Ein brennheit odør av kaprifol

Av | 8. juni 2008

Jeg tror, jeg tror på sommeren!
Jeg tror, jeg tror, på sol igjen!
Jeg pynter meg i sommerdrakt,
og hilser deg med blomsterprakt!

Jeg tror på drøm om sommerhus,
og sommernattens svale sus,
jeg tror på duft av kaprifol,
og syndere i sommersol!

Kva er vel ikkje meir passande enn å sitera refrenget frå klassikaren «Jeg tror på sommeren» av Elisabeth Granneman når no eit av sommarens høgdepunkt er i gong?

I dag starta EM 2008 (arrangert av Austerrike og Sveits) med brask og bram i Basel, der Sveits tok imot Tsjekkia. Ein ikkje ekstremt underhaldande kamp, må ein kunne seia, men likevel fylt med den magien ein meisterskapskamp, uansett valør, har.

Tsjekkia, anført av the Karel Kids, drog i land sigeren eit stykke ut i andre omgong då Václav Sverkoš (innbyttar for the tower of Koller) sette ballen i målet bak Sveits-keeper Diego Benaglio. Stillinga vart 1-0 og trenar Karel Brückner (ser ut som saksofonisten i eit nordnorsk danseband) og lagleiar Karel Poborsky (tidligare Man. Utd.-helt) kunne seia seg nøgde med tre poeng, om enn litt mindre nøgde med sjølve spelet til sine landsmenn. Få kan nok argumentera imot at Sveits spelemessig var best i dag.

Likevel: ingen ønskjer nok at eg skal referera EM-kampane her på Skrivekollektivet, men akkurat i dag må eg berre få nytta høvet til å belysa inngongen til tre vekers sportsleg påske – med oppstandingar og nedturar om ein annan.

Eg kan skriva innlegg om kor valdsamt eg hatar kvinnelege actionheltar som øydeleggjer filmgleda stadig vekk, kor glad eg er for at Obama vann nominasjonsvalet til Demokratane, kor lei eg er av at folk klagar på drivstoffprisane og kor provosert eg er av leikebutikkar/institusjonar retta mot born som berre MÅ snu på ein bokstav eller tre i logoen sin for å få den til å verka mest mogleg barnsleg.

Men dette skal eg ikkje gjera no. No skal eg berre gle meg.

Eg avsluttar med min eigne, høgst personlege versjon av slagaren eg opna innlegget med (teksten funksjonerar betre om du kan melodien):

Eg trur, eg trur, på sommaren!
Eg elskar, elskar dommaren!
Eg pynter meg i fotballdrakt,
og helsar deg med heimebakt!

Eg trur på draum om jubelbrus,
og spektakulære nettsus!
Eg trur på duft av Toblerone,
og sveitsarurets startgongong!

_______________________________________________
Dette innlegget er òg publisert på bloggen Statskanalen

Kategori: Fotball Stikkord: ,
Tore Eikeland

Om Tore Eikeland

Tore Eikeland, født 18.mai 1990, var skribent for Skrivekollektivet, og politisk kommentator med hovedblikk på Latin-Amerika og landene i og rundt den gamle Sovjetunionen. Den 22.juli 2011 ble Tore Eikeland frarøvet oss, i så altfor, altfor ung alder i forbindelse med massakren på Utøya.

En tanke om “Ein brennheit odør av kaprifol

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev – SKRIVEKOLLEKTIVET

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*