«Gyllerør» pressar Troels Lund Poulsen. Men Venstre skal ikkje «heim til garden»

Av | 6. september 2026

Det var ei varsla krise som førebels kulminerte då ei delt folketingsgruppe i Venstre torsdag røysta over innføringa av nye gjødslingsreglar for å regulere nitratutslepp i jordbruket. Fleirtalet på 13 stilte seg bak framlegget, som følgjer opp samarbeidsavtalen Grøn Trepart 1. Det oppsiktsvekkjande var at ikkje mindre enn fem representantar røysta imot. Og at dei… Les mer »

Moderaternes ministerliste

Av | 12. august 2026

Det skorta nok ikkje på steile viljer i forhandlingsrommet då partileiarane Mette Frederiksen (Socialdemokratiet), Pia Olsen Dyhr (Socialistisk Folkeparti), Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) og Martin Lidegaard (Det Radikale Venstre) storparten av våren på å gje Danmark ei historisk sentrum-venstre-regjering. Alle som ein har vore med på øvinga før. Det pregar også regjeringserklæringa. Kvart av partia… Les mer »

Småstoff: Kva skal regjeringa heite?

Av | 13. juli 2026

Danmark har fått si første fireparti-regjering sidan Poul Nyrup Rasmussen frå Socialdemokratiet gjekk saman med Radikale Venstre, Centrum-Demokraterne og Kristeligt Folkeparti i det som blei omtalt som «rødkløverregeringen» i 1993*. At nyvinninga fekk det tilnamnet hadde meir med at Nyrup avløyste konservative Poul Schlüter, som nokre år føre** hadde styrt ei såkalla «firkløverregering», enn med… Les mer »

Ministerlista: Det Radikale Venstre

Av | 8. juni 2026

Førre gongen Martin Lidegaard lovde Mette Frederiksen og Lars Løkke Rasmussen å gå i regjering med dei – i 2022 – forkasta folketingsgruppa forhandlingsresultatet. Men no heldt han heilt til mål. Eller til startstreken, då. For partileiaren i Det Radikale Venstre er det tvillaust ein personleg triumf, og ei etterlengta stadfesting av klokskapen i strategien… Les mer »

Danmark: Lars Løkke er ideologisk fleksibel, ikkje genial

Av | 30. mai 2026

Det var eit lite steg for Lars Løkke Rasmussen, men eit stort steg for dei historiske langdryge regjeringsforhandlingane at leiaren i Moderaterne endeleg møtte opp til felles forhandlingar med Socialdemokratiet, Socialistisk Folkeparti og Det Radikale Venstre i pinsehelga. Etter at han ein gang for alle avviste å vere fødselshjelpar for ei borgarleg mindretalsregjering med Venstre, Liberal Alliance… Les mer »

Etter folketingsvalet: Borgernes Parti

Av | 7. april 2026

I lys av alt som har skjedd dei siste par vekene er det lett å gløyme att Lars Boje Mathiesens seinaste prosjekt faktisk er ein suksess. Ja, den låge sperregrensa på 2% gjer det litt lettare å lukkast. Ja, partia som startar med representasjon frå ein utbrytar i det sitjande Folketinget (Uffe Elbæk, Alternativet, Lars… Les mer »

Etter folketingsvalet: Alternativet

Av | 2. april 2026

Det er ikkje godt å seie om valdagsmålinga i DR eigentleg roa nervane i Alternativet: 4,1% var såpass langt over sperregrensa på to prosent at leiinga i det grøne venstrepartiet anten kunne vere sjokkerte optimistar eller uroa seg for ei verkeleg grov feilmåling. Når alle røystene var telt opp var det siste tettast på sanninga,… Les mer »