Er Wisconsin budsjettfightens generalprøve?

Den siste dryge veka har det gått føre seg store demonstrasjonar i Wisconsin imot eit framlegg som i praksis vil fjerne offentleg tilsette sin rett til kollektive forhandlingar gjennom fagforeiningar, og dessuten påleggje dei kutt i framforhandla avtalar. Den nyvalde guvernøren i denne tradisjonelt demokratisk-orienterte svingstaten, Scott Walker (R), hevdar at han vil gjere alt han kan for å få orden på budsjettunderskotet i delstaten. Det kan han framleis ha rett i, sjølv om det verkar bakvendt på meg å starte ein guvernørperiode som altså i teorien skal handle om budsjettdisiplin, med å setje i verk store skatteletter som stryp inntektene. Når han i tillegg gjer avskaffinga av kollektiv forhandlingsrett – eit tiltak som ikkje har noko med underskotet å gjøre – til eit ufråvikeleg krav, vert det heile sjåande ut som eit ideologisk åtak på sjølve tanken om fagorganisering, frikopla frå det aktuelle underskotet.

At vi er vitne til ein ideologisk offensiv frå republikanarane blir endå tydelegare viss vi ser til andre delstatar i regionen. Ohio og Indiana vurderer liknande innskrenkingar i den kollektive forhandlingsretten, og som alltid når det kjem til fagforeiningsknusing, er tea party-yndling og New Jersey-guvernør Chris Christie (R) ikkje langt unna. I Indiana, kor guvernør (og potensiell presidentkandidat) Mitch Daniels no ser ut til å bakke litt unna framlegget, for ikkje at ikkje heile den politiske dagsordenen hans skal stoppe opp, går dei tilmed lenger enn i Wisconsin. Der er det ikkje nok at offentleg tilsette ikkje har forhandlingsrett; det politiske nivået vil i tillegg leggje seg opp i korleis det private arbeidslivet er organisert. Vel er det ikkje noko nytt at det stundom er ein viss avstand mellom liv og lære når republikanske politikarar snakkar om small government og å la aktørane på marknaden styre seg sjølve, men det er uansett eit grelt døme.

Dette skal sjølvsagt ikkje forståast som at eg aksepterer at det er eit moralsk skilje mellom fagforeiningar i offentleg og i privat sektor (det gjer ikkje Washington Post-bloggar Ezra Klein heller), men Scott Walkers uvilje mot å komme demonstrerande fagforeiningsfolk i møte gjer det berre tydelegare at dei ikkje handlar om økonomi, men om å svekkje fagrørsla som sådan. Fagforeiningane har heile tida sagt seg villige til å nyforhandle pensjonsordningane sine for å yte si skjerv til å få orden i økonomien. Problemet for Walker er berre at forhandlingar vil avsløre at spørsmålet om kollektiv forhandlingsrett korkje kan eller bør koplast saman med budsjettdisiplin. Dei har lite med kvarandre å gjere.

Protestane i Wisconsin er interessante på minst to måtar. Den eine og mest umiddelbare er kven av partane, med Scott Walker og republikanarane på den eine sida og fagrørsla og demokratane på den andre, som vinn definisjonsmakta over kva det er som eigentleg står på spel. Det er også viktig på grunn av aksjonsforma demokratane har vald for å trenere framlegget. Dei demokratiske delstatssenatorane har rett og slett flykta frå Wisconsin slik senatet ikkje er vedtaksføre. Det er eit grep som kan minne om slik filibusteren fungerer i det føderale Senatet, kor mindretalet kan trenere framlegg ved simpelthen å opponere mot at dei blir tekne opp til avrøysting. Eg er motstandar av filibusteren, og eg meiner at folket i Wisconsin har rett til å få den politikken dei har røysta på. Eg konstaterer berre at mange veljargrupper som i utganspunktet var positivt innstilt til guvernør Walker – som fagforeiningane for fengselstilsette, brann- og politfolk, som faktisk støtta han i valet, og som er unnateke frå innskrenkinga i forhandlingsrett – no meiner at det ikkje var denne politikken dei røysta på. Då er det legitimt å nytte dei verkemidla ein har til rådvelde. Og Jonathan Cohn poengterer at mange av filibustersamanlikningane byggjer på eit karikert syn på kva filibuster-reformtilhengjarane ønskjer seg. Det er svært få av dei som ikkje meiner at mindretalet skal ha ei eller anna form for treneringsmekanisme i viktige saker. Det motset seg simpelthen den automatiserte måten den blir brukt på i dag. I ein slik optikk skulle den parlamentariske reaksjonen mot Walkers framlegg bli forståeleg, ettersom få ville hevda at ikkje denne saka har stor tyding.

For dei av oss som er opptekne av faglege rettar, er det imidletide oppmuntrande å sjå på meiningsmålingar som er gjennomførte i kjølvatnet av demonstrasjonane i Wisconsin. Dei syner brei motstand mot å gjennomføre liknande framlegg andre stader i landet. Det tyder mykje. Men på stutt sikt er det kanskje vel så viktig å vinne definisjonskampen om kva verkemiddel som er akseptable. Demonstrasjonane i Wisconsin har mellom anna medført at skular og andre offentlege institusjonar har vore underbemanna nokre stader. Når konsekvensane for tredjepart er så store, blir det endå viktigare at skulda blir plassert der den høyrer heime; hjå ein guvernør som ikkje vil lytte til råd om å inngå kompromiss. I ein slik forstand – kor debatten blir redusert til eit kappløp mot stupet – kan Wisconsin på mange måtar arte seg som ein slags generalprøve på den føreståande nervekrigen mellom Obama-administrasjonen og republikanarane om ei ny mellombels budsjettlov, og deretter om å heve taket på gjeldsraten.

Men dette tek oss til årsak nummer to til at denne debatten er så interessant. Som nemnte Ezra Klein peika på i går, inneber den mobiliseringa som skjer på båe sider, og fleire stader i landet, til at amerikanarane endeleg har ein grunnleggjande diskusjon om kva som er oppgåvene til ei fagforeining. Det kan kanskje auke forståinga for at jobbtryggleik, minsteløn, pensjonsrettar, sjukepengar etc. ikkje er rettar som har kome dalande ned som milde gåver frå overklassen, men at det snarare var noko som måtte kjempast fram – kollektivt. Viss det i tillegg kan avlive førestillinga om at det er noko spesielt umoralsk over fagorganisering i offentleg kontra privat sektor, kan ein endeleg komme nokon veg. Dessutan; sjølv om nokre framforhandla resultat kanskje må reforhandlast no, er det von om at ein alvorleg samtale om fagforeiningane sitt ansvar vil gje folk forståing for at det å byte høgare løn mot bedre pensjons- eller forsikringsavtalar heller ikkje er umoralsk, det er ei avveging av interesser som er heilt legitim.

I tillegg til dette har debatten ei interessant mobiliseringsside. Republikanarane verkar overtydde om at dei har folket bak seg i sin fagforeiningsskepsis, noko som ikkje minst er synleg i måten nasjonale politikar eggjar til strid på lag med Scott Walker. Men no har endeleg demokratane vakna og skjøna at dette kan vere eit like viktig mobiliseringsverkty for dei. Det trekkjer opp klåre liner mellom partia, og folk som Illinois-senator Dick Durbin og New York-senator Chuck Schumer gjer sitt beste for å føre diskusjonen i rammer som er relevante for middelklassen. Det skadar heller ikkje den demokratiske argumentasjonen at dei pengesterke libertarianar-brørne Charles og David Koch har kasta mykje pengar inn i Walkers valkamp, via interessegruppa si, Americans for Prosperity. (Symbolverdien av dette blei understreka då ein mann som utgav seg for å vere David Koch fekk lurt seg til ein tjue minutt lang telefonsamtale med guvernør Walker.)

Av denne og andre grunnar, er saka om forhandlingsrett i Wisconsin det næraste klassespørsmål- og retorikk har kome å dominere amerikansk politikk på lenge, anna enn som ein retorisk stråmann for tea party-akvistar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*