Kva kjem partia i Danmarks sentrum-venstre-regjering til å verte målte på når valperioden er omme? Socialdemokratiet, og særleg Mette Frederiksen personleg, måler suksess i ein stadig strengare asyl- og innvandringspolitikk. Socialistisk Folkeparti må ha levert ei merkbart løft for barnefamiliar og sårbare ungdommar. Radikale Venstre har tjora seg fast til lovnaden om “tidenes grønneste regering”. Ja, og så er Moderaterne garantisten for eit framleis sterkt “rigsfællesskab” mellom Danmark og Grønland med fredsælt amerikansk samarbeid, fordi Lars Løkke Rasmussen er ein umisteleg utanriksminister.
Det verkar sjølvsagt nesten provinsielt å skrive den nye samarbeidsavtalen mellom Danmark, USA og Grønland inn i ei slik ramme; trugsmål om militær invasjon og annektering er vel først og fremst geopolitikk? Jo. Men det er også eit høve for Moderaternes partileiar, utanriksminister Lars Løkke Rasmussen, til å minne veljarane om eit kronargument for kvifor såpass mange av dei røysta på Moderaterne i folketingsvalet i februar: Kven vil du helst ha som Danmarks representant i forhandlingsrommet i Washington D.C. når Grønlands framtid skal avgjerast, Lars Løkke, Røykjesugen Toppdiplomat ™, eller, kva veit vel eg, Dansk Folkepartis leiar, Morten Messerschmidt? Løkke er a steady pair of hands, og førre veke kom beviset.
Thanks for reading! Subscribe for free to receive new posts and support my work.
Utanrikspolitikk avgjer ikkje val, vert det sagt. Kanskje ikkje. Men: I desember vart Moderaterne målt til 1,5% i ei meiningsmåling for DR. For første gong på lenge såg ein konturane av eit borgarleg fleirtal – utan Moderaterne. Ein månad seinare, etter at Donald Trump hadde trappa opp trugsmålet om eit amerikansk militært åtak på Grønland, var oppslutnaden til Moderaterne oppe på fire-talet (historikk). Borgarlege kommentatorar som Joachim B. Olsen (B.T.) og Henrik Qvortrup (i podkasten Borgen Uden Filter)1 gjorde seg lystige over at teknokraten Løkke på dansk vis fekk sparka saka over i ei arbeidsgruppe, og Morten Messerschmidt kalla tilnærminga “farleg”. Forventninga var kanskje at Moderaternes støtte kom til å falle igjen når grønlandsspørsmålet vart mindre akutt. Det skjedde berre ikkje. Kanskje veljarane tenkte at når riksfellesskapens2 suverenitet er truga, er det like mykje innanriks- som utanrikspolitikk?
Det er iallfall ein rimeleg hypotese at Lars Løkkes kompetente handtering gjorde at veljarane som nyleg hadde forlate Moderaterne ga seg sjølv løyve til å gje partiet ein sjanse til. På same måte som partileiaren Inger Støjbergs truverd og gjennomslag er viktig for oppslutnaden til Danmarksdemokraterne, er merkevara “Lars Løkke Rasmussen” umåteleg viktig for partiprosjektet Moderaterne. Dei veljarane som er disponerte for å vurdere ei røyst på Moderaterne, må allereie i utgangspunktet ha teke med i reknestykket at partiet hadde ein turbulent debut i Folketinget, og at Løkke knapt kan opne ei dør utan å møte seg sjølv.
Det tyder ikkje nødvendigvis at Moderaterne kjem til å vekse kraftig på meiningsmålingane i kjølvatnet av at grønlandskrisa førebels er “løyst”. Men Lars Løkke kan bokføre politisk kapital til neste kontrovers. Signeringsseremonien i FN-bygget var ei helsing heim om at Moderaterne leverer det dei lova veljarane: Trygg styring, og Løkke i alle kanalar.
I ein episode av B.T.s podkast Valgkamp (publisert 24.09.2026) erkjenner dei båe, konfronterte med tidlegare utsegner, at deira dåverande analyse undervurderte Løkkes og Danmarks strategi.
Nemninga syner til konstitusjonelle ordninga mellom Danmark, Grønland og Færøyane. Grønland og Færøyane har eigne parlament og avgrensa sjølvstyre, men mellom anna utanrikspolitikken vert formelt styrt av Danmark. Både Færøyane og Grønland har betydelege sjølvstenderørsler.
