Førre gongen Martin Lidegaard lovde Mette Frederiksen og Lars Løkke Rasmussen å gå i regjering med dei – i 2022 – forkasta folketingsgruppa forhandlingsresultatet. Men no heldt han heilt til mål. Eller til startstreken, då. For partileiaren i Det Radikale Venstre er det tvillaust ein personleg triumf, og ei etterlengta stadfesting av klokskapen i strategien han formulerte i boka Generationskontrakten (2023). Han har hamra inn bodskapen om å omfordele til born og familiar og innrette klima- og miljøpolitikken etter dei som skal komme etter oss. Det viktigaste med valresultatet var ikkje oppslutnaden (5,8%), men at pila peikar opp att. Det gav dessutan styrke til kravet om regjeringsdeltaking, og ryggdekning internt.
Då den nye regjeringa steig fram på Marienborg var det med Lidegaard som nærings- og konkurranseevne-minister. Det var ei lita overrasking. Vektlegginga av det grøne perspektivet og tre år som energiminister i Thorning-regjeringa (2011-2014) gjorde at eg forventa at han skulle få energi- og klimaposten. Den gjekk istaden til Samira Nawa. Å vere næringsminister er normalt sett ikkje rekna som veldig prestisjefylt, men den passer Radikale godt. I den økonomiske politikken hallar partiet til høgre, og i tospann med Moderaternes nyutnemnde skatte- og vekstminister, Jakob Engel-Schmidt, får han ansvaret for å oppfylle løftet om at regjeringa vil “skabe et rigere Danmark”. Information-kommentator Lars Trier Mogensen peikar dessutan på at det er viktig i dei interne dragkampane at også Radikale har hand om eit økonomi-departement. Jamført med fagspesifikke felt som justis og forsvar har næringspolitikken også den fordelen at den gjev Lidegaard betre vilkår til å vere partileiar i tillegg.
Vonde tunger har antyda at Lidegaard valde vekk energiministerposten for å beskytte seg sjølv. Det skortar iallfall ikkje på konfliktsaker for Samira Nawa. Tilgangen på kraft er heilt avgjerande for næringslivets konkurransevilkår og for elektrifiseringa av ei rekkje sektorar, men det haltar kraftig med både ny kraftutbygging og styrking av kraftnettet. Det var nær på å kosta forgjengaren Lars Aagaard (M) jobben, og i ein nyleg artikkel i Jyllands-Posten vart det omtalt som ein potensiell skandale som kan komme til å plage regjeringa.
Det siste namnet på Radikale Venstres ministerliste er Zenia Stampe. Sidan utnemninga på onsdag har omtalen stort sett dreidd seg om at ho er ein stridbar liberal verdipolitikar med ei lang førehistorie med å hisse opp borgarlege opponentar. Det er ikkje feil, men snevert tenkt. Stampe erstattar Jakob Engel-Schmidt, og eg trur ikkje dei politiske skilnadene blir så store. Utfordringa blir å prege kulturpolitikken og debatten utan å først og fremst framstå defensiv. Dei siste åra har Dansk Folkeparti og Liberal Alliance vilja gjere kulturpolitikken til ein ny front i innvandringsdebatten, ofte med eit religiøst tilsnitt. Klarer Zenia Stampe å setje ein eigen dagsorden? Det byr seg eit høve når mediepolitikken skal nyforhandlast. Dei siste åras borgarlege køyr mot ålmennkringkastaren DR har reaktualisert den som slagmark.
Totalt kan Radikale Venstre vere godt nøgd med det politiske og mannskapsmessige gjennomslaget. Med tre postar må ein prioritere strengt. Nedetter i rekkjene kan dei likevel vere vonbrotne over at Danmarks tradisjonelle lærarparti står utan ein utdanningsstatsråd. Skulen tek sosialdemokraten Magnus Heunicke seg av. Moderate Christina Egeland får ansvaret for forsking og høgare utdanning. Og eit av kjerneområda i Lidegaards generasjonskontrakt – barnehagane og familiepolitikken – soknar mest til Jacob Mark frå SF. Det gjer det kan hende litt vanskelegare for Radikale å prege dagsordenen, men tru om ikkje også næringsministeren kjem til å snakke eindel om at regjeringa til dømes lover ekstra milliardar til skulane?
