Ho fekk ikkje særleg merksemd på valkvelden, og det tok ein god stund før Mona Juul fekk ordet i partileiarane sin debrief i Publicistklubben dager etter også. Men på hennar vakt har Det Konservative overprestert i tre val på to år. I europaparlamentsvalet i 2024 blei Konservative, med den relativt ukjende (men likevel omstridde, sjå «Ecco») Niels Flemming Hansen som førrstekandidat, fjerde største parti, trass i at målingane synte at han risikerte å ikkje komme inn. Kommune- og regionvalet på seinhausten ifjor resulterte i ei særs overraskande auke i talet på ordførarar. Og no sist, i slutten av mars, 7,6% av røystene i folketingsvalet, framgang på 2,1% og det beste resultatet på 19 år.
Er det eit element av konservativt spin å framstille kommune- og EP-vala som triumfar? Ja visst. Partiet gjekk faktisk klart tilbake i begge to. Men ut frå føresetnadene er resultata imponerande. Under Mona Juul er Konservative eit parti som løftar seg i valkampen. Ho kan ta desse resultata til inntekt for at posisjoneringa av partiet som det mest samarbeidsvillige og grønaste i det borgarlege Danmark gjev utteljing.
Partistrategane ville helst sikkert protestert mot framstillinga, men dagens Konservative Folkeparti ligg på dei fleste måtar nærmare sentrum enn då Juuls forgjengar, no avdøydde Søren Pape Poulsen, bestemte kursen. Papes finest hour var som justisminister i Lars Løkke Rasmussens elles kaotiske VLAK-regjering (2016-2019), og i justis- og innvandringspolitikken har linja lege fast, viss den ikkje er vorte endå strengare. I valkampen føreslo Juul både å trekkje Danmark ut av konvensjonen om statsborgarskap og å utvise kriminelle utlendingar utan ei fastsett nedre strammeramme. For ein fersk partileiar som somme mistenkjer for å vere “tre-fjerdedels radikal”*, er det grenser for kor stort handlingsrommet er.
No skal eg vakte meg for å tilskrive partileiaren all makt. Politiske parti er kollektive prosjekt, og Konservative er mildt sagt ikkje like kjend for å deponere makta hos leiaren, det Søs Marie Serup i si bok om Venstre har kalla “høvdingemodellen”. Men Mona Juul har målbore ein strategi der partiet prata meir om næringspolitikk og miljø enn om kriminalitet og skatt, samstundes som ho har dreidd merksemda frå kritikk av Venstres “svik” i SVM-regjeringa til å snakke på inn- og utpust, i ord og gester, om å “genetablere VK-aksen i dansk politik”.
Eg trur ikkje det skal forståast så bokstavleg som at Venstre og Konservative etter endå nokre fleire vekers dødvanne går saman i regjering med Socialdemokratiet, Moderaterne og Radikale – den av motstandarar omtalte “midtermonsterregeringen”. Men Mona Juul veit at det er fleire vegar til makt enn regjeringsdeltaking. Så seint som i fjor haust inngjekk Konservative forlik med regjeringa om statsbudsjettet, og også ei eventuell ny sentrum-venstre-regjering kjem til å søkje konservativ støtte til mellom anna forsvarsinvesteringar og nye dyrevelferds- og landbrukspolitikk.
Fleire kommentatorar trekkjer fram at samansetjinga av den nye folketingsgruppa kanskje dempar interessa for regjeringssamarbeid med Socialdemokratiet. Mykje er rett nok avhengig av kva Venstre bestemmer seg for – det er utenkjeleg at Konservative går solo -, men nyvalde profilar som dei tidlegare ungdomspartileiarane Rune Kristiansen og Christian Holst Vigilius vert rekna til den “nasjonalkonservative” (høgre-)fløya. Særleg sistnemnde har med stor iver kasta seg inn i ymse kulturkonservative og innvandringspolitiske debattar.
Det fremste tilskotet på den motsette fløya er, ironisk nok, endå ein tidlegare leiar i Konservativ Ungdom, Anders Storgaard. I Frederiksberg, ein omegnskommune til København, stod det somme kalla eit ideologisk retningsval mellom Storgaard, som har klimapolitikk som merkesak og plasserer seg sjølv på den “raude” fløya, og den markante nasjonalkonservative Nikolaj Bøgh. Storgaard vann klart.
I det heile er det ei syrkt folketingsgruppe Mona Juul rår over etter valet-
