Framtidsforskar Thommessen

Av | 12. august 2013

Det lyt vere plass til både store og små saker i ein valkamp, og den siste veka har riksspreidde meiningsavisene sett av redaksjonell plass til å dytte deira eiga overling oppover på dagsorden. Det vil seie; dei har gjeve mykje merksemd til ei rekkje usual suspects som ønskjer å oppretthalde pressestøtta, slik at aviser somNationenKlassekampenDagen og Dagsavisen får økonomi til å drive vidare. Det tvinga i sin tur Olemic Thommessen, kulturpolitisk talsperson for Høgre, til igjen å forklare kvifor partiets føreslåtte kutt på 100 millionar eigentleg er ei utstrekt hand til ein bransje i naud.

Men ikkje før han hadde forsikra Klassekampen-lesarane om at kuttet like gjerne kunne bli større enn 100 millionar. Framstegspartiet har ymta om det dobbelte, og her verkar ikkje Høgre særleg interessert i å halde att. Og heller ikkje innrettinga på kutta er bada i sollys: Viss kutta skal takast hovudsakleg av meiningsavisene, for å skjerme dei meir populære lokalavisene, har Klassekampen god grunn til å frykte for framtida.

Vi har tidlegare kritisert Thommessen for påstanden om at pressestøtta gjer avisene servile og mindre sjølvstendige. Uansett om det er eit element av eigeninteresse i den laupande dekkinga av pressestøttedebatten, står det att for Thommessen å vise i kva gradDagen kan oppfattast som eit lydig hofforgan for dei raudgrøne frå dag til dag, og korleis dette heng saman med at avisa tek i mot pressestøtte.

Kor som er, frykten i avis-Norge er grunnlaus, hevdar Høgre-mannen. Trass i at ingen enno har funne ein kommersielt levedyktig måte å erstatte inntektene frå fallande annonseinntekter og abonnements- og laussal med nettpublisering på, insisterer Thommessen på at overgang til digital publisering er einaste veg å gå.

Ikkje at han har låst seg, må vite. Tvert om. Nokre dagar tidlegare brakte Klassekampen eit intervju med medievitaren Natalie Fenton, som åtvara mot at dei alternative nyhendekanalane og -røystene kan ha vanskeleg å nå ut på nettet. Til det seier Høgre-politikaren at

“Jeg tror både politikere og forskere skal være forsiktige med å se inn i mediekula og spå om framtida. Mediene har utviklet seg på en måte som selv ikke den glupeste medieforsker kunne forutse for ti år siden. Det vi vet, er at papirlesningen går ned. Derfor må vi legge til rette for en plattformnøytral pressestøtte – så må de enkelte mediene selv bestemme sin publiseringsprofil på nett og på papir.”

Altså:

1) “Politikere” og “forskere” bør avstå frå å meine noko kategorisk om korleis medielandskapen blir sjåande ut framover, for det kan ingen vite sikkert. Bortsett frå Olemic Thommessen, som tydelegvis veit at dagens utvikling er uunngåeleg, difor må vere det einaste utgangspunktet for framtida. Kven treng vel forskarar?

2) Når Thommessen seier at “de enkelte mediene selv [må] bestemme publiseringsprofil”, er det naturlegvis eit val som ikkje er reelt. Høgre har allereie valt for dei at den einaste strategien som kan støttast er ein som byggjer på digital publisering.

Og igjen; så lenge ingen veit om det går an å overleve økonomisk på digital publisering av kvalitetsjournalistikk, er det ei fattig trøyst at Høgre skal gjere gradvise endringar. Partiet gambler like fullt med mediemangfaldet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*