Stikkordarkiv: Danmark

Snart folketingsval: Socialistisk Folkeparti

Av | 28. august 2022

Mykje er forskjellig mellom norsk og dansk politikk, men nemninga for eit urøynd regjeringsparti som vert svimeslått av veljarane for manglande oppfylling av høgt oppskrudde forventningar er nesten den same på begge språk: Det som på norsk heiter «å gå i SV-fella», kan du på dansk høyra omtalt som «at blive fanget i SF-fælden» (alt:… Les mer »

Danmark: Har Radikale Venstre kasta Mette F.?

Av | 11. august 2022

Då den såkalla Minkkommisjonen la fram sin granskingsrapport i slutten av mai, var konklusjonen hard: Statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) hadde opptrådt “kritisabelt”, og når regjeringssjefen gav ordre om at alle alle minkdyr i Danmark skulle slaktast for å hindre coronasmitte, var det dessutan “groft vildledende” og i strid med Grunnlova, ettersom det ikkje fanst lovheimel… Les mer »

Danmark: …og så var dei tre

Av | 22. november 2016

Når det stundar mot valkamp i Danmark heiter det gjerne at «luften skal rænses». Det er kodeord for at regjeringas parlamentariske fleirtal er truga, ikkje sjeldan av at det har komme til eit nytt parti. Ny Alliance ville manøvrere seg inn i Dansk Folkepartis (DF) posisjon i 2007, og statsminister Anders Fogh Rasmussen (Venstre) måtte… Les mer »

Danmark: Å stige i det stille

Av | 10. oktober 2016

Lesaren lyt bere over med at eg innleier endå ein artikkel med ein parallell til norsk politikk, men ein kjapp skisse (48:15) av den aktuelle politiske situasjonen i grannelandet frå kommentatoren David Trads gjorde freistinga for stor: Trads greip fatt i at opposisjonspartiet Socialdemokratiet for tida aukar på meiningsmålingane, samstundes som det medvite legg fram… Les mer »

Danmark: Draumen om «det blokklause samfunnet»

Av | 17. september 2016

Frå venstre til høgre kappast danske politikarar no om å skildre tidsalderen med klar oppdeling mellom ei venstreside («raud blokk») og ei høgreside («blå blokk») som eit leivn frå fortida. Enhedslistens Pernille Skipper erklærte ei blokk av Socialdemokraterne (S), Socialistisk Folkeparti (EL), Radikale Venstre (R), Enhedslisten (EL) og Alternativet (A) for daud tidlegare i år.… Les mer »

Danmark: Viss dei aller rikaste er viktigast

Av | 8. september 2016

Skattestriden i det borgarlege Danmark minner om ei vidgjeten scene0 frå ein kandidatdebatt i den republikanske presidentnominasjonsvalkampen i 2011. Programleiaren ville vite om kandidatane kunne gå med på eit kompromiss der dei fekk ni dollar i kutt for kvar dollar som gjekk til nye offentlege investeringar. Den underliggjande premissen var at ei slik gåve måtte… Les mer »

Danmark: Å skiljast som vener

Av | 17. mai 2016

Det er ikkje godt å vite kva metafor som høver best om tilhøvet mellom Enhedslisten (EL) og Folkebevægelsen Mod EU. Både Enhedslisten og føregangarane Venstresocialisterne og Danmarks Kommunistiske Parti satsa på å få sine folk valde inn i Europa-parlamentet via Folkebevægelsen sin røystesetel, men formelt har sistnemnde alltid vore ein tverrpolitisk organisasjon. Tanken har heile… Les mer »

Danmark: Pernille Skipper ny førstestyrkvinne i Enhedslisten

Av | 5. mai 2016

Mon det vert oppfatta som sexistisk å seie at Enhedslisten tok ei dronningrunde før dei gav vervet som parlamentarisk leiar og talsperson vidare til Pernille Skipper? Ho har lenge vore posisjonert som arvtakaren til populære Johanne Schmidt Nielsen som øvste leiar på Folketingets ytste venstre fløy, men onsdag skjedde det formelt. Skipper blei vald utan… Les mer »