Kvifor mellomvalet er mindre viktig enn du trur

Av | 1. november 2010

Når det er mogleg å overvurdere kor viktig tysdagens amerikanske mellomval er, skuldast det hovudsakleg to ting: For det første treng eit republikansk fleirtal i representanthuset og eit sterkt redusert fleirtal i Senatet ikkje å tyde at Barack Obama er på veg mot eit sikkert nederlag i 2012, sjølv om koservative kommentatorar seier at det er slik. Det hende ikkje med Ronald Reagan i 1984, sjølv om han fekk brutal medfart i 1982, og det skjedde ikkje med Bill Clinton i 1996, sjølv om partiet hans tapte fleirtalet i båe kongresskamra to år tidlegare. Den økonomiske situasjonen vil ha like mykje, om ikkje meir, å seie for korleis Obama klarer seg når han stiller til attval.

Den andre grunnen er imidlertid alvorlegare, fordi den handlar om den djupe politisk-kulturelle krisa Washington D.C er i. Traumet frå 2006 og 2008 pressa republikanarane opp i eit hjørne, og dei bestemte seg tidleg for å skyte seg ut derfrå, istadenfor å audmjukt be veljarane om høve til å byggje opp att tilliten til sitt eige politiske prosjekt. Så lenge ein aldri freista å få folket til å ha tillit til republikanske løysingsframlegg (i den grad dei fanst i det heile), var det mykje enklare – og artigare – å utnytte den uunngåelege misnøya som ville kome til syne i veljarmassen så snart kveitebrødsdagane til Obama var overstått. Og den beste måten å oppeldne denne misnøya på, var å nytte alle middel for å stogge presidentens agenda, utan å skjelne til om framlegga hans faktisk kunne gjere noko med dei sakene republikanarane sjølve sa låg dei på hjarta. Det er mest så eg tek meg i å beundre den republikanske leiarskapen for kor raskt dei skrudde av hykleri-detektoren og innførte nær total partidisplin:

  • Då Obama la fram ei økonomisk stimuleringspakke for å dra økonomien ut av resesjonen, røysta alle bortsett frå tre republikanske senatorar imot. (Den eine, Pennsylvanias Arlen Specter, melde overgang til demokratane etter kort tid.)
  • Den endelege helsereforma, som var eitt av dei mest konkrete tiltaka for å få det veksande langsiktige budsjettunderskotet under kontroll, og som dessutan oppfylde eit mål republikanarane alt hadde sagt seg prinsipielt samde i – ålmenn helseforsikring – vart vedteke utan republikanske røyster.
  • Den grobotnen som helsereformdebatten hadde skapt for alvorstung retorikk om at Obama-administrasjonens vilje til å styre marknaden var “uamerikansk”, fekk si naturlege forløysing i at eit samla republikansk parti tok side for sine eigne finansieringskjelder på Wall Street, og mot reform, då finansreguleringsreforma vart vedteke.
  • Då Obama ønskte å følgje opp ein republikansk idê om å setje ned ein kommisjon for å føreslå tiltak for å få kontroll med budsjettunderskotet, røysta tilmed republianarar som tidlegare hadde levert forslag om det same, imot framlegget. Alt for at Obama ikkje skulle få framstå som ein kunne samle demokratar og republikanarar om felles mål; alt for at republikanarane ikkje skulle tvingast til å ta medansvar for noko potensielt upopulært. Obama vart nøydd for å nedsetje kommisjonen på eige initiativ. Den ser for øvrig elles ut til å skreddarsy eit opplegg som passer republikanarane mykje betre enn demokratane, med større fokus på utgiftskutt enn på å auke inntektssida (t.d. gjennom å auka skattane).

Og no har eg berre nemnd saker kor Obama faktisk fekk gjennom noko likevel, trass i republikansk motstand. Det er tallause andre døme på saker som har vorte vedteke i Representanthuset, der demokratane har hatt eit komfortabelt fleirtal, har stogga i Senatet, fordi republikanske nyttar alle høve til å trenere. Visst har demokratane somme tider hatt problem med å halde sine eigne folk på line, men hovudproblemet med dagens politiske kultur i Washington er det punktet kor republikanarane si bastante motvilje mot alt som liknar på samarbeid stongar inn i senatsreglar skrivne for ei tid med langt betre samarbeidsklima. Med sine førtiein senatorar har republikanarane vore istand til å blokkere eitkvart demokratisk initiativ, så lenge partiet har vore samla imot det. Filibuster-regelen, som krev seksti røyster for å ta ei sak opp til avrøysting, var meint å skulle nyttast ved spesielle høve, men i hendene på dagens republikanske mindretalsleiing, er den istaden vorte ein reiskap for meir eller mindre total stillstand. Joda, demokratane var også ivrige etter å nytta filibusteren mot republikanarane etter at dei vann attende kongressen i 2006, men ikkje på langt nær i like stor grad som republikanarane i dag. Meir enn to hundre forslag som er vedteke i Representanthuset er seinare vorte stogga av trugsmålet om republikansk filibuster i Senatet. Og igjen; det er ikkje nødvendigvis fordi demokratane alltid vedtek ting som republikanarane er loddrett usamde i. (Den breie politiske samansetjinga av dagens demokratiske senatsgruppe – frå den særs konservative Ben Nelson frå Nebraska, til Californias Barbara Boxer – gjer at demokratane er langt opnare for republikanske idear enn den førre republikanske leiarskapen nokonsinne var.) Det er fordi republikanarane ikkje ser på det som ei prioritert oppgåve å bidra til politiske løysingar. Mindretalsleiar Mitch McConnell, senator frå Kentucky, har tilmed innrømma at hovudprioriteringa er å syte for at Obama ikkje vinn attval. Eller, som framståande republikanarar i Representanhuset har formulert det: Ingen kompromisser.

Dette, at kongressens verkemåte alt  no, med demokratane i fleirtal i båe kammer, gjer det vanskeleg å få vedteke noko som helst, er både eit argument for kvifor mellomvalet faktisk er viktig, og for kvifor det har vorte overdrive kor viktig det er. Den republikanske obstruksjonstaktikken burde ha gjort det tydeleg for einkvar at ein ikkje kan lata eit parti som lêt så gjennomskodelege partitaktiske omsynet gå føre nasjonens beste. Men den provar samstundes at lite kjem til å endre seg, sjølv om demokratane skulle vere istand til å utrette eit mindre politisk mirakel, og klamre seg til fleirtalet både i Representanthuset og i Senatet. Med mindre det skjer ei plutseleg oppmjuking i isfronten mellom partia, er det i praksis valet mellom demokratisk-kontrollert stillstand og regulær borgarkrig.

Når dette er dei mest sannsynlege scenaria, vert opningsdagen av den neste sesjonen truleg den aller viktigaste. Senatets fleirtalsleiar tek klubba og vedtek spelereglane for det komande året, og det skal veljast ny speaker – ein slags president – i Representanthuset. Desse vala er viktige, fordi det partiet som har fleirtal her, ôg får makta over komiteane, kor den eigentleg politikkutviklinga går føre seg. Dersom republikanarane tek over fleirtalet ein eller båe stader, kan vi vente oss endelause høyringar og parlamentariske sabotasjeaksjonar innretta på å legge siste rest av Obama-administrasjonens gjennomføringsevne i jorda. Kandidatar som er avhengige av tea party-rørsla sine røyster har allereie byrja tale høgt om å tvinge fram ei budsjettkrise for å syne at ein meiner alvor med å gjennomføre budsjettkutt, og den liberale kommentatoren Jonathan Chait har spådd at republikanarane sitt forhold til Obama no er så bittert at dei uansett kjem til å freiste å stille han for riksrett ($), truleg etter at han eventuelt har vunne attval. Det er brei semje om at republikanarane sin framprovoserte budsjettkonfrontasjon i 1995 hjelpte Bill Clinton til attval, men uansett korleis polariseringa slår ut partitaktisk, seier desse signala mykje om kor mykje (eller lite) vi har i vente dersom republikanarane tek over.

Og kommentatorkorpset er nær samrøystes om at partiet i alle høve kjem til å overta fleirtalet i Huset. Dei fleste spådommar peikar i retninga av at dei kan vinne mellom 50 og 65 sete som idag er halde av demokratar, langt fleire enn dei 39 seta som utgjer dagens demokratiske fleirtalsmargin. Vegen til senatsfleirtal er rett nok meir kronglete – dei treng å vinne ti sete som idag er haldne av demokratar – men heller ikkje det er umogleg, dersom eit bølgjeval er på veg. Poenget står uansett att: Når det er grunn til å åtvare mot å overdrive tydinga av ein republikansk valsiger, er det ikkje fordi dette ikkje er høgst lite ønskjeleg. Det er fordi republikanarane har altfor stor innverknad allereie idag – med demokratisk fleirtal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*