«Gyllerør» pressar Troels Lund Poulsen. Men Venstre skal ikkje «heim» til garden

Av | 6. september 2026

Det var ei varsla krise som førebels kulminerte då ei delt folketingsgruppe i Venstre torsdag røysta over innføringa av nye gjødslingsreglar for å regulere nitratutslepp i jordbruket. Fleirtalet på 13 stilte seg bak framlegget, som følgjer opp samarbeidsavtalen Grøn Trepart 1. Det oppsiktsvekkjande var at ikkje mindre enn fem representantar røysta imot. Og at dei gjorde det trass i at partileiar Troels Lund Poulsen har sett sin eigen posisjon inn på at Venstre står bak avtalen.

Spinnet frå valnatta om at det var ei bragd å behalde stillinga som største borgarlege partiet, måtte ganske raskt vike for erkjenninga av at Venstre ikkje berre gjorde sitt dårlegaste val nokonsinne; det vart så å seie utradert i hovudstadsområdet. I store delar av partiet og i kommentariatet er analysen at valet var eit veljaroppgjer med landbruket som klima, natur- og dyrevelferdsversting, og at Venstre vart oppfatta som ein manngard kring ei næring mange assosierer med død fisk, døde grisungar (2) og døde fjordar. Uansett om partileiinga er usamd i dette inntrykket, freistar den no å bruke sin lojalitet til treparten til å signalisere at det Danmarks tradisjonelle bondeparti ikkje er i lomma på landbruget.

Når han omtalar det å akseptere gjødslingslova som ein del av en rejse opprørarane må ta, er det Troels Lund Poulsens underspelte måte å formulere ei nyorientering av Venstre på, i meir natur- og klimavenleg retning. Det ligg implisitt i metaforen at reisa har ein tydeleg sluttdestinasjon. Han kallar det sogar ei modernisering. Det er nett det same som forgjengaren, Jakob Ellemann-Jensen, tok til orde for då han, i si tid som statsråd, understreka at han var “miljø- og fødevare[minister], i den rækkefølge”. Slik Ellemann-Jensen fortel soga om si leiargjerning, var motstrevet frå tradisjonalistane i distrikts-Venstre ein avgjerande grunn til at han trekte seg. Det indikerer kva slags krefter Troels Lund no er oppe mot.

For ein ting er dei abstrakte måla i Grøn Trepart, som faktisk kom i stand på Venstres initiativ. Men no får gjødslingslova konkrete konsekvensar på gardane kringom, og ein stor del av Venstres tillitsvalde er (-deltids)bønder. I motstandarane sine auge får det ikkje hjelpe at Venstre-leiinga seier at fleirtalet bak treparten er enormt, at nye krav kjem uansett, og at partiet difor bør prøve å påverke framtidige forhandlingar. Frå dei mest ytterleggåande landbruksorganisasjoane (Bæredygtigt Landbrug og Agerskovgruppen) og trengde Venstre-folk på grasrota er signalet motstand, så lenge det går. Denne veka har tusenvis av jordbrukarar sett seg i traktoren for å protestere.

Det er denne frustrasjonen dei fem dissidentane i folketingsgruppa meiner at dei kanaliserer: Først var det Søren Gade, folketingspresident, tidlegare statsråd og ein vandrande temperaturmålar i partiets jyske bakland, som varsla at han ville røyste imot. Nokre dagar seinare fekk han følgje av nyvalde Amanda Heitmann og veteranane Preben Bang Henriksen og Anni Matthiesen. Til slutt landa også Peter Juel-Jensen på eit nei. Særleg Gade, Matthiesen og Bang Hansen er tunge namn. Dei to sistnemnde har understreka at det er første gong i deira lange folketingskarrierer at dei bryt med partilinja.

Mellom anna difor har Troels Lund Poulsen vald å akseptere ulydnaden frå nesten ein tredjedel av folketingsgruppa. “Det kan jeg romme”, seier partileiaren, fordi han veit at alternativet – vengeklypping eller eksklusjon – kunne utløyst ein ny exodus, anten ved masseorgang til Inger Støjbergs distriktsopprørske danmarksdemokratar, eller ei regelrett partikløyving. At det får han til å sjå ut som ein svak leiar, er til å bere. At det skuggar for det som trass alt er eit betydeleg steg mot å gjere Venstre meir sjølvstendig andsynes landbruket, etter kvart vonleg også i veljarane sine auge, er langt verre.

Men apropos verre: Når han no har stadfesta at Venstre ikkje skal “heim til garden”, men vidare på sin nyslåtte veg, stig kjensla av at bråket denne veka berre var ein førebels kulminasjon. Om ikkje lenge skal Venstre forhandle om sprøytemiddelforbod. Så kjem “grise-firparten”, der sentrum/venstre-regjeringa har som mål å redusere dansk svineproduksjon. Berlingskes kommentator Bent Winter skriv at Troels Lund Poulsen ikkje kjem utanom ein endeleg konfrontasjon med opprørsleiar Søren Gade. Det trur eg han har rett i.

1

Grøn Trepart er ein brei avtale som blei forhandla på plass mellom representantar for landbrugsorganisasjonen Landbrug & Fødevarer, Danmarks Naturfredningsforening og den dåverande regjeringa (Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne) i 2026. Føremålet er å redusere klimautsleppa og å forhindre at utslepp frå landbruksproduksjon øydelegg grunnvasskjelder og og havmiljøet. På tiltakslista står mellom anna oppdyrking av ny skog, vedlikehald av kulturlandskap og oppkjøp av jord og dyrka myrområde. Forliket om den politiske gjennomføringa av treparten omfattar Socialdemokratiet, Venstre, Moderaterne, Det Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti, Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti. Dansk Folkeparti og Danmarksdemokraterne står utafor fordi dei meiner den skadar landbruket.

2

Artikkelen er frå 2023, men tala som figurerer i debatten i dag er stort sett dei same.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*