Det er ikkje godt å seie om valdagsmålinga i DR eigentleg roa nervane i Alternativet: 4,1% var såpass langt over sperregrensa på to prosent at leiinga i det grøne venstrepartiet anten kunne vere sjokkerte optimistar eller uroa seg for ei verkeleg grov feilmåling. Når alle røystene var telt opp var det siste tettast på sanninga, men med 2,6% av røystene returnerer Alternativet til Christiansborg med fem mandat.
Det er godt gjort. Små parti får nesten per definisjon mindre merksemd mellom valkampane, og det gjeld i endå større grad for parti som ikkje er i vippeposisjon. Då må du treffe med bodskapen dei siste vekene. Men truverd og sakseigarskap er slikt du byggjer opp gjennom grundig parlamentarisk rugbrødsarbejde, og innspurten fekk Alternativet utteljing for sitt langvarige fokus på dansk svineproduksjon og konsekvensane for klimaet, vasskvaliteten og dyrevelferda. Den borgarlege (eller borgerlingske, då) redaktøren i avisa Berlingske, Tom Jensen, slo rett nok triumferande fast at Alternativets samla tilbakegang motbeviste påstanden om at dette kunne kallast eit «svine- eller drikkevandsvalg» (Berlingskes «Borgerlige meninger»-blogg, 25. mars, seinare tapt til det djupe internetts arkiv), men saka ser litt annleis ut for eit parti som ikkje treng appellere til meir enn to prosent av veljarane.
Det Jensen ikkje nemner, truleg fordi det svekkjer poenget hans, er at Alternativet langt frå var åleine om å gjere desse sakene til eit gjennomgangstema. Om noko er meir det meir nærliggjande å forklare nedgangen til partiet med at det fekk så hard konkurranse om dette stanspunktet frå andre parti. Sentrum-venstrepartia som kravde sprøyteforbod og betre dyrevelferd gjekk uansett til saman meir fram (Enhedslisten +1,2%, SF +3,3%, Radikale Venstre +2,0% = +6,5%), enn dei gjekk tilbake (Socialdemokrateriet -5,6%, Alternativet -0,5% = 6,1%). Og me kan også leggje til Det Konservative Folkeparti (+2,3%), som gjorde si støtte til sprøytemiddelforbodet til ei markeringssak overfor grønne, borgarlege veljarar.**
I tillegg til den skjerpa konkurransen om desse veljarane, har eg inntrykk av at Alternativet fekk mindre drahjelp av «kamerat socialdemokrat» enn i førre valkamp. Eit sosialdemokratisk parti på veg opp hadde kanskje betre «råd til» å la ein partinestor som Mogens Lykketoft seie at han håpte Alternativet kom over sperregrensa i 2022. Denne gongen måtte alternativistane klare seg sjølve; Socialdemokratiet tok ikkje sjansen på ein styrt veljarlekkasje. Det hindra ikkje i Alternativet i å peike på Mette Frederiksen som statsministerkandidat, og det låg ei anerkjenning i at Frederiksen i den første debatten etter valet kalla det «mest realistisk» å undersøkje om det kan etablerast ei regjering med støtte frå parti «startende ved Franciska [Rosenkilde, leiar i Alternativet] og sluttende ved Lars [Løkke Rasmussen, leiar i Moderaterne]». Viss Moderaterne går med på å skape ei sentrum-venstre-regjering saman med S, SF og Radikale Venstre som også er akseptabel for Enhedslisten, er ikkje Alternativets mandat avgjerande. Men i motsetnad til under sentrum-venstre-fleirtalet i 2019-2022, er partiet iallfall tenkt inn som ein del av grunnlaget.
Til det føremålet mønstrar Alternativet ei spennende, men samstundes ganske urøynd folketingsgruppe. Av fem representantar er det berre to – Franciska Rosenkilde og den jyske tidlegare einmannshæren Torsten Geil – som har parlamentarisk erfaring. Christina Olumeko takka nei til attval, og korkje Sascha Faxe eller Helene Brydensholt fekk fornya tillit av veljarane. Dei har istaden vald Signe Wenneberg, Elise Sydendal og Anna Bjerre. Wenneberg er eit kjent fjes gjennom mange år som forfattar, programleiar, aktivist, utgjevar av nettavisa Den Lille Grønne Avis, og faktisk som tidlegare folketingskandidat for Socialdemokratiet.
Jamført med henne er Sydendal og Bjerre mindre etablerte, men denne veka gjorde Berlingske sitt for å endre på det. Begge dreiv nemleg valkamp saman med aktivistnettverket Jordskred, som støttar «progressive» kandidatar frå «forskellige grupper i klima- og Palæstina-bevægelsen samt feministiske grupper.» Tonen i avisas artikkel skaper eit inntrykk av at det er uklart om Sydendal og Bjerres lojalitet ligg hjå Jordskred eller hjå Alternativet i tilfelle kor dei to organisasjonane er usamde. Med tanke på Alternativets forhistorie med intern usemje og lojalitetar på kryss og tvers vert det spennande å sjå korleis partiet klarer overgangen til pragmatisk maktparti. (sjå «Scavenius, Theresa»)
** I dette reknestykket tek eg med parti som gjorde desse to sakene til omdreiingspunkt i valkampen. Moderaterne er eit grensetilfelle. Partiet støttar sprøyteforbod, men heldt ein så låg profil at det er tvilsamt om dei oppfyller kriteriet.
