frå to heilt urøynde einskildrepresentantar i tillegg. I klartekst har det berre blitt endå tydelegare enn før at Løkke ikkje kan truge Mette Frederiksen med ei borgarleg regjering når forhandlingane kjem i gang for alvor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*