EM: Cabernet Sauvignon – bruk og misbruk

Regndropane tromma lett på stoveruta i Vardalen, i takt med desibelglade, austerrikske kornettkvintettar på Ernst Happel stadion. Austerrike-Tyskland var kampen som skulle føra oss gjennom nye nitti minutt av EM-festen, som hittil har vore ein glitrande seanse.

Europameisterskapen i fotball 2008 har utvilsamt vore ein dundrande suksess til no. Ein har fått sjå mange gode kampar, og i tillegg nokon aldeles heidundrande oppvisingar i fotballfaget. Før meisterskapen plukka eg meg ut Tyskland og Spania som dei sterkaste kandidatane til edelt metall, med Tyrkia, Tsjekkia, Nederland, Portugal, Kroatia, Italia og Frankrike som verdige utfordrarar på vegen mot finalen. Og det er nettopp utfordrarane eg skal reflektera litt rundt her.

Det ein har fått sjå til no er sørgjeleg italiensk, tørkande maling, og franskmenn med angrepsspel tydeleg influert av pauseforfriskingar av typen Cabernet Sauvignon. Atatürks disiplar har vore litt variable, men til tider òg varta opp med flott spel og attraktiv angrepsfotball. Scolaris håpefulle har på ein flott måte avspegla nettopp kven trenaren deira er, og det har vore mykje kjekk fotball å sjå frå José Sócrates’ landsmenn.

Nederlendarane har vore suverent best av alle til no i meisterskapen, etter underhaldningsverdi og gjennomgåande angrepseufori å døma. Med fotballmagi like sprudlande som nettopp Cabernet Sauvignon, klarar dei kanskje endeleg under van Bastens kyndige hand (og fot, ikkje minst) å prestera like godt utover i meisterskapen som dei har gjort i gruppespelet. Det hadde vore kjekt for tulipananes sambygdingar og samstundes vist at ein ikkje treng Umbro, Nike eller Adidas på foten for å briljera i internasjonal samanheng. Treskoa held mål enno.

Kroatane har gjort mykje artig i europameisterskapen hittil, og vist at dei ikkje er i Sentral-Europa for å tinga returbillett etter éi veke. Dei har den gamle sluggaren Slaven Bilić i førarsetet, og 39-åringen med fortid i engelsk fotball utstrålar ein karisma mange andre trenarar kan misunna han. Kanskje berre slått på målstreken av tsjekkaranes jernmann Karel Brückner. Herlegare mann skal ein leita lenge etter! Han hadde lett glidd inn i eit nordnorsk dansebandmiljø, og om Tsjekkia går fram og vinn EM skal eg personleg gå herifrå og rundt huset, nynnande på «Nordlandsnetter» med biletet av ein saksofonlaugande Brückner i kvit dress intenst krinsande i hovudet.

68-åringen (ja, kven i alle dagar skulle trudd det!) har for øvrig annonsert at han etter alt å døma går av som tsjekkisk landslagssjef etter EM. Om Karen Espelund, Karen-Marie Ellefsen eller andre sterke personlegdomar i fotball-Noreg skulle lesa dette, vil eg på det sterkaste oppmoda dei om å vurdera Brückner som ein mogleg arvtakar etter Åge Hareide som norsk landslagssjef. Kanskje kan han få orden på høgresida på laget, som ikkje ein gong høgremannen Hareide har klart å gjera noko med.

Det slår meg i ettertid at det poenget kanskje ikkje var fullt så festleg som forfattaren i utgangspunktet fekk inntrykk av.

Uansett: meisterskapet har hittil gått over all forventing, og det er med stor glede eg ser fram mot resten av jubelparaden.

Eg avsluttar med eit ørlite redigert utdrag av det eg reknar for å vera blant verdas vakraste melodiar, den tidlegare nemnde «Nordlandsnetter» – udøydeleggjord av blant andre Jens Book-Jensen og aller best: Kirsti Sparboe.

La hvitkledte fjelle i måneskinnsdrakt
få varme ditt hjerte og si
at europameisterskapens fortryllende prakt
vel er vakrest av all poesi.

___________________________________
Dette innlegget er òg publisert på bloggen Statskanalen

1 comment for “EM: Cabernet Sauvignon – bruk og misbruk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*