Ein siger for monarkiet?

Sist Kongen var i Newcastle, leia han den lokale fotballklubben til to sølvmedaljar i det mange skildrar som den gjevaste ligaen i verda. For nokre få månadar sidan returnerte den same høgheita etter ti års fråvere. I byrjinga gjekk det meste skeis, skal ein tolka resultata som sto att, men etter kvart kunne nokon og ein kvar lukta majestet i korridorane på St. James’ Park i Newcastle. Kong Kevin Keegan var komen tilbake.

For to timar sidan jubla underteikna høgt over heimelagets 2-0-siger i det store lokalderbyet mot Sunderland. På dei seks siste kampane har Newcastle tatt 14 av 18 moglege poeng, og Kevin Keegan har vist seg som eit førebels monaleg godt val som manager i Tyneside-klubben.

Med tre spissar som Mark Viduka, Obafemi Martins og kaptein Michael Owen i klubben, fann han ut at han ville legga om til ein offensiv 4-3-3-formasjon – i skarp kontrast til føregjengar Sam Allardyces djupare forankra 4-4-1-1-oppstilling. Der Big Sam satsa på 1-0-siger, føretrekkjer Kevin Keegan 4-3. Slik var filosofien sist han var i sjefsstolen i klubben, slik er det òg no.

Newcastle-fansen likar Keegan-fotball. For dei (meg medrekna) er Keegan-fotball den fotballen ein ønskjer at eit lag som Newcastle United skal spela. Fotball er underhaldning, ikkje sant?

Kongen har kome tilbake. Har underteikna, sosialdemokrat og relativt republikansk, vorten monarkist?

Avslutningsvis rundar eg av med eit Keegan-sitat til ambisiøs ettertanke:
«They’re the second best team in the world, and there’s no higher praise than that.»

1 comment for “Ein siger for monarkiet?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*