Stikkordarkiv: Danmark

Danmark: Stolt, men ikkje fortøydd

Av | 26. februar 2026

Danskane skal setje saman eit nytt folketing. Valdagen blir tysdag 24. mars. Det kunngjorde statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) frå nasjonalforsamlingas talarstol torsdag føremiddag Takk for laget til Troels og Lars Etter nokre veker eller månaders styrt avvikling går dei umake regjeringspartnarane, Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne, no frå kvarandre. Iallfall førebels. Mette Frederiksen var raus med… Les mer »

Danmark: Løkke og Frederiksen snur regjeringsslitasje til styringstillegg

Av | 27. januar 2026

Skjer noko to gonger kan det vere eit tilfelle, men den tredje gongen er det ein trend, heiter det seg. Om så er, tenderer danske veljarar til å flokke seg om regjeringspartia Socialdemokratiet og Moderaterne under og etter dei siste vekenes tilspissing av konflikten mellom Danmark og USA om framtida til Grønland. Måndag for ei… Les mer »

Danmark: Lex Frederiksen. Og Ellemann. Og Pape.

Av | 22. desember 2025

Danskane må velje nytt folketing seinast ved utgangen av oktober 2026. Meiningsmålingane har i lang tid varsla at den sjølverklært “mærkelige” blokkoverskridande koalisjonen mellom Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne ligg an til å miste fleirtalet med god margin. Opposisjonen til høgre (Liberal Alliance) og venstre (Socialistisk Folkeparti) har lenge stått sterkt, men det siste dryge halvåret… Les mer »

Dan Jørgensen er Danmarks kommisjonskandidat

Av | 28. august 2024

Eit utal spektakulære namn har vore nemnde, frå tidlegare statsminister Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokratiet) og utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) til statsministeren sjølv, men til sjuande og sist gjekk Mette Frederiksen for det trygge og driftssikre; Danmarks kandidat til Ursula von der Leyens nye EU-kommisjon er utviklings- og global klimapolitisk minister, Dan Jørgensen. Heilt sidan skiping… Les mer »

Danmark: I u-Boje-leg opposisjon

Av | 30. april 2024

Dronning Margrethe kan ikkje godt avvikle monarkiet på eiga hand, men ho andre som innleidde året med ein overraskande abdikasjon, trudde ho hadde sjansen til å trekkje opp stigen etter seg. På årsdagen for at ho trekte seg som partileiar første gong og berre nokre månader etter at ho forsikra utsendingane på Nye Borgerliges landsmøte… Les mer »

Danmark: Tilbakevend Ellemann er framleis pressa i våpensaka

Av | 19. august 2023

Dei siste åra har vervet som skatteminister vore rekna som den største uriasposten i dansk politikk. Først fordi statsrådane blei skifta ut i høgt tempo, dinest fordi ei katastrofalt mislukka innkrevjingsreform etter kvart gjorde dei til makteslause observatørar medan kreative snytarar frå fjern og nær utnytta ein underbemanna etat til å tuske til seg milliardar.… Les mer »

Don’t call it a comeback: Jens Rohde returnerer til Venstre

Av | 9. mars 2023

Jens Rohde er igjen medlem i Venstre. Om det gjer den tidlegare folketingsrepresentanten til ein uavvendeleg opportunist eller til ein mann som held sine kjerneverdiar så kjært at han mest ikkje kan unngå å få dei krenkt på ein måte som utløyser jamlege partiskifte, hangar truleg på temperamentet. Innan han melde seg ut av Venstre… Les mer »

Dansk politikk slit ut politikarane sine

Av | 7. februar 2023

Å vera politikar er eit hardt liv. Denne setninga kan du knappast skriva utan å verta mistenkt for å meina det ironisk, men for meg er det berre ei konstatering. Til liks med i Noreg har dei i Danmark, så langt eg kan vurdera, i hovudsak politikarar på alle nivå som gjer dei skal og… Les mer »