Tull, tøys og forbannet tøv

Av | 18. juli 2009

Dei siste dagars idiotiske debatt om kor vidt ei mindretalsregjering beståande av Arbeiderpartiet er betre for landet enn ei raudgrøn fleirtalsregjering har hovudsakleg vorte kanalisert gjennom Dagbladet. Sommarheite journalistar har sett sitt snitt til å spora opp litt friksjon mellom det dei definerar som grasrotrøyster i dei to sosialdemokratiske regjeringspartia. Debatten sette fart då bloggar og lokallagsleiar i Elverum Ap Bjørn-Jarle Røberg-Larsen sette det heile på spissen ved å hevda at SV er den største trusselen mot ei fortsatt Ap-dominert regjering.

Tull og tøys alt saman, sjølvsagt. Det raudgrøne prosjektet står fjellstøtt, noko som også vert underbygd av fleire kommentarar (og folk som ikkje vel å kommentera) som har kome frå representantar frå dei respektive partia. Dagens regjering er som tidligare partisekretær i Ap, no stortingskandidat frå Buskerud, Martin Kolberg plar seia den tydelegaste sosialdemokratiske regjeringa på mange år. Ei fleirtalsregjering trygt forankra på venstresida i politikken, utan parlamentarisk behov for kompromissorienterte sidesprang til borgarlege avenyar i det politiske landskapet.

Dagens regjering har gjort ein fenomenal innsats realpolitisk, i sterk kontrast til den meir representasjonsbevisste Bondevik II-regjeringa som i det store og det heile var fire års gjesp og kutt. For dei som er opptekne av fordelingspolitikk, rettferdighet, trygg og verdig eldreomsorg, kunnskapsbasert og inkluderande skule, eit krafttak for samferdsle, eit sterkt helsevesen som famnar om alle, ein solid innsats i kampen mot klimakrisa og miljøutfordringane og ein innsats for dei svakaste i samfunnet, er Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet den beste plattformen. Med ei fortsatt raudgrøn fleirtalsregjering kan ein halda fram arbeidet med å utvikla Noreg til eit varmare og tryggare samfunn, der næringslivet får skikkelege rammevilkår og der alle har like muligheiter, uansett sosial og økonomisk bakgrunn.

At enkelte merksemdskåte konservatistar ynskjer å sparka beina unna eit slikt prosjekt for å vri Ap og regjeringsmakta mot høgre, er for meg frustrerande og litt uforståeleg når ein tilhøyrer same parti. Det er Ap, SV og Sp som saman står i spissen for den samfunnsutviklinga ein har sett dei fire siste åra. Kor mange viktige sosialdemokratiske velferdssakar ville ikkje gått på båten om ein mista raudgrønt fleirtal til hausten?

Veljarane som røyster på Arbeidarpartiet ynskjer styringsdugleik, ei styrking av velferdsstaten og eit varmare, tryggare og meir inkluderande samfunn. Sjansen for å oppnå dei kriteria i ein regjeringsposisjon er langt større med eit raudgrønt fleirtal enn med eit Ap i mindretal. Og eg trur Røberg-Larsen overvurderar skepsisen til SV på grunnplanet i Arbeiderpartiet. Ikkje berre sa eit samrøystes landsmøte på vegne av partimedlemmene ja til å gå til val på framleis raudgrønt samarbeid – det herskar òg ei grunnleggjande forståing av at dagens regjering gjer eit godt arbeid. Og den regjeringa består ikkje av Ap åleine. Den regjeringa består av tre parti opptekne av å betra levekåra til vanlege folk, og å utvikla eit tenestetilbod og ein infrastruktur som kjem vanlege folk til gode.

Når Røberg-Larsen prøver å skapa eit inntrykk av at Ap i sterkare grad bør markera avstand til SV for å tekkast veljarar som støtter opp om dei raudgrøne verdiane, men som ikkje ynskjer SV med i den regjeringskonstellasjonen, er det eit svik mot regjeringssamarbeidet han jo sjølv seier at han støtter opp om og eit svik mot alle som ynskjer ei sosialdemokratisk samfunnsutvikling. Å skapa eit ytre inntrykk av intern usemje er det dummaste ein kan gjera i dagens situasjon – særleg når denne usemja i utgangspunktet ikkje eksisterar. Alle dei tre partia ynskjer det same og har det same målet på valdagen. Bloggarar i Elverum kan i mellomtida godt venta med taktisk svært usmarte utspel, og heller bruka tida på det bloggarar i Elverum vanlegvis kan godt – nemlig å skriva gode innlegg om aktuelle politiske saker, som markerar avstand til våre motstandarar. Og våre motstandarar sit ikkje i regjering, Røberg-Larsen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*