Etter folketingsvalet: Borgernes Parti

Av | 7. april 2026

I lys av alt som har skjedd dei siste par vekene er det lett å gløyme att Lars Boje Mathiesens seinaste prosjekt faktisk er ein suksess. Ja, den låge sperregrensa på 2% gjer det litt lettare å lukkast. Ja, partia som startar med representasjon frå ein utbrytar i det sitjande Folketinget (Uffe Elbæk, Alternativet, Lars Løkke Rasmussen, Moderaterne, Inger Støjberg, Danmarksdemokraterne), har ein fordel men dei må også samle inn tilstrekkjeleg mange underskrifter. Til dømes har både Theresa Scavenius (Grønne Demokrater, 2026), DF-utbrytaren Christian Hansen (FOKUS, 2011) og Simon Emil Ammitzbøll-Bille (Fremad, 2020-21) hatt same utgangspunkt som Mathiesen og feila.

Småpartia har mykje å vinne på den implisitte legitimeringa dei får av å stå jamsides med dei etablerte i debattar og TV-sendingar. Sjølv ein uttalt systemkritikar og outsider som Lars Boje er sikkert sjeleglad for merksemda. Sjåarar av dokumentarserien Højskolen vart kjende med ein litt anann Boje, den tidlegare læraren. Men BP hentar likevel mest politisk energi frå sosiale medium. Heilt sidan han var ein slags frispelar i Nye Borgerlige har har han makta å fengje ein understraum i veljarhavet. På valdagen var desse veljarane akkurat mange nok (2,1%) til å trekkje BP inn i Folketinget.

No tyder det meste på at det også vart Den Siste Gode Dagen til partiet. Så snart valresultatet låg føre og det sto klart at fanst eit teoretisk borgarleg fleirtal med Moderaterne, Konservative, Dansk Folkeparti, Liberal Alliance og Borgernes Parti, byrja media å trykkteste den nye breiddehaldaren til høgre. Venstre-leiar Troels Lund Poulsen lova lenge at han berre ville vere statsministerkandidat for eit “regeringsdugelig blåt alternativ”. Det gjekk ikkje mange dagane før Lars Bojes nyvalde fotsoldatar gjorde det heilt klart at det var ein naiv draum å basere ei regjering på BPs mandat.

Det kjennest allereie lenge sidan at partieigaren skrytte av at BP kvalitetssikra kandidatane sine som om partiet var ei verksemd. Ein hadde lært av Moderaternes mange feilrekrutteringar, lovde han. Tru det. Like fullt viste det altså at Jacob Harris var meld til politiet for misbruk av midlar i familiens selskap, og nokre dagar seinare kunne ulike media dokumentere at partifellen Emilie Schytte, som elles er skulda for å kolportere pro-russiske talepunkt, hadde blåse opp ei stilling som hjelpelærar i kunstig intelligens til ei forskarstilling. Dei som gjekk lista over oppdragsgjevarar etter i saumane, fann dessutan utan ut at fleire påståtte samarbeidspartnarar avviste å ha hatt noko med henne å gjere.

Men då ho melde seg ut av partiet i helga – og med det halverte folketingsgruppa ti dagar etter valet – var det av andre grunnar: Emilie Schytte kalla Lars Boje Mathiesens prosjekt “et pyramidespil af hykleri og magtfullkommenhed” sentrert kring ein eineveldig leiar, som dessutan hentar politisk inspirasjon (“[er] enormt begejstret [for]”) tankane til Rasmus Munch Søndergaard. Kven han er? I kommentarfeltet legg Schytte ved ei lenkje til eit intervju kor Rasmus Munch Søndergaard hevdar at han har vore med på å skape innvandringspolitikken til partiet. Han er ein sånn fyr som ser ikkje noko kontroversielt i å hevde at danske politikarar må “sikre fremtiden for hvide børn”.’

Det er ikkje heilt enkelt å akseptere at det skal ha overraska Emilie Schytte at Borgernes Parti har ein ytterleggåande retorikk og politikk på innvandringsfeltet. Det er vel bare konspirasjonsteoriar om covid-19 og Verdas Økonomiske Forum som har vore like konstante tema for Boje på tvers av Nye Borgerlige og Borgernes Parti som “kampen mod islams indflydelse i Danmark”.

Og likevel: Bojes einaste attverande partifelle på Christiansborg, Nadja Natalie Isaksen, vart konfrontert med at ho, i ei melding på X ifjor, skreiv at Det Radikale Venstres nestleiar, Samira Nawa, berre er dansk “i juridisk forstand”. Etter å ha vakse opp i Aarhus har Nawa vore folketingsmedlem sidan 2019, men det held ikkje for Isaksen. “En kat bliver ikke til en hest, bare fordi den er født i en hestestald”. Isaksen står framleis inne for kommentaren, og partileiaren synest det “groteske” med debatten, er at det er så kontroversielt.

Dette er partiet som eit teoretisk borgarleg fleirtal var avhengig av, fram til avhoppa fjerna den moglegheita. Borgernes Parti haltar vidare – Boje konstaterer berre at det ikkje er uvanleg at nye parti har oppstartsproblem – medan Emilie Schytte lover å “gøre alt i [sin] magt for at realisere” det prosjektet ho gjekk til val på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*