Snart folketingsval: Kristendemokraterne

Av | 2. september 2022

Det kvilte eit paradoks stort som eit krater over det såkalla «sommargruppemøtet» til Kristendemokraterne i førre veke, det offisielle startskotet for haustsesongen på Christiansborg: Frå no av er partigruppa i Folketinget nemleg redusert frå ein representant til ingen representantar.

Heilt sidan partiet fall under sperregrensa på to prosent ved valet i 2005, har Kristendemokraterne hatt monaleg større tiltrekkingskraft på rotlause folketingsmedlemmer enn på den jamne danske veljar. Heile to gonger har partiet late seg representera i nasjonalforsamlinga av politikarar som gjekk til val på eit anna partis program. Per Ørum Jørgensen slutta seg til Kristendemokraterne frå Det Konservative Folkeparti, men blei ikkje attvald i 2011, sjølv om han nådde å verta tunga på vektskåla då Lars Løkke Rasmussens borgarlege regjering trong støtte til ein omstridd grenseavtale. På liknande vis har partiet det siste dryge året vore førebels siste hamn for omskiftelege Jens Rohde. Til KD kom han frå Det Radikale Venstre, men føre dette igjen hadde han mange år i Venstre, der han nådde heilt opp til å vera leiar av folketingsgruppa og EU-parlamentarikar.

Men no er det altså slutt. Rohde er atter partilaus. Han understrekar at det var planen heilt sidan han føre sommaren melde at han ikkje ville stilla til attval, men tonen verkar nærast forretningsmessig. Som om Rohde har fullført oppseiingstida og partane er samde om at framtidig kommunikasjon kan avgrensast til årlege julebrev.

Veldig overraskande er det heller ikkje: Kristendemokraternes – orsak! – uortodokse rekruttering mellom vala gjer nødvendigvis at ein har måtta ta til seg folk som ikkje i utgangspunktet er runda av kristendemokratisk ideologi. Den eigenrådige Rohde kom i tillegg ombord med ein fleire hyllemeter tjukk utklyppsbok av tidlegare standpunkt, frå både høgre og venstre side av streken, enklast oppsummert i merkelappen liberal. Kristendemokraterne kan gjevast mange nemningar, men liberal er ikkje mellom det mest brukte, for å seia det slik.

Skjønt det hadde partileiar Isabella Arendt arbeidd for å gjera noko med. Stjerneskotet KD med ein kledeleg miks av sjølvironi og sjølvtillit omfamna som «vikaren frå himmelen» då ho vart kasta inn i fyrsterekkja i folketingsvalkampen i 2019, hadde analysert seg fram til at partiets syn på abort var mellom dei kristenkonservative merkesakene som skremde veljarane så mykje at KD aldri fekk øyreslyd til å presentera resten av politikken sin.

Når denne nyorienteringa skulle setjast i verk, kunne Jens Rohde brukast. Rekrutten frå Radikale Venstre var særs medviten om at han sat på gode kort på handa andsynes sitt nye parti. I samarbeid med Arendt tinga han seg så å seia til sitt eige politiske grunnlag. Då partibytet vart kunngjort, la Rohde vekt på denne såkalla «2030-planen» og at han hadde fått mynde til å vera kristendemokrat på sin eigen måte. Det galdt også støtta til dagens danske abortlov, forsikra han.

Likevel var det mellom anna abortpolitikken som over tid reiv sund tilliten mellom Jens Rohde og Kristendemokraterne. Saka vart sett på spissen i Folketinget før sommaren. I samband med den internasjonale kvinnedagen 8. mars gjorde han framlegg om at Danmark skal arbeida for at retten til sjølvvald abort også skal gjelda globalt. Då gjekk Isabella Arendt ut mot sin eigen parlamentarikar og slo fast at Rohde var på kant med KDs politikk. Den seier, hevda ho, at abort er eit spørsmål om helsepolitikk – i Danmark. I eit intverju i avisa Kristeligt Dagblad framsto Rohde som frustrert over kritikken frå partileiaren, som han oppfatta som ei vengeklipping av han som folketingsrepresentant.

Ikkje lenge etter var Rohdes tredje partiskilsmål eit faktum, men vel så interessant er det at også Isabella Arendt forlet Kristendemokraterne. Ho har gjeve litt ulike grunngjevingar i ulike intervju, men det etterlatne inntrykket er at exiten dels handlar om at den politiske semja i partiet kanskje ikkje var så djupt forankra som formuleringa av langtidsplanen opphavleg indikerte, dels at ho sakna motivasjon grunna ei kjensle av at partiet ikkje ville same vegen som ho, i same takta. For Arendt vart svaret, etter å ha tenkt seg om ei tid, å melda seg inn i Det Konservative Folkeparti.

Etterfølgjaren som KD-leiar, Marianne Karlsmose, har i ettertid ymta om at grunnen kan vera at det mon er enklare å få plass i Folketinget under K-leiar og statsministerkandidat Søren Pape Poulsens sigerssikre faner. Uansett: Tapet av Arendt og Rohde gjer at den stundande folketingsvalkampen vert svært vanskeleg. I 2019 opplevde KD eit oppsving med Arendts nasjonale gjennombrot i valkampopninga, og sjølv om partiets såvidt bomma på toprosentsgrensa var den populære Kristian Andersen berre 200 røyster frå å kapra eit distriktsmandat i kjerneområdet Vestsjælland. No må Karlsmose makte båe oppgåvene sjølv; Andersen har avvist å prøva ein gong til.

Når media, trass sigande meiningsmålingar og personalmangel på Borgen, likte dekte Kristendemokraternes seinsommarsamling, var bodskapen frå Karlsmose at det er hjå henne ein finn sentrumsalternativet i borgarleg blokk, med lovnader om ein rausare familie- og innvandringspolitikk, og ein eigen plan for å rusta opp psykiatrien. Forutan å signalisera til veljarar som er frista av Lars Løkke Rasmussens Moderaterne at det er ein spelar til i midten, var understrekinga av at KD vil ha ei borgarleg regjering nok også ein slags varedeklarasjon for eit parti eit stykke under sperregrensa som treng taktiske røyster. Den som ser på politikken, kan sjå det kanskje mest venstreorienterte programmet på borgarleg side, medan den røynde veljaren hugsar at førre gongen partiet sat i regjering, var det faktisk med ein sosialdemokratisk statsminister.*

________

* Det dåverande Kristeligt Folkeparti var del av sosialdemokraten Poul Nyrup Rasmussens første regjering (1993-1994), saman med Socialdemokratiet, Centrum Demokraterne og Det Radikale Venstre. Partiet sat i regjering med Det Konservative Folkeparti, Venstre og Centrum Demokraterne (1982-1987), med Poul Schlüter som statsminister. Partiet går oftast til val på å gje Danmark ei borgarleg regjering, men varsla føre valet i 2007 støtte til Socialdemokratiets statsministerkandidat. Helle Thorning-Schmidt. KD har ikkje komme over sperregrensa i folketingsval sidan 2001. I 2019 fekk det 1,7% av røystene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*